Flygande teppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Det flygande teppet» av russaren Viktor Vasnetsov. Måleri frå 1880.

Eit flygande teppe, også kalla magisk og svevande teppe på norsk, er eit magisk transportmiddel kjend frå eventyr og annan fantastisk litteratur. Det er eit teppe, som regel eit orientalsk teppe, som kan flyge.

Flygande teppe er særleg knytt til arabisk og persisk kultur. Dei vart kjende i Vesten gjennom Tusen og ei natt.[1] Etterkvart blei dei ein del av ikonografien til orientalsk-inspirerte verk.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «flygende teppe» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Thief of Baghdad, The». The Oxford Companion to Fairy Tales. Oxford University Press. 2015. Henta 11. mai 2019. 
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.