Hopp til innhald

Flyktningleir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyktningleir for rwandarar i den austlege delen av Kongo, som følgje av folkemordet i Rwanda.

Flyktningleir eller flyktninglæger er ei mellombels busetjing for flyktningar. Slike leirar blir gjerna laga av styresmakter, SN sin høgkommissær for flyktningar, andre internasjonale organisasjonar som Raudekrossen) eller ulike ikkje-statlege organisasjonar. Flyktningleirar er som regel rekna som ei mellombels løysing på eit akutt problem, men dei kan bli verande i mange år. Det kan bu hundretusenvis av menneske i nokre av dei største leirane.

Ved Dadaab i Kenya ligg verdens største flyktningleir (300 000 flyktninger per desember 2009).[1] Dei fleste innbyggjarane her kom hit på grunn av borgarkrigen i Somalia.

  1. VG, 6. desember 2009, s. 24