Folda i Namdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°39′49.925″N 10°41′3.1344″E Folda eller Folla er namnet på eit havområde og ein fjord i Trøndelag. Fjorddelen vert stundom kalla Foldafjorden eller Foldfjorden. Havområdet har ei lengd på om lag 50 km frå Buholmråsa fyr til innløpet til Foldafjorden. Folda passerer kommunane Flatanger, Namsos og Fosnes og endar ved Nærøy. Den indre delen av Folda, til botn av Innerfolda, er 75 km lang.

Strekninga er kjend for å vere vêrhard og har vorte kalla «havet sin kyrkjegard» på grunn av dei mange skipsforlisa langs strekninga.