Follestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er 3 stadar i Noreg som heiter Follestad. Ein gard i Røyken i Buskerud, ein i Ørsta i Møre og Romsdal og ein i Skien i Telemark.

Follestad i Ørsta er ein matrikkelgard, gardsnummer 30, i Ørsta kommune. Han ligg i Follestaddalen, på austsida av Storelva. Garden grensar i sør mot Moane, og i nord mot Myklebust. Garden vart utskift fyrste gongen i 1811-13, eitt av bruka flytta då ut or klyngjetunet. Klyngjetunet vart oppløyst i 1833, i og med den andre og siste utskiftinga av innmarka.

Garden hadde fire bruk frå 1600-talet og fram til etter 1900. Frå 1902 og utover vart dei fire bruka til sju bruk. Gardsbruka hadde seterstøylar i Romedalen fram til om lag 1950.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 24 personar (4 heimar)
  • 1865: 39 personar (6 heimar)
  • 1900: 42 personar (7 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900