Romedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°14′26″N 6°17′25″E

Romedalen med Romedalstinden og Kolåstinden

Romedalen[1] er ein fjelldal i Ørsta kommune på Sunnmøre. Han går om lag åtte km mot nord frå garden Årsæter i Follestaddalen. Han stig frå 120 moh. til lågaste overgangen på 480 moh. Dalbotnen er flat. På båe sider er det høge alpine fjell, slik som Kolåstinden og Romedalstinden på austsida. På vestsida finn mellom andre toppane Kjerringa, Sveddalstinden og Høgehornet.

Det er fleire overgangar til andre fjelldalar. Romedalsskaret mot aust, 1000 moh. fører til Lisjekoppen i Ytre-Standal dalen. Steinstøylskaret mot aust, til Molladalen. Barstadskaret mot nord, 680 moh. til Barstaddalen. Skjerva mot nordvest, 480 moh. til Nordre Vartdal. Ørstaskaret mot vest, 800 moh. til Langedalen.

Romedalen er ein gamal seterdal . Her ligg setrane: Årsætersetra, Kubbestøylen, Moastøylen, Romedalsstøylen og Steinstøylen. Det vert ikkje dreve seterdrift lenger. Sela tener no som fritidshus. Dei vert i stor grad haldne ved like i gamal stil

Dalen vert beita av sauer og storfe, og kulturlandskapet vert på den måten i stor grad halde i hevd.

Nord om Steinstøylen ligg Vassbakkvatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Romedalen, Ørsta (Møre og Romsdal)». Yr/Kartverket. Henta 14. mai 2017. 
  • Statnett:420 kV ledning Ørskog - Fardal. Konsekvensutredning Februar 2007