Hopp til innhald

Folói

(Omdirigert frå Foloi)
Folói
Lokalt namn Φολόη
Geografi
Folói is located in Hellas
Folói (Hellas)
StadPeloponnes
Koordinatar37°47′N 21°43′E / 37.783°N 21.717°E / 37.783; 21.717
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Vest-Hellas
Ilía
Antikke Olymbía
HovudseteLálas (459 innb.)
Demografi
Folketal2 293 (2021[1])

Folói (gresk Φολόη), òg kalla Foloe og Pholoe, er ein landsby og ein tidlegare kommune i Hellas. Han ligg aust i periferieininga Ilía i periferien Vest-Hellas. Frå 2011 inngår Folói som ei kommunaleining i kommunen Antikke Olymbía.[2]

Folói ligg om lag 40 km aust for Pýrgos, om lag 70 km sør for Pátra, 40 km sørvest for Lámbia, 50 km søraust for Amaliáda og 140 km vest for Trípoli.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Folói 2 293 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 156 innbyggjarar.[1]

Folói er kalla opp etter eit fjell med same namn.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]