Periferiar i Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Periferiane i Hellas (gresk: περιφέρεια, periféria) utgjer ei administrativ inndeling i Hellas. Det er 13 periferiar (ni på fastlandet og fire øygrupper). Periferiane er delte inn i 74 periferieiningar som frå 2010 erstattar dei 54 prefektura.[1] Tradisjonelt, og fram til 1987 òg offisielt, var det ti regionar i Hellas, som framleis ofte vert nytta uoffisielt.

Kart som viser Hellas sine periferiar
  1. Aust-Makedonía og Thráki
  2. Sentral-Makedonía
  3. Vest-Makedonía
  4. Ípiros
  5. Thessalía
  6. Dei joniske øyane
  7. Vest-Hellas
  8. Sentral-Hellas
  9. Attikí
  10. Peloponnes
  11. Dei nordlege egeiske øyane
  12. Dei sørlege egeiske øyane
  13. Kreta

I tillegg finst det ein autonom region kalla Áthos (14), som grensar til Sentral-Makedonía. Dette er ein munkestat under gresk suverenitet. Han ligg på den austlegaste av dei tre store «fingrane» som stikk ut i Egearhavet frå halvøya Khalkidikí.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]