Ilía
| Periferieininga Ilía Περιφερειακή ενότητα Ηλείας | |
|---|---|
| |
| Periferi | Vest-Hellas |
| Hovudstad | Pýrgos |
| Folketal | 149 896 (2021[1]) |
| Areal | 2 618 km² Rangering 22. |
| Folketettleik | 57/km² |
| Kommunar | 7 |
| Postnummer | 27x xx |
| Retningsnummer | 262x0 |
| Bilnummer | HA |
| Heimeside | www.nailias.gr |
Periferieininga Ilía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ηλείας, Periferiakí enótita Ilías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas.[2] Hovudstaden i periferieiningα er Pýrgos. Periferieininga ligg vest på Peloponnes.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var Ilía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kysten av Ilía har 120 km med sandstrender. Den lengste elva i periferieininga er Alfiós. Andre elvar er Erýmanthos og Néda, som dannar grensa mellom Ilía og Messinía.
I sør ligg fjellkjedene Móvri (Μόβρη), Dívri (Δίβρί), Mínthi (Μίνθη) og fleire.
Ilía grensar til Messinía i sør, Arkadía i søraust og Akhaía i nordaust. Det joniske havet ligg i nord og vest. Øya Zákynthos ligg eit stykke vest for Ilía.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 776 fvt. vart dei første olympiske leikane halde i Olympia i Ilía. Desse leikane varte inn i Romarriket og Austromarriket. På 200- og 300-talet herja gotarar, slavarar og vandalar i området. På 1000- til 1200-talet bygde frankarane festningsverk i området for å hindre åtak frå nord. I 1204 vart fyrstedømet Akhia oppretta og Ilía vart ein del av dette dei neste 256 åra. I 1460 vart fyrstedømet og Ilía erobra av Det osmanske riket. Tida under osmanarane varte fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821, med korte avbrot då Venezia erobra område på Peloponnes.
Ilía vart først ein del av det større prefekturet Akhaía-Ilía. Dei vart skild frå kvarandre og kom saman igjen, med sidan 1934 har dei vore fråskild.
I august 2007 vart Ilía råka av enorme skogbrannar, som førte til fleire titals dødsfall og enorme miljømessige og økonomiske øydeleggingar. Totalt omkom 45 menneske i prefekturet, men over 100 000 vart råka på ein eller annan måte. 3 500 vart heimelause, 25 000 dyr døydde og 8 500 hektar med skog brann ned, i tillegg til 2 300 hektar med jordbruksland.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
| Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Pýrgos | Pýrgos | 24 359 | 25 151 |
| Amaliáda | Ílida | 16 763 | 16 841 |
| Gastoúni | Piniós | 7 485 | 7 683 |
| Néa Manoláda | Andravída-Kyllíni | 2 006 | 3 696 |
| Andravída | Andravída-Kyllíni | 3 981 | 3 110 |
| Vartholomió | Piniós | 3 603 | 3 979 |
| Zakháro | Zakháro | 3 145 | 2 871 |
| Lekhená | Andravída-Kyllíni | 2 641 | 2 720 |
| Traganó | Piniós | 2 509 | 2 947 |
| Várda | Andravída-Kyllíni | 2 291 | 2 762 |
| Kréstena | Andrítsena-Kréstena | 1 864 | 1 642 |
| Makrísia | Andrítsena-Kréstena | 1 718 | 1 564 |
| Epitálio | Pýrgos | 1 469 | 1 239 |
| Kavásilas | Piniós | 1 252 | 1 231 |
| Savália | Ílida | 1 206 | 1 101 |
| Myrsíni | Andravída-Kyllíni | 1 135 | 1 265 |
| Manolás | Andravída-Kyllíni | 844 | 1 202 |
| Varvásena | Pýrgos | 1 107 | 980 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- 1 2 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Denne artikkelen bygger på «Ilia Prefecture» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2007.
