Fonna Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fonna forlag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fonna Forlag er eit norsk forlag, grunnlagt som Nynorsk Vekeblad i 1934, organisert som lutlaget Fonna Forlag i 1940.

Forutan Nynorsk Vekeblad har forlaget gjeve ut teikneseriane Ingeniør Knut Berg på eventyr og Vangsgutane. Forlaget har òg gjeve ut bøker av m.a. Johan Austbø, Engvald Bakkan, Lars Eskeland, Severin Eskeland, Leif Halse, Mary Hegge, Anders Hovden, Arna Audhild Våge og Ivar Aasen.

Den største satsninga forlaget har stått for, er utgjevinga av tibandsleksikonet Norsk Allkunnebok (1948 - 1966).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]