Foreningen Norden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Foreningen Norden eller Foreningen NORDEN er ein nordisk samarbeidsorganisjon skipa i 1919.[1] Han arbeider for auka samarbeid i Norden, m.a. ved å setje fokus på dei nordiske språka, kultur, historie og samfunnsliv i dei nordiske landa.

Foreininga vart oppretta etter 1. verdskrig i alle nordiske land. Den har to gongar vore foreslått til Nobels fredspris (i 1933 og 1934),[1] men utan å motta han.

Dei einskilde nasjonale foreiningane samarbeider i Foreningerne Nordens Forbund (FNF). FNF har eit samla medlemstal på cirka 72 000 (i 2000). Sverige er den største foreininga med ca. 29 000 medlemmer, Åland den minste med 328. Foreningen Norden finst i Danmark (inklusive Sydslesvig), Sverige, Noreg, Finland, Island, Åland, Grønland og Færøyane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Formål og Historie – Foreningen Norden (på dansk), henta 30. april 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]