Forsvarsdepartementet i Russland
| Forsvarsdepartementet i Russland | |||
| | |||
| | |||
| Offisielt namn | Министерство обороны Российской Федерации | ||
|---|---|---|---|
| Type | Forsvarsdepartement, Juridisk person | ||
| Virkefelt | Russland | ||
| Skipa | 20. september 1802 (Julian), 16. mars 1992 | ||
| Hovudkontor | Moskva | ||
| Budsjett | 46 000 000 000 US-dollar[1] | ||
| Jurisdiksjon | Russland | ||
| Nettside | https://mil.ru/, http://eng.mil.ru, http://fr.mil.ru, http://es.mil.ru, http://ar.mil.ru | ||
Forsvarsdepartementet i Den russiske føderasjonen[a] er eit føderalt organ som gjennomfører militærpolitiske vedtak i Russland.
Organet var oppretta 16. mars 1992 på basis av Forsvarsdepartementet i Sovjetunionen.[2] Departementet har ingen juridiske plikter i høve det tidlegare sovjetiske forsvarsdepartementet.[3]
10 540 personar arbeider i dette departementet i høve ein presidentordre frå 2016.[4]
Departementet fekk ny struktur i 2004 etter eit dekret frå president Vladimir Putin, og gjennomfører stadig justeringar i organisasjonen. Hovudkontoret ligger i Znamenka-gata 19 i Moskva. Forsvarsministeren heiter i 2017 Sergej Sjojgu. Han har vore forsvarsminister sidan 6. november 2012.
Samansetjing i 2017
[endre | endre wikiteksten]Øvsteleiing i 2017 inkluderte:[5]
- Generalstabssjef – Armégeneral Valery Gerasimov (sidan 9. november 2012)
- Nestkommanderande generalstabssjef – Ruslan Tsalikov (sidan 24. desember 2015)
- Statssektretær – Armégeneral (pensjonert) Nikolay Pankov (sidan 13. september 2005)
Hovudkommandoar
[endre | endre wikiteksten]
Kommandoar
[endre | endre wikiteksten]Einingar underlagde Forsvarsminsteriet i august 2012 inkluderte:[5]
- Presse- og Informasjonsdirektorat
- Kroppsøvingsdirektorat
- Finansdirektorat
- Militært helsedirektorat
- Militært innkjøpsdirektorat
- Militært eigedomsdirektorat
- Militært ekspertsenter
- Militært administrasjonsdirektorat
- Direktorat for store militære investeringar
- Departement for statleg konsum og kapitalforvaltning
- Departement for statleg arkitektur og konstruksjon
- Departement for sanatoriar og rekreasjon
- Direktorat for bustader
- Hovuddirektoratet for missil og artilleri (GRAU)
- Departement for djuphavsforskning
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://tass.ru/armiya-i-opk/4835805.
- ↑ //giod.consultant.ru/documents/1233467 Указ Президента Российской Федерации от 16.03.1992 № 252 «О Министерстве обороны Российской Федерации и Вооружённых Силах Российской Федерации».]
- ↑ Указ Президента Российской Федерации «О создании вооружённых сил Российской Федерации» от 7 мая 1992 г., arkivert frå originalen 12. mai 2016, henta 21. april 2017
- ↑ Сайт регнум.ру «Путин установил предельную численность штата министерств и ведомств.»
- 1 2 RF MOD website www.mil.ru, henta 17. april 2017.