Forvitringsjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forvitringsjord er lausmasse danna ved forvitring av den faste berggrunnen på staden, utan at han har vore transportert av rennande vatn, isbre, vind eller ved ras. Der berggrunnen er motstandsdyktig mot nedbryting, blir det danna berre ørsmå mengder forvitringsjord, medan det kan finnast tjukke lag der forvitringa har virkt lenge, og der berggrunnen er lettoppløyseleg, oppsprukken og flisig.

Då forvitringsprosessane er sterkt avhengige av klimaet, kan forvitringsjorda bli ulik i dei ulike klimasonene, og han vil òg forandre seg etter kvart som tida går. Arktiske eller tørre klima vil gje mykje mekanisk forvitring, slik at jorda i stor grad blir eit smulder av den opphavlege berggrunnen. Temperert og fuktig klima gjev relativt meir kjemisk forvitring med jord der det blir mykje leirmineraler og kvarts. Tropisk og fuktig klima vil føre til sterk oppriking av jarn- og aluminiumrike mineral i jorda, som bauxitt og lateritt.

I Noreg vart det aller meste av forvitringsjorda skava vekk frå det opphavlege lege sitt av isbreane under istidene. I dag er difor lausmassane her i landet hovudsakleg morenejord, sediment avleira i vatn, rasjord og organisk jord, danna etter at breane trekte seg tilbake for ti-tolv tusen år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]