Fossar i Ukraina
Utsjånad

Ukraina er det nest største landet i Europa med mange fossar som renn ned frå fjellkjedene i landet. Mykje av landet består derimot av flate sletter og store elvar, som renn langsamt gjennom landskapet. I elva Dnepr var det tidlegare fleire stryk, men desse finst ikkje lenger då det er bygd mange vassreservoar i elva.
Fossar i Karpatane
[endre | endre wikiteksten]
Sjypotfossen er ein kjend foss i Karpatane, ei fjellkjede i vestlege delar av landet, med ein årleg festival kalla opp etter fossen. I Besikdane og Bieszczadyfjella finn ein Kamiankafossen i Lviv oblast.

Krimhalvøya
[endre | endre wikiteksten]I Krimfjella på Krimhalvøya finn ein Utsjan-su-fossen som er eit populært turistmål. Han ligg i sørsida av fjella nær byen Jalta og er den høgaste fossen i landet med ei høgd på 90 meter.
Fossar i Ukraina
[endre | endre wikiteksten]- Bukhtivets
- Dzjur-Dzjur
- Djzurla
- Hurkalo
- Maniava
- Rusilivski
- Skakunok
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waterfalls of Ukraine» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.