Hopp til innhald

Fotball under Sommar-OL 1952

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsk frimerke frå 1952

Fotballturneringa under Sommar-OL 1952 vart avvikla i tida frå 15. juli 2. august. Kampane fann stad på seks ulike stadion, to av dei i høvesvis Helsinki, dei hine i Kotka, Lahti, Tampere og Turku.

25 land deltok: Austerrike, Brasil, Bulgaria, Chile, Danmark, Egypt, Finland, Frankrike, Hellas, India, Italia, Jugoslavia, Luxemburg, Nederland, Nederlandske Antillar, Noreg, Polen, Romania, Sovjetunionen, Storbritannia, Sverige, Ungarn, USA, Tyrkia, Tyskland.

Noregs mannskap møtte Sverige i 1. runde og tapte 1–4.

Ungarn vart olympisk meister etter finalesiger over Jugoslavia. Ungararane vann 2–1 over Romania i kvalifiseringsrunda, deretter slo dei Italia 3–0 i 1. runde og Tyrkia 7–1 i kvartfinalen. I semifinalen vart Sverige slått 6–0, medan finalen enda med 2–0 over Jugoslavia. Sverige tok bronseplassen etter å ha sigra 2–0 over Tyskland.

På olympiastadion i Helsinki fekk 58 853 tilskodarar sjå den komande legenda Ferenc Puskás skåre kampens fyrste mål i det 70. minutt. Eit par minutt før sluttsignalet la Zoltán Czibor på til 2–0.

Ungarn sitt meisterlag bestod av: Gyula Grosics, Jenő Buzánszky, Gyula Lóránt, Mihály Lantos, József Bozsik, József Zakariás, Sándor Kocsis, Nándor Hidegkuti, Péter Palotás, Ferenc Puskás og Zoltán Czibor.