Fottur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fotturisme)
Fottur i Koli nasjonalpark i Finland.

Fottur er ein tur der ein går til fots over ei lengre strekning, gjerne i fleire timar eller dagar. Tidlegare var det ei vanleg reiseform, men no er det først og fremst ein fritidsaktivitet. Slik vandring er forbunde med ei oppleving av omgjevnadene (som oftast natur), ei form for mosjon og ein viktig økonomisk faktor innan sommarturisme. Fleire naturskjønne område har eit velutvikla nett av vandreruter.

Der Wanderer über dem Nebelmeer (ca. 1817) av Caspar David Friedrich.

Ein kan skilja mellom turar med og uten føremål. Turar kan berre ha det å vandra som mål, til dømes for å ha ei oppleving eller koma i form, men det kan òg ha konkret mål som valfart, flukt, leit etter arbeid eller ressursar, handel og militær marsj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wanderer am Grenzstein (1802) av Caspar David Friedrich.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Francesco Petrarca er ofte blitt omtalt som den første historisk dokumenterte vandraren «utan formål», etter at han i 1336 steig opp på Mont Ventoux saman med bror sin og skildra turen i eit brev.[1] Det finst likevel eldre dokumenterte døme på slike turar, til dømes skal erkebiskop Anno II av Köln (ca.  1010–1075) ha gått til toppen av «fjellet han elska oftare enn vanleg» i slutten av livet sitt.[2]

I samband med opplysingstida fekk naturen ei framtredande rolle, og det å gå tur i landlege område blei knytt til det romantiske idealet om landskap og natur.[3] In earlier times walking generally indicated poverty and was also associated with vagrancy.[4]:{{{1}}} I motsetnad til opplysingstida retta ein ikkje lenger augo mot den sosiale og politiske situasjonen, men først og fremst mot landskapet, som ein meinte spegla sjela. Dei søkte einsemda for å finna kosmos i sjølvet. Ei rekkje vandrarar utforska Europa til fots på sistedelen av 1700-talet og skreiv om opplevingane sine. Eit viktig døme er Johann Gottfried Seume, som gjekk frå Leipzig til Sicilia i 1801, og vende tilbake til Leipzig via Paris etter ni månader.[5]

Den engelske presten Thomas West gav i 1778 ut ein vandrarguide til Lake District, mmed fleire «stasjonar» eller utsynspunkt for turistar til å verdsetja dei estetiske kvalitetane til kvart utsyn.[6] Boka hadde stor suksess.[7]

Ein anna kjend tidleg vandrar og forfattar var diktaren William Wordsworth. I 1790 la han ut på ein tur gjennom Frankrike, Sveits og Tyskland som han seinare gjenfortalde i det lange, sjølvbiografiske diktet sitt The Prelude (1850). Det kjende diktet hans Tintern Abbey blei inspirert av ein tur gjennom Wye-dalen i Wales i 1798.

På 1800-talet blei fotturar i naturen ein reaksjon mot industrialisering og urbanisering. Folk frå trongbudde, ureina byar søkte mot landlege område. Dette var eit problem rundt byar som Manchester og Sheffield, der landeigedommar var i privat eige og allmugen var utestengd. Folk organiserte seg for å få «retten til å vandra», right to roam.[8] Etter fleire mislukka forsøk på å få gjennom lover som gav folk tilgang til å vandra i fjell gjennomførte nokre hundre vandrarar ein sivil ulydnadsauksjon i 1932 der dei gjekk opp Kinder Scout i Derbyshire utan at politiet eller viltvaktarar klarte å stoppa dei. Mountain Access Bill blei endeleg innført i 1939, men kritisert av vandrarar som meinte ho ikkje gav dei godt nok vern.[9]

Amerikanske Ralph Waldo Emerson (1803–82) og Henry David Thoreau (1817-62) hadde stor tyding for friluftslivrørsla i Nord-Amerika. Thoreau sine verk om natur og fotturar omfattar mellom anna det posthume verket Walking (1862).[10] I eit tidlegare essay, A Walk to Wachusett (1842), skildrar han ein fire dagars tur han gjekk med ein ven frå Concord i Massachusetts til Mount Wachusett og tilbake.

Skotsk-amerikanske John Muir (1838–1914) var ei tidleg røyst for å ta vare på vill natur i USA. Han kjempa for å få Kongressen i USA til å vedta National Park-loven som etablerte nasjonalparkane Yosemite og Sequoia. Skriftene hans om naturen har inspirert ei rekkje andre til ta vare på store område urørt natur.[11] I 1921 fekk skogvaktaren Benton MacKaye ideen om den første nasjonale turstien i USA, Appalachian trail, som no går frå Sugarloaf Mountain i Maine til Georgia.[12]

Institusjonalisering[endre | endre wikiteksten]

Alpin vegvisar i Italia

Frå midten av 1800-talet fann det stad ei aukande institusjonsdanning gjennom vandrar- og turlag. Desse var pionerar i utviklinga av turstiar, vegvisarar, vandrekart, turisthytter og utsiktstårn. I 1864 oppstod Schwarzwaldverein, det første fjellturlauget, og i 1896 blei det første alpine redningssenteret oppretta i Steiermark i Austerrike etter ei fjellvandrarulukke. Den Norske Turistforening blei stifta i 1868 for å letta turistlivet i Noreg.

I England blei eit av dei første laga som kjempa for tilgang til landsbygda, Sunday Tramps, grunnlagt av Leslie White i 1879. Det første nasjonale laget i England, Federation of Rambling Clubs, blei grunnlagt i London i 1905 og var tettare knytt til overklassen.

Dansk Vandrelaug (DVL) blei stifta i 1930. Ei kjend vandrerute i dansk samanheng Hærvejen.

Former[endre | endre wikiteksten]

Fjernvandring og trekking[endre | endre wikiteksten]

Utsyn frå Mountt Scott Trail i Crater Lake nasjonalpark i Oregon.

Fjernvandring kan vera ei vandring som går over fleire dagar, eller der ein ikkje har tenkt å venda tilbake til utgangspunktet. Trekking er fjernvandring utanfor avmerka ruter.

Ein tur kan inkludera primitiv overnatting i stader som fjøs, høyloft, bivuakkar eller under open himmel. Ofte kan ein ha slike turar på speidarleirar eller andre friluftsturar, ofte over to dagar. Den første dagen går ein til staden der ein skal overnatta, og den andre dagen går ein tilbake. Speedhiking er ei form for hurtiggang med stokkar og lett utstyr i utfordrande lende.

I løpet av 1960- og 1970-åra blei det i aukande grad laga avmerka ruter, blant anna fordi ein innsåg den økonomiske gevinsten ved bruken av lokale ressursar. Såleis oppstod i 1969 ideen om å laga eit langdistansenettverk av turruter gjennom heile Europa.

Parallelt oppstod det ei «Wilderness»-rørsle i Nord-Amerika, der ein laga såkalla trails med utgangspunkt i nasjonale naturreservat. Trekking er blitt eit verdsomspennande fenomen, der «eksotiske» fjell om Himalaya- eller Andesfjella blei grunnlag for ei særskild form for «ekspedisjons»-turisme.

Mange turistorganisasjonar tilbyr fleirdagsturar der bagasjen blir transportert frå hotell til hotell mot ei viss avgift.

Fjelltur[endre | endre wikiteksten]

Fjellturar kan omfatta ulike former for vandring i fjellende. Grensa mellom vandretur, fjelltur og fjellklatring er ikkje er presist definert. Fjellklatring skil seg frå grovt sett frå fjellvandring gjennom bruken av hender. Fjellvandring blir lett til fjellklatring om ein går i sotre høgder. I Alpane finst det bemanna og ubemanna hytter, blant anna drivne av Deutscher & Österreichischer Alpenverein, der ein kan overnatta i sommarhalvåret. Som regel kan ein få nøkkel til ubemanna hytter mot depositum gjennom blant anna Alpenverein. Visse hyttar kan ein òg vitja om vinteren, om ein tek visse forholdsreglar. Fjellvandring er nemleg ikkje utan risiko. Årsaker til alpine dødsulukker er i 64 % av tilfella skliing eller fall, i 21 % utmatting og overbelastning, medan dei resterande 15 % gjekk seg vill, blei ramma av lynet, fekk heite- eller kuldeskader, eller blei ramma av snøras.

Vintertursti

Danningstur[endre | endre wikiteksten]

Turar med danningsføremål kan ha visse tema, som Walserwege i Austerrike eller Kulturweg der Alpen. Vandreguidar i utkleding blir brukt til marknadsføring for å lokka fleire turistar med interesse for vandring. Sentiero della Pace er eit tredje eksempel.

Nattur[endre | endre wikiteksten]

Natturar føregår som oftast i mørke. Desse kan òg ha ein religiøs bakgrunn, som oppstiginga til Sri Pada på Sri Lanka.

Barfottur[endre | endre wikiteksten]

Talrike barfotparkar i Tyskland, Austerrike og Sveits gjer det mogleg å oppleva barfotvandring under ordna forhold.

Geocaching[endre | endre wikiteksten]

Sjå Geocaching.

Nakenvandring[endre | endre wikiteksten]

Naturistar kan søka total fridom og nærleik til naturen gjennom fotturar. For å unngå vanskar går dei ofte mindre folksame ruter. Det finst også offisielle nakenvandrestiar, som Harz Naturistenstieg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicolson, Marjorie Hope; Mountain Gloom and Mountain Glory: The Development of the Aesthetics of the Infinite (1997), s. 49; ISBN 0-295-97577-6
  2. Cassirer, Ernst (January 1943). «Some Remarks on the Question of the Originality of the Renaissance». Journal of the History of Ideas (University of Pennsylvania Press) 4 (1): 49–74. JSTOR 2707236. doi:10.2307/2707236. 
  3. Abrams, MH, red. (2000). The Norton Anthology of English Literature 2 (7th utg.). s. 9–10. ISBN 9780393963380. 
  4. Solnit, Rebecca (2000). Wanderlust: A History of Walking. New York: Penguin Books. ISBN 0670882097. 
  5. Arnd Krüger: "Historie des Wanderns", in: A. Dreyer, A. Menzel & M. Endreß (Hrsg.): Wandertourismus. München: Oldenbourg 2010, s. 15–21.
  6. «Development of tourism in the Lake District National Park». Lake District UK. Arkivert frå originalen October 11, 2008. Henta 27. november 2008. 
  7. «Understanding the National Park — Viewing Stations». Lake District National Park Authority. Arkivert frå originalen 4. januar 2014. Henta 27. november 2008. 
  8. Stephenson, Tom (1989). Forbidden Land: The Struggle for Access to Mountain and Moorland. Manchester University Press. s. 78. Henta 7. februar 2013. 
  9. Stephenson, T.; Holt, A.; Harding, M. (1989). «The 1939 Access to Mountains Act». Forbidden Land: The Struggle for Access to Mountain and Moorland. Manchester University Press. s. 165. ISBN 978-0-7190-2966-0. 
  10. Thoreau, Henry David. «Walking». The Atlantic (June 1862). Henta 24. juli 2017. 
  11. «The Life and Contributions of John Muir». Sierra Club. Arkivert frå originalen 31. mars 2014. Henta 23. oktober 2009. 
  12. «Appalachian Trail Conservancy». Henta 31. mai 2020.