Tur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menn på sykkeltur i Aurland i 1880-åra.
Båttur. Måleri av Emil Åberg.

Tur er ei ferd eller utflukt som kan ha nytteføremål eller gjerast mest for hygge. Turar kan vera korte eller lange, og føregå med eller utan fargreier. Turar ender gjerne opp tilbake ved utgangspunket, men ein kan også skilja mellom ein tur ein veg og returen.

Ordet «tur» er avleidd frå fransk tour, som opphavleg kjem frå gresk tornos (τόρνος), '[ein reiskap som kan laga ein] sirkel'. Turné har same opphav, medan tour blir brukt på liknande vis på fransk og engelsk. Turisme er ei anna avleiing.

Friluftsmannen Sverre M. Fjelstad omtaler nordmenn som eit særskild turgåande folkeferd, og trekk linjene tilbake til dei første veidefolka som vandra langs innlandsisen i samband med den siste istida.[1]

Ulike turtypar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan omtala turar ut frå kva retning ein dreg, som opptur, nedtur og inntur, eller omtala heile turen som ein rundtur. Ein kan gje turar namn etter framkomstmåte: Fottur, gåtur, rusletur, joggetur, løpetur, skitur, biltur, båttur, sykkeltur, flytur osb.

Tura kan også ha namn etter eit oppgjeve nytteføremål, som bærtur, fisketur, sopptur, handletur, luftetur eller treningstur, eller etter kvar turen føregår, som fjelltur, skogtur, strandtur, bretur, bytur, landtur, kvar ein søv, som telttur eller posetur, eller kva tidsrom han finn stad i, som dagstur, helgetur, ferietur eller påsketur. Turar knytte til arbeid og utdanning kan til dømes vera studietur, skuletur eller jobbtur.

Elles kan ulike kvalitetar gje namn til turar, som bomtur, draumetur, svipptur eller langtur; blåtur, ein tur der dei fleste deltakarane ikkje kjenner målet; harrytur, som er ein tur for å driva med grensehandel, heisatur, der føremålet gjerne er å festa; eller pakketur, der reise og overnatting er organisert av ein reiselivsoperatør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fjelstad, Sverre M. (1930-) (1999). På tur!. Oslo: Schibsted. s. 8. ISBN 8251617553.