Framskåp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framskåp skåre av Skjåk-Ola (1744–1803) frå Skjåk. Skåpet har stått på ein gard i Bøverdalen og er no på Norsk Folkemuseum, NF.1936-0384.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
.

Framskåp eller framskap er ein type møbel som vart vanleg på 1700- og 1800-talet i norske bygdemiljø, og vart utforma i fleire ulike stilartar i samsvar med lokale moteretningar. Sams for framskåpa er at dei står fram frå ein vegg i stasstova og har ein underdel og ein overdel skild frå kvarandre med eit ope rom. Overdelen kan vere eit skåp eller eit arrangement med hyller for tallerkenar, kanner og krus. Underdelen kan ofte vere djupare eller breiare enn overdelen. Skåpet kan ha brotne hjørne for å gjeve eit litt avrunda inntrykk.

Framskåpa har vanlegvis vore fint utforma snikkararbeid som har vore dekorert på ymse vis. Somme stadar, som til dømes i Gudbrandsdalen, har treskurd i barokk på kyrkjeinventar inspirert utforminga av skåpa, andre stadar, som i Telemark har rosemåling med rokokkopreg vore tonegjevande, eller som i Valdres, oppdeling av flatene i fyllingar etter renessansens mønster.