Skjåk er ein kommune og fjellbygd i Oppland. Kommunen ligg lengst vest i Ottadalen. Han grensar i nord til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Kommunen ligg mellom fjellpartia Breheimen og Reinheimen. Bismo er eit moderne bygdesenter der dei fleste har arbeid i industri, handel og tenesteyting.
Bygda ligg langs ein av dei viktigaste ferdselsårane frå austlandet, til Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre, saman med dei andre Ottadalskommunane i aust, Vågå og Lom. Landbruksbygda med mange gardar ligg i eit breitt dalføre med høge fjell på begge sider, furumoar og bratte lier. Ottaelva renn gjennom dalen. Viss du kjem frå vest over Strynefjellet eller frå Geiranger vil du køyre forbi Grotliområdet og Billingsdalen med høgfjell og mange vassdrag før du etter kvart kjem til bygdesenteret Bismo. Skjåkbygda ligg i regnskuggen for nedbør, og har den lågaste nedbøren i landet med 278 mm i året. Dette har tvinga bygdefolket til løysingar for kunstig vatning med vatn leidd frå fjellet gjennom innfløkte ordningar.