Framsyning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsyning i Noreg ein gong tidleg på 1900-talet.

Framsyning eller framføring viser til ulike kulturelle hendingar der ein viser fram kunstverk eller underhaldning, til dømes innan utøvande kunst som dans, musikk, teater eller performancekunst, underhaldande sjangrar som sirkus, stand-up eller ferdige verk som filmar. I tillegg til utøvarane eller opptaket vil ei framsyning også ha publikum som kan ta meir eller mindre del under og etter framsyninga, til dømes gjennom klapping, tilrop, song og vifting eller kasting av ting, som blomar. I interaktive framsyningar kan publikum ta ein meir aktiv del i sjølve framsyninga.

Framsyningar finn gjerne stad på ei scene. Ein kan ha framsyningar i heimar, ulike institusjonar eller i det offentlege rommet, då gjerne av gateartistar. Det finst også ei rekkje ulike byningar som er spesiallaga for framsyningar, som amfiteater, teaterbygg, operahus, konserthus, kinosalar og så bortetter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]