France Prešeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
France Prešeren

Statsborgarskap Keisardømet Austerrike, De illyriske provinser, Habsburgmonarkiet
Fødd 3. desember 1800
Vrba
Død

8. februar 1849 (48 år)
Kranj

Yrke lyrikar, advokat, skribent, diktarjurist
Born Ernestina Jelovšek
France Prešeren på Commons

France Prešeren (fødd 3. desember 1800 i Vrba i Slovenia, død 8. februar 1849) var ein slovensk forfattar som er kjend for lyrikken sin.

France Prešeren vert sett på som ein av dei største slovenske poetane nokonsinne, han var kjend og hylla både på landsbasis, og som ein av dei leiande i europeisk litteratur på den tida då han levde. Prešeren vert sett på som ein av dei fremste europeiske romantikarane.

Han vart fødd i den vesle byen Vrba i Slovenia i ein fattig familie. Mor hans ville at han skulle verte prost, noko France ikkje ville. Han studerte filosofi og seinare rettsvitskap på unversitetet i Wien i Austerrike. Etter det vart han tilsett som assistent på eit advokatfirma i Ljubljana. Han lukkast likevel aldri som advokat.

Prešeren forfatta òg eit stort historisk epos, Krst pri Savici, og han skreiv dessutan mellom anna sonettartysk. Den sjuande strofa i Prešeren sitt dikt «Zdravljica» ('Ein skål') har sidan 1991 vore nasjonalsongen i Slovenia.