Franci Petek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Franci Petek
Franci Petek.jpg
Fødd 15. juni 1971
Jesenice
Yrke skihoppar, geograf
Franci Petek på Commons

Franci Petek (fødd 15. juni 1971) er ein slovensk tidlegare skihoppar som representerte Jugoslavia og som er frå Jesenice. Han vart verdsmeister då han vann storbakkerennet under VM 1991 i Val di Fiemme.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Petek oppnådde sin fyrste pallplass og einaste siger i verdscupen i skihopping då han i februar 1990 vann eit hopprenn i Engelberg, saman med Ari-Pekka Nikkola frå Finland. Eit halvt poeng bak dei to kom Peteks landsmann Primož Ulaga og austerrikaren Andreas Rauschmeier. Seinare skulle Petek få to andre- og to tredjeplassar i verdscupen, den siste i Predazzo i januar 1993.

Petek overraska då han i ski-VM 1991 i Val di Fiemme gjekk heilt til topps i storbakkerennet, 1,2 poeng føre ein annan sensasjonsmann, norske Rune Olijnyk. Seinare i meisterskapen vart Petek nummer åtte i normalbakken, same plasseringa fekk han også i storbakken under Vinter-OL 1992 i Albertville.

Han la opp som skihoppar i 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]