Engelberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engelberg
Horisonten til Engelberg
Horisonten til Engelberg
Kommunevåpenet til Engelberg
Kommunevåpenet til Engelberg


Plassering
Engelberg is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Obwalden
Distrikt ingen
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

40,75 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

3 903
  95,8 /km²
Koordinatar 46°49′0″N 8°24′0″EKoordinatar: 46°49′0″N 8°24′0″E
Høgd over havet 1015 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 6390
Nettstad: www.gde-engelberg.ch

Engelberg er ein kommune i kantonen Obwalden i Sveits. Kommunen har 3 903 innbyggjarar (2010) og eit areal på 41 km². Kommunesenteret ligg 1015 meter over havet. 21% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Engelberg ligg i Uri-Alpane og den viktigaste feriestaden i dette området. av det sentrale Sveits. I mellomalderen var Engelberg kjend for utdanningshøva ved Engelberg kloster. Frå 1800-talet av vart Engelberg meir kjend som ferie- og kurstad, og er i dag ein magnet for både sommar- og vinterturisme. Dei næraste større byane er Luzern og Zürich., og er ein kjend vintersportstad.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Engelberg ligg 25 km sør for Vierwaldstättersjøen, i ein flat, brei dal. Kommunesenteret ligg 1 015 moh. Dalen er omkransa av høge fjell, med det 3 238 m høge fjellmassivet Titlis i sør som det høgste. I nord reiser seg ei fjellkjede med fleire opptil 2 800 m høge fjelltoppar. Rett i aust stig fjelltoppen Hahnen bratt mot himmelsjå.

Han er ein eksklave omgjeven av kantonane Bern, Nidwalden og Uri.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Morsmålet til størstedelen av innbyggarane er tysk.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Hoppbakken Gross-Titlis ligg i Engelberg. I 1984 vart det halde verdsmeisterskap i skihopping for lag i bakken. Sidan 1980 har det så godt som årleg vore avvikla renn i verdscupen i skihopping. Norske sigrar har kome ved Per Bergerud i 1981 og 1983, Roar Ljøkelsøy i 2003/04-sesongen, Anders Jacobsen i 2006/07-sesongen og Anders Bardal i 2011/12-sesongen. Engelberg var arena for VM i alpint 1938, og har også vore arena for verdscuprenn i langrenn.

Skirennarane Annemarie Waser og Erika Hess er begge fødde i Engelberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]