Francis Scott Key

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis Scott Key

Francis Scott Key (11. august 177911. januar 1843) var ein advokat og amatør-diktar frå USA. Han er kjend for å ha skrive teksten til den amerikanske nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Key var fødd i Frederick County i Maryland (no Carroll County). Mor hans var Ann Phoebe Penn Dagworthy. Far hans, John Ross Key, var ein advokat og dommar som hadde kjempa i den kontinentale hæren under den amerikanske sjølvstendekrigen. Også farbroren Philip Barton Key var dommar, og representant i den amerikanske kongressen frå 1807 til 1813.

Francis Scott Key studerte juss under onkelen sin og ved St. John's College i Annapolis i Maryland.[1] Han gifta seg med Mary Tayloe Lloyd 1. januar 1802.[2]

1812-krigen[endre | endre wikiteksten]

By Dawn's Early Light. Måleri frå 1912 av Edward Percy Moran som viser Francis Scott Key i det han ser det amerikanske flagget.
Key sitt manuskript til diktet.

Under 1812-krigen, etter at britiske styrkar hadde brend viktige nasjonale bygningar i Washington, var Key gjest ved det britiske skipet HMS «Tonnant» i Chesapeake Bay utanfor Baltimore. Saman med John Stuart Skinner skulle forhandla om frigjevinga av venen William Beanes, som var halden som fange der. Etter av Beanes var blitt frigjeven blei dei tre amerikanarane tvinga til å bli verande fordi dei var blitt kjende med dei britiske troppestyrkane og planane deira om å angripa Baltimore. Dei fekk likevel halda seg i sitt eige skip.

Natta til 14. september 1814 blei Fort McHenry i Baltimore hamn kraftig bombardert. Key og dei andre kunne ikkje gjera anna enn å venta på utfallet. Då grålysinga kom kunne dei sjå det amerikanske flagget over fortet, og visste dermed at verken det eller byen hadde falle. Kort tid etter skreiv Key eit dikt han kalla «The Defence of Fort M'Henry». Diktet blei først trykka opp 17. september og gjeve ut i Baltimore Patriot og The American den 20. september. Det var skrive for å passa til den engelske melodien «To Anacreon in Heaven». Teksten og musikken saman blei seinare kjent som «The Star-Spangled Banner». I 1931 blei denne songen gjort til nasjonalsong for USA av Den amerikanske kongressen.

Key hadde tidlegare skrive ein song til same melodi med fleire av dei same verkemidla. «When the Warrior Returns» (1805), skriven til ære for Stephen Decatur og Charles Stewart då dei kom heim frå Den tripolitanske krigen i Nord-Afrika, inneheld til dømes linja «By the light of the Star Spangled flag of our nation.»[3]

I løpet av livet skreiv Francis Scott Key diverse dikt, ofte med religiøse tema. Dei blei først samla og gjevne ut 14 år etter at han døydde.[1] I 1834 gav han ut prosaverket The Power of Literature, and Its Connection with Religion.[1] Frå 1818 og til han døydde i 1843 var Key tilknytt American Bible Society.[4]

Karriere etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Francis Scott Key var advokat for kongressmannen Sam Houston i 1832, då denne var anklaga for å ha angripe ein annan kongressmann.[5] Frå 1833 til 1841 var Key statsadvokat.[6] Han påtalte mellom anna Richard Lawrence for det mislukka attentatforsøket mot president Andrew Jackson.

Key og gjekk fleire gonger etter slaverimotstandarar. I 1833 sikta han Benjamin Lundy og trykkaren hans William Greer for utgjevinga av Genius of Universal Emancipation for ærekrenking.[7]

I 1836 Key påtalte han Reuben Crandall, ein doktor frå New York og bror av den omstriddePrudence Crandall, for «oppviglersk ærekrenking» etter at ein koffert full av antislaveriskrifter var blitt funne i huset hans i Georgetown. Saken fekk nasjonal merksemd. Key sa i sin tale til juryen

« Are you willing, gentlemen, to abandon your country, to permit it to be taken from you, and occupied by the abolitionist, according to whose taste it is to associate and amalgamate with the negro? Or, gentlemen, on the other hand, are there laws in this community to defend you from the immediate abolitionist, who would open upon you the floodgates of such extensive wickedness and mischief? »

Crandall blei frikjend.[8]

Francis Scott Key var sjølv slaveeigar.[9] Han blei ikkje rekna som ein hard herre. Han emansiperte (frigjorde) 7 av sine eigne slavar, og var tidvis offentleg kritisk mot vondskapen i slaveriet. Ved nokre høve hjelpte han også svarte til å få sakene sine til domstolen.[10]

Key var med på å grunnleggja og driva American Colonization Society, som hadde som hovudmål å senda frie afroamerikanarar «tilbake» til Afrika.[10]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Key-monumentet i Baltimore.

Francis Scott Key døydde i Baltimore, i heimen til dotter si, Elizabeth Howard.[11]

Han blei opphavleg gravlagd i Old Saint Paul's Cemetery i krypten til John Eager Howard. I 1866 blei leivningane hans flytta til familiegrava hans ved Mount Olivet Cemetery i Frederick i Maryland. I 1898 reiste Key Monument Association eit gravminne for Key og kona hans, Mary Tayloe Lloyd.

Key er minna gjennom fleire byggverk, som Francis Scott Key-monument i San Francisco, med ein skulptur av diktaren,[12] og i Baltimore, bruene Francis Scott Key Bridge i Washington, DC og Francis Scott Key Bridge i Baltimore, fleire skular, baseballaget Frederick Keys og ubåten USS «Francis Scott Key» (SSBN-657).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hubbell, Jay B. The South in American Literature: 1607–1900. Durham, North Carolina: Duke University Press, 1954: 300. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  2. Francis Scott Key, Find A Grave, http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=578, henta April 7, 2014 Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. «Song.», potw.org
  4. http://www.americanbible.org/about/history
  5. Sam Houston. Handbook of Texas Online.
  6. Francis Scott Key | Biography, http://www.bookrags.com/biography/francis-scott-key/, henta 9 July 2012  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  7. Morley, Jefferson, Snow-Storm In August: Washington City, Francis Scott Key and the Forgotten Race Riot of 1835 (Nan Talese/Doubleday, New York, 2012), 81
  8. Morley, Jefferson, Snow-Storm In August: Washington City, Francis Scott Key and the Forgotten Race Riot of 1835 (Nan Talese/Doubleday, New York, 2012), 211–220
  9. WYPR News, Francis Scott Key: A Profile (Part 1), WYPR, http://www.wypr.org/news/francis-scott-key-profile-part-1, henta 4 July 2013 Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  10. 10,0 10,1 Morley, Jefferson, 'Land of the Free?' Francis Scott Key, Composer of National Anthem, Was Defender of Slavery, The Huffington Post, http://www.huffingtonpost.com/jefferson-morley/francis-scott-key_b_1645878.html 
  11. Jason, Philip K.; Graves, Mark A. (2001). Encyclopedia of American war literature. Westport, Conn.: Greenwood Press. s. 197. 
  12. artandarchitecture-sf.com

«Francis Scott Key», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica Inc., 2014. Web. 03 May. 2014.