Andrew Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrew Jackson
Andrew jackson head.jpg
President for Sambandsstatane (USA)
Regjeringstid4. mars 18294. mars 1837
Fødd15. mars 1767 i Waxhaw i Nord Carolina
FødestadWaxhaws
Død8. juni 1845 i Nashville i Tennessee
The Hermitage
FøregjengarJohn Quincy Adams
EtterfølgjarMartin Van Buren
Gift medRachel Donelsen Robards Jackson
Born

Andrew Jackson (15. mars 17678. juni 1845) var ein politikar i USA som var president i USA frå 1829 til 1837. Han var den sjuande i presidentrekkja.

Jackson sat som president i to valperiodar, frå 4. mars 1829 til 4. mars 1837. Jackson er i ettertid rekna som ein av dei mest viktige presidentane. Arkansas og Michigan vart tekne opp som delstatar i Jackson si tid som president.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Andrew Jackson vart fødd i Waxhaw i Nord Carolina. Han fekk berre lite utdanning. Under Den amerikanske frigjeringskrigen vart han berre 13 år gamal med i den amerikanske motstandshæren som kurér. Han vart teken til fange av britane i løpet av krigen. Til no er han den einaste presidenten i USA som har vore krigsfange i løpet av livet. Han mista òg heile familien sin i løpet av krigen. Etter desse hendingane fekk Jackson eit hat til britane. Jackson flytta til Tennessee i 1800, og slo seg opp som advokat. Han gjorde òg tenest som offiser i den amerikansk-britiske krigen i åra frå 1812 til 1815. Han vart seinare vald som som representant til begge kammera i kongressen. I 1824 måtte Jackson gje tapt i presidentvalet mot John Quincy Adams, men han vann en solid siger i 1828. Han vart den fyrste presidenten frå Demokratane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Andrew Jackson
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.