Hopp til innhald

Frankenthal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankenthal
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Rheinland-Pfalz
Landkreis Kreisfri by
Høgd 96 m
Areal 43,88 km²
Folketal 49 122 (31. desember 2023)
Postnummer 67227
Retningsnummer 06233
Bilnummer FT
Kart
Frankenthal
49°32′00″N 8°21′00″E / 49.533333333333°N 8.35°E / 49.533333333333; 8.35
Wikimedia Commons: Frankenthal (Pfalz)

Frankenthal er ein by i regionen Pfalz i den tyske delstaten Rheinland-Pfalz. Byen ligg ca 4 km vest for Rhinen, midt mellom byane Worms og Ludwigshafen, ved ein av sideelvane til Rhinen, Isenach. Han har opp under 50 000 innbyggjarar.

Staden heitte opphavleg Franconodal, og vart første gongen omtalt i 772. Namnet viser til ein frankisk busetjing frå slutten av 400-talet. Framvoksteren til byen tok for alvor til på 1100-talet, etter at Erkenbert, ein adelsmann frå Worms, grunnla eit augustinsk stift på staden i 1119. Dette stiftet utvikla seg raskt til eit næringsmessig og kulturelt sentrum i regionen. Frankenthal fekk offisiell status som by i 1577.

Mellom slutten av 1500- og byrjinga av 1600-talet, i forkant av trettiårskrigen, vart Frankenthal utbygd til den sterkaste festninga på vestsida av Rhinen i kurfyrstedømet Pfalz. Men i 1689, under niårskrigen, vart byen sett i brann av franske troppar og nesten fullt øydelagt.

Ein porselensfabrikk som starta opp i 1755 vart avvikla igjen etter 45 års drift, men produkta frå denne er enno etterspurte som verdifulle antikvitetar. Mellom 1770 og 1773 vart dei to byportane Worms-porten (Wormser Tor) og Speyer-porten (Speyerer Tor) bygt, og desse er enno verna.

Frå 1798 til 1815, i kjølvatnet av dei franske revolusjonskrigane, var Frankenthal under fransk styre. Deretter tilfall byen, saman med resten av Pfalz vest for Rhinen, kongedømet Bayern.

Under andre verdskrigen vart rundt 90 % av bykjernen øydelagt i eit bombeåtak 23. september 1943.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Frankenthal