Niårskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niårskrigen

Omleiringa av Namur, juni 1692 av Jean-Baptiste Martin le vieux
Dato September 1688 – september 1697
Stad Europa, Nord-Amerika
Resultat Freden i Ryswick
Ludvig XIV respekterer Vilhelm III av Oranien som konge av England, Skottland og Irland
Endringar i landområde Frankrike får attende Alsace (inkludert Strasbourg) og gjev frå seg Freiburg, Breisach og Philippsburg til Det tysk-romerske riket, får att Pondicherry (etter å ha betalt nederlendarane 16 000 pagodas) og Nova Scotia, Spania får attende Catalonia frå Frankrike, og grensefestningane Mons, Luxembourg og Kortrijk. Hertugdømet Lorraine vart gjeve attende til Leopold Joseph frå Frankrike.
Partar
Storalliansen:
 Dei sameinte Nederlanda
 England
 Det tysk-romerske riket
 Spania
 Piemonte-Savoie
 Sverige (fram til 1691)
 Kongedømet Skottland
 Frankrike
Irske jakobittar
Kommandantar
Flagget til England Flagget til Skottland Kong Vilhelm III/II
Flagget til Den nederlandske republikken Prins Waldeck
Flagget til Det tysk-romerske riket Hertugen av Lorraine
Flagget til Det tysk-romerske riket Kurfyrsten av Bayern
Flagget til Det tysk-romerske riket Markgreven av Baden
Flagget til Det tysk-romerske riket Kurfyrsten av Brandenburg
Flagget til Det tysk-romerske riket Eugene av Savoie
Flagget til Savoie Hertugen av Savoie
Flagget til Spania Markien av Gastañaga
Flagget til Spania Hertugen av Villahermosa
Flagget til Frankrike Duc de Luxembourg
Flagget til Frankrike Marquis de Vauban
Flagget til Frankrike Duc de Boufflers
Flagget til Frankrike Duc de Lorge
Flagget til Frankrike Nicolas Catinat
Flagget til Frankrike Duc de Noailles
Flagget til Frankrike Duc de Duras
Flagget til Frankrike Duc de Villeroi
Flagget til Frankrike Duc de Vendôme
Jakob II av England
Jarlen av Tyrconnell
Niårskrigen

Niårskrigen (1688–1697), også kalla Storalliansekrigen eller Den pfalziske arvefølgjekrigen, var ein storkrig seint på 1600-talet mellom kong Ludvig XIV av Frankrike og ein brei europeisk koalisjon, Storalliansen, leia av den engelsk-nederlandske statthaldar-kongen Vilhelm III, den tysk-romerske keisaren Leopold I, kong Karl II av Spania, Victor Amadeus II av Savoie, og store og mindre fyrstar og prinsar i Det tysk-romerske riket. Niårskrigen vart hovudsakleg utkjempa på det europeiske fastlandet og farvatna kring, men omfatta òg ein krigsskodeplass i Irland, der Vilhelm III og Jakob II kjempa om kontroll over Dei britiske øyane, og eit mindre felttog mellom franske og engelske nybyggjarar og deira indianske allierte i koloniane i Nord-Amerika. Krigen var den andre av tre store krigar for Ludvig XIV.

Ludvig XIV hadde tredd fram frå den fransk-nederlandske krigen i 1678 som den mektigaste monarken i Europa, men sjølv om han hadde utvida riket sitt, var ikkje «Solkongen» nøgd. Ved hjelp av aggresjon, annektering og delvis lovlege midlar, prøvde Ludvig XIV raskt etter å utvide gevinstane sine for å stabilisere og forsterke grensene til Frankrike, noko som kulminerte i den korte gjenforeiningskrigen (1683–1684). Den påfølgjande våpenkvilen i Ratisbon garanterte dei utvida grensene til Frankrike for tjue år, men dei påfølgjande handlingane til Ludvig XIV - mellom anna annulleringa av ediktet i Nantes i 1685, og forsøket hans på å ta tyske Rhinland - førte til skade på den militære og politiske dominansen hans. Ludvig XIV si avgjersle om å krysse Rhinen og kringsette Philippsburg i september 1688 var meint å kome keisar Leopold I i forkjøpet og å tvinge Det tysk-romerske riket til å akseptere dei territoriale og dynastiske krava hans. Men då keisaren og dei tyske fyrstane bestemte seg for å yte motstand, og då Generalstatane og Vilhelm III førte nederlendarane og engelskmennene inn i krig med Frankrike, stod Ludvig XIV til slutt opp mot ein mektig koalisjon som ønskte å dempe ambisjonane hans.

Dei fleste kampane fann stand kring grensene til Frankrike: i Dei spanske Nederlanda, Rhinland, hertugdømet Savoie og Catalonia. Desse felttoga var dominerte av kringsetjingar, mellom anna i Mons, Namur, Charleroi og Barcelona: opne slag som Fleurus og Marsaglia var mindre vanlege. Desse krigshandlingane var gjekk stort sett i Ludvig XIV sin favør, men i 1696 stod Frankrike i ei økonomisk krise. Dei maritime maktene (England og Dei sameinte Nederlanda) var òg finansielt botnskrapte, og då Savoie hoppa ut av alliansen, ønskte alle partar å starte forhandlingar. Med freden i Ryswick (1697) fekk Ludvig halde på heile Alsace, men vart tvungen til å gje Lorraine attende til eigarane. Han måtte òg gje opp alle krav på høgresida av Rhinen. Ludvig XIV gjekk med på å akseptere Vilhelm III som konge av England, medan nederlendarane sette opp ei rekkje festningar i Dei spanske Nederlanda for å sikre grensa si. Men då den barnlause Karl II av Spania såg ut til å vere døden nær, var det ein ny konflikt i gjere over kven som skulle ta over Det spanske imperiet (det viktigaste uløyste problemet i europeisk politikk på denne tida) og dette skulle snart føre Frankrike og Storalliansen ut i den siste krigen til Ludvig XIV - den spanske arvefølgjekrigen.

Bakgrunn 1678–1687[endre | endre wikiteksten]

I åra etter den fransk-nederlandske krigen (1672–1678) prøvde kong Ludvig XIV av Frankrike – no på høgda av makta si - å påtvinge ein sams religion i Frankrike og forsterke og utvide grensene sine. Ludvig XIV hadde alt vunne personleg ære med å erobre nye landområde, men han var ikkje lenger villig til å føre ein militærpolitikk av typen han hadde gjort i 1672, der han ikkje kunne vite utfallet, og prøvde i staden å utnytte den militære overmakta Frankrike hadde til å oppnå særskilde strategiske mål langs grensene sine. Den meir modne «Solkongen» var klar over at han hadde tapt avgjerande slag mot nederlendarane og vendte seg frå erobring til tryggleik, og nytta trugslar i staden for open krig til å skremme naboane sine til å underkaste seg.[1]

Hovudrådgjevaren til Ludvig XIV, Louvois, utanriksministeren hans Colbert de Croissy, og den tekniske eksperten Vauban, utvikla forsvarsstrategien til Frankrike.[2] Vauban hadde gjort seg til talsmann for eit system av uinntakelege festninga langs grensa som ville halde fiendane til Ludvig XIV ute. For å byggje eit skikkeleg system, trengde derimot kongen meir land frå naboane for å sikre ei solid forsvarslinje. Denne rasjonaliseringa av grensa ville gjere ho langt enklare å forsvare og samstundes gjere han meir tydeleg politisk sett, men det skapte likevel det paradokset at medan det endelege målet til Ludvig XIV var forsvar, så prøvde han å oppnå dei med fiendtlege midlar.[2] Kongen tok dei naudsynte områda gjennom det som vart kalla «gjenforeiningar»: det var ein strategi som kombinere lovlege midlar, arroganse og aggresjon.[3]

Gjenforeiningar[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XIV (1638-1715). Solkongen var den mektigaste monarken i Europa.

Nijmegen-traktaten og den tidlegare freden i Westfalen gav Ludvig XIV grunnlag for gjenforeiningane. Desse avtalane hadde gjeve Frankrike nye landområde, men på grunn av den svake ordlyden (som i dei fleste avtalar på denne tida) var dei notorisk upresise og sjølvmotseiande, og aldri spesifikke om dei eksakte grenselinjene. Denne unøyaktigheita førte ofte til forskjellige tolkingar av teksten og langvarige stridar om grensesoner - ein fekk gjerne ein by eller eit område og 'områda kring', men det var ofte uklårt kva desse områda kring var.[2] Maskineriet for å avgjere desse fleirtydige territorialskildringane var alt på plass gjennom mediet i Parlementa i Metz (teknisk sett det einaste 'Gjenforeiningskammeret'), Besançon,og overretten i Breisach, som omhandla høvesvis Lorraine, Franche-Comté og Alsace.[4] Det var kanskje ikkje rart at dei som regel avgjorde til fordel for Ludvig XIV.[5] I 1680 hadde det omstridde grevskapet Montbéliard (som låg mellom Franche-Comté og Alsace) vorte skild frå hertugdømet Württemberg, og i august hadde Ludvig XIV sikra seg heile Alsace utanom Strasbourg. Gjenforeiningskammeret i Metz la kort tid etter krav om landområda kring Dei tre bispedøma Metz, Toul og Verdun, og det meste av det spanske hertugdømet Luxembourg. Festninga i sjølve Luxembourg vart så blokkert med intensjonen om at det skulle verte ein del av forsvarsgrensa til Ludvig XIV.[6]

Den 30. september 1681 kringsette franske soldatar Strasbourg og utpostane på høgrebreidda av Rhinen, Kehl, som hadde vorte utnytta av keisaren sine soldatar mot slutten av den fransk-nederlandske krigen. Med å ta keisarbyen med tvang, kontrollerte franskmennene no to av tre bruhovud over Rhinen (dei andre var Breisach, som alt var underlagt Frankrike, og Philippsburg, som Ludvig XIV hadde tapt med Nijmegen-traktaten). Same dag som Strasbourg fall, marsjerte franske styrkar inn i Casale nord i Italia. Festninga vart ikkje teken gjennom gjenforeiningsprosessane, men hadde tidlegare vorte kjøpt av hertugen av Mantova, som i lag med det franske området Pinerolo, gjorde at Frankrike kunne binde Victor Amadeus II, hertugen av Savoie, og truge det spanske hertugdømet Milano (sjå kart under).[7] Alle gjenforeiningskrav og annekteringar var viktige strategiske innfartsårer mellom Frankrike og naboane, og alle vart raskt etter utbygd med festningsverk av Vauban og innlemma i festningssystemet hans.[8]

Den tysk-romerske keisaren Leopold I (1640–1705).

Gjenforeiningane tok område frå grenseområda i Tyskland, medan annekteringane auka makta til Frankrike i Italia. Med å byggje ei uinntakeleg grense alarmerte Ludvig XIV dei andre europeiske statane slik at krigen han prøvde å unngå ikkje lenger var uunngåeleg: festningane hans dekte ikkje berre grensene hans, dei synte den franske makta.[9] Det var berre to statsmenn som kunne ha håp om å stå mot Ludvig XIV: Vilhelm av Oranien, statthaldar i Dei sameinte Nederlanda og den naturlege leiaren for den protestantiske motstanden, og den tysk-romerske keisaren Leopold I, ein opplagt leiar av dei antifranske styrkane i Tyskland og det katolske Europa.[10] Men sjølv om Vilhelm og Leopold I ønskte å gjere tiltak, var det ikkje mogeleg med effektiv motstand i 1681–1682: borgarskapet i Amsterdam ønskte ikkje ein ny konflikt med Frankrike. Dei var fullt klare over den svake stillinga si, ikkje berre for Spania, men i heile imperiet, der tyske fyrstar frå Mainz, Trier, Köln, Sachsen, Bayern og mest av alt Fredrik Vilhelm I av Brandenburg som stod i gjeld til Frankrike.[11]

Kampar på to frontar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den store tyrkiske krigen og gjenforeiningskrigen.

Sidan Leopold I hadde blanda seg inn i den fransk-nederlandske krigen, rekna den franske kongen keisaren som den farlegaste fienden sin. Likevel hadde Ludvig XIV liten grunn til å frykte han.[11] Leopold I var svak i Tyskland og var i stor fare langs dei ungarske grensene der osmanske tyrkarar truga med å køyre over heile Sentral-Europa frå sør. Ludvig XIV hadde oppfordra og assistert den osmanske kampen mot dei habsburgske landområda til Leopold I, og hadde forsikra porten om at han ikkje kom til å støtte keisaren. Han hadde òg oppfordra kong Sobieski av Polen (utan hell) om å ikkje ta Leopold I si side, og pressa dei misnøgde fyrstane i Transilvania og Ungarn til å slå seg saman med styrkane til sultanen og frigjere områda sine frå det habsburgske styret.[12] Då tyrkarane kringsette Wien våren 1683, gjorde ikkje Ludvig XIV noko for å hjelpe forsvararane.[13]

Ludvig XIV utnytta den osmanske trugselen i aust og invaderte Dei spanske Nederlanda den 1. september 1683 og fornya omleiringa av Luxembourg, som han hadde gjeve opp året før. Franskmennene kravde av keisaren og Karl II av Spania at dei respekterte dei nylege gjenforeiningane, men spanjolane ønskte ikkje å sjå fleire av områda sine falle inn under Ludvig XIV.[14] Dei militære vala til Spania var særs avgrensa, men det osmanske nederlaget føre Wien den 12. september hadde òg gjeve dei mot. I håp om at Leopold I ville gjere fred i aust og kome til deira assistanse, erklærte Karl II no krig mot Frankrike den 26. oktober. Keisaren valde derimot å halde fram den tyrkiske krigen på Balkan og enn så lenge gjere kompromiss i vest. Med Leopold I uvillig til å kjempe på to frontar, eit sterkt nøytralt parti i Dei sameinte Nederlanda som stogga Vilhelm, og ein sta kurfyrste av Brandenburg som heldt på alliansen med Ludvig XIV, var det ikkje noko anna utfall enn total fransk siger.[15]

Gjenforeiningskrigen var kort og øydeleggande. Då Courtrai fall tidleg i november 1683, etterfølgd av Dixmude i desember og Luxembourg i juni 1684, måtte Karl II godta forslaget om fred av Ludvig XIV.[16] Våpenkvilen i Ratisbon (Regensburg) vart signert den 15. august av Frankrike på den eine sida og keisaren og Spania på den andre, der franskmennene fekk Strasbourg, Luxembourg og gjenforeiningsområda (Courtrai og Dixmude vart gjevne attende til Spania). Denne løysinga var ikkje ein avgjerande fred, men ein våpenkvile dei neste 20 åra. Likevel hadde Ludvig XIV gode årsaker til å vere nøgd: keisaren og dei tyske fyrstane var opptekne i Ungarn—medan Vilhelm av Oranien i Dei sameinte Nederlanda var isolert og makteslaus, særleg på grunn av den pro-franske stemninga i Amsterdam.[17]

Forfølginga av hugenottane[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm av Oranien (1650–1702), her som kong Vilhelm III av England av Sir Godfrey Kneller.

Ved Ratisbon i 1684 hadde Frankrike vore i ei stilling til å påtvinge viljen sin på Europa, men etter 1685 byrja den dominerande militære og diplomatiske styrken til Frankrike å forverrast. Ein av hovudfaktorane til dette var at Ludvig XIV opphevde ediktet i Nantes og så splitta dei protestantiske samfunna i Frankrike.[18] Så mange som 200 000 hugenottar flykta til England, Dei sameinte Nederlanda, Sveits og Tyskland, og spreidde soger om den brutale kongen i Versailles. Den direkte effekten på Frankrike med tapet av desse samfunna er omdiskutert, men flukta var med på å øydeleggje dei pro-franske gruppene i Dei sameinte Nederlanda, ikkje berre fordi dei var tilknytte protestantane, men utvandringa av hugenottiske kjøpmenn og trakasseringa av nederlandske kjøpmenn i Frankrike påverka den fransk-nederlandske handelen i stor grad.[19] Forfølginga hadde ein annan effekt på den nederlanske folkemeininga - åtferda til den katolske kongen av Frankrike fekk dei til å sjå meir uroleg på Jakob II, no den katolske kongen av England. Mange i Haag meinte av Jakob II var nærare syskenbarnet Ludvig XIV enn den dåverande svigersonen og nevøen Vilhelm, og mistanken utvikla seg etter kvart til fiendskap mellom dei to statane.[20] Ludvig XIV sine tilsynelatande endelause territoriekrav, i lag med den protestantiske forfølginga, gjorde at Vilhelm av Oranien og partiet hans klarte å få makt nok i Republikken til at dei klarte å legge grunnlaget for den lenge ønskte alliansen mot Frankrike.[21]

Fredrik Vilhelm, kurfyrste av Brandenburg (1620–1688). Han vart etterfølgd av songen Fredrik, som vart ein av dei mest lojale allierte for Vilhelm av Oranien.

Sjølv om Jakob II hadde gjeve hugenottane løyve til å slå seg ned i England, hadde han framleis eit vennskapleg forhold til Ludvig XIV, og skjønte kor viktig vennskapen var for å halde heimlandet katolsk mot den stadig meir mistenksame protestantiske folkesetnaden, som var i overtal.[22] Men dei mange hugenottane gjorde at misnøya mot Frankrike auka kraftig, og dei slo seg saman med massane i England som alt var sterkt mistenksame mot Jakob II.[23] Konfliktane mellom franske og engelske handelsinteresser i Nord-Amerika hadde skapt ein alvorleg splid mellom dei to styresmaktene: franskmennene hadde byrja å arbeide mot Hudson's Bay Company og koloniane i Ny-England, medan engelskmennene såg på franske krav i Ny-Frankrike som inntrengande på sine eigne område. Denne rivaliseringa hadde spreidd seg til den andre sida av verda der dei engelske og franske India-selskapa alt hadde hamna i strid med kvarandre.[24]

Mange i Tyskland reagerte negativt på forfølginga av hugenottane, og førte dei protestantiske fyrstane ut av villfaringa om at Ludvig XIV var deira allierte mot dei intolerante framgangsmåtane til dei katolske habsburgarane.[25] Kurfyrsten av Brandenburg svarte på opphevinga av ediktet i Nantes med å kunngjere ediktet i Potsdam, og inviterte flyktande hugenottar til Brandenburg. Men det var andre motivasjonar enn religiøse som førte han (og dei andre tyske fyrstane) ut av truskapen til Frankrike. Ludvig XIV hadde krav i Pfalz via svigerinna Elizabeth Charlotte på å annektere Rhinland.[26] Fredrik-Vilhelm aviste dermed den franske stønaden og enda alliansen med Frankrike og kom til semje med Vilhelm av Oranien, keisaren og kong Karl XI av Sverige (ved å setje usemja om Pommern på vent).[19]

Følgjene av flykta til hugenottane i Sør-Frankrike førte straks til krig i alpeområda Piemonte i Italia. Frå festninga i Pinerolo klarte franskmennene å utøve eit stort press på hertugen av Savoie og tvinge han til å forfølgje sine eigne protestantiske samfunn, valdensarane. Den stadige trugselen om innblanding i innanrikspolitikken hans uroa Victor Amadeus, og frå 1687 vart haldninga til hertugen stadig meir mot franskmennene. Kritikken mot regimet til Ludvig XIV spreidde seg over heile Europa.[27] Våpenkvilen i Ratisbon, etterfølgd av opphevinga av ediktet i Nantes, skapte tvil om dei eigentlege intensjonane til Ludvig XIV. Mange frykta òg at kongen ønskte å danne eit universelt monarki med å slå saman den spanske og den tyske krona med den franske. Som svar til dette møttest representantar for keisaren, dei sørtyske fyrstane, Spania (motivert av det franske åtaket i 1683 og den påtvungne våpenkvilen i 1684) og Sverige (som fyrstar innanfor Riket) i Augsburg for å danne ein forsvarsallianse ved Rhinen i juli 1686. Pave Innocent XI – som delvis var arg etter at Ludvig XIV ikkje vil dra på eit krosstog mot tyrkarane - gav i løyndom støtta si til alliansen.[28]

Opptakten: 1687–1688[endre | endre wikiteksten]

Louvois (1641–1691), krigsministeren til Ludvig XIV på høgda av makta hans. Kunstnar: Pierre Mignard.

Augsburgligaen hadde lite militærmakt - riket og deira allierte i den heilage ligaen var framleis opptekne med kampane mot dei osmanske tyrkarane i Ungarn, og mange av dei mindre fyrstane var motvillige til å handle, i frykt mot hemn frå franskmennene. Likevel såg Ludvig XIV engsteleg på framrykkinga til Leopold I mot den islamske fienden. Habsburg sigra langs Donau ved Buda i september 1686 og Mohács eit år seinare, og franskmennene vart overtydde om at keisaren, i ein allianse med Spania og Vilhelm av Oranien, snart ville vende merksemda si mot Frankrike og ta attende områda Ludvig XIV nyleg hadde teke med militær frykt.[29] Som svar prøvde Ludvig XIV å sikre seg områda han fekk i gjenforeininga med å tvinge dei tyske naboane til å gjere om våpenkvilen i Ratisbon til ein permanent avtale. Eit fransk ultimatum sendt ut i 1687 fekk ikkje dei ønskte forsikringane frå keisaren, som med sigrane i aust hadde gjort tyskarane mindre engstelege på å inngå kompromiss i vest.[30]

Max Emanuel (1662–1726) av Joseph Vivien.

Eit anna poeng omhandla den pro-franske fyrstebiskopen Maximilian Henrik og spørsmålet om kven som skulle ta over etter han i staten Köln. Områda til erkebispedømet låg langs venstrebreidda av Rhinen og omfatta tre festningar langs elvelinja: Bonn, Rheinberg og Kaiserswerth, i tillegg til sjølve Köln. I tillegg var erkebiskopen fyrstebiskop av Liège, den vesle staten ved den strategiske elva Maas. Då kurfyrsten døydde den 3. juni 1688 pressa Ludvig XIV på for å få den pro-franske biskopen av Strasbourg, Vilhelm Egon av Fürstenberg, til å overta etter han. Keisaren ønskte derimot Josef Clement, bror til Maximilian Emanuel, kurfyrsten av Bayern.[31] Ingen av kandidatane klarte å sikre seg dei naudsynte to-tredjedelane av stemmene i kanniken i domkapittelet, og saka vart sendt vidare til Roma. Det var ingen utsikter til at paven, som alt var i djup konflikt med Ludvig XIV, skulle føretrekke den franske kandidaten, og den 26. august 1688 valde han Clement.[32]

Den 6. september sikra styrkane til Leopold I under kurfyrsten av Bayern Beograd for Riket. Med osmanarane nær kollaps følte ministrane til Ludvig XIV, Louvois og Colbert de Croissy, at det var naudsynt med ei rask løysing langs den tyske grensa før keisaren kom attende frå Balkan og kunne føre eit relativt samla tysk rike i kampen mot Frankrike på Rhinen og gjere om Ratisbon-avtalen.[33] Den 24. september publiserte Ludvig XIV manifestet sitt, Mémoire de raisons, der han førte opp klagemåla sine: han kravde at våpenkvilen i Ratisbon måtte gjerast om til ein permanent avtale, og at Fürstenburg vart utpeikt til fyrstebiskop i Köln. Han foreslo òg å okkupere landområda han meinte høyrte til svigerinna med omsyn til den pfalziske arvefølgja. Keisaren og dei tyske fyrstane, paven og Vilhelm av Oranien var ganske motvillige til å gå med på desse krava. Særleg for nederlendarane var Ludvig XIV sin kontroll over Köln og Liège strategisk uakseptabelt, for med desse områda på franske hender kunne Dei spanske Nederlanda som «buffersone» lett omgåast. Dagen etter Ludvig XIV gav ut manifestet - lenge før fiendane hans kunne ha kjend til detaljane i det - kryssa den franske hovudarmeen Rhinen som ei førebuing til å ta Philippsburg, nøkkelposten mellom Luxembourg (annektert i 1684) og Strasbourg (erobra i 1681), og andre byar i Rhinland.[34] Dette forkjøpsslaget var meint å skremme dei tyske statane til å akseptere vilkåra hans, og samstundes oppmuntre dei osmanske tyrkarane til å halde fram kampen mot keisaren i aust.[35]

Ludvig XIV og ministrane hans hadde håpt på ei rask løysing, liknande det dei fekk i gjenforeiningskrigen, men i 1688 var situasjonen ganske annleis. I aust hadde keisararmeen, som no hadde erfarne offiserar og soldatar, fjerna den tyrkiske trugselen og slått opprøret til Imre Thököly i Ungarn, medan Vilhelm av Oranien i vest og nord no raskt vart leiaren for ein koalisjon av protestantiske statar som ønskte å slå seg saman med keisaren og Spania for å ende hegemoniet til Frankrike.[18] Ludvig XIV ønskte ein kort forsvarskrig, men med å krysse Rhinen denne sommaren sette han i gang ein langvarig og slitsam krig, ein krig oppbygd av interessene til staten, forsvaret av grensene og maktbalansen i Europa.[36]

Ni år med krig: 1689–1697[endre | endre wikiteksten]

Rhinland og Riket[endre | endre wikiteksten]

Rhin-felttoget 1688–1689. Franske styrkar kryssar Rhinen ved Strasbourg for å ta Philippsburg – nøkkelen til den midtre Rhinen - den 27. september 1688.

Marskalk Duras, Vauban og 30 000 mann - alle under pålydande kommando av dauphinen – kringsette festninga til kurfyrsten av Trier, Philippsburg, den 27. september 1688; etter eit kraftig motstand fall byen den 30. oktober.[37] Armeen til Ludvig XIV heldt fram for å ta Mannheim, som kapitulerte den 11. november, kort tid etterfølgd av Frankenthal. Andre byar fall utan motstand, som Oppenheim, Worms, Bingen, Kaiserslautern, Heidelberg, Speyer og framfor alt den viktige festninga i Mainz. Då Koblenz ikkje overgav seg, sette Boufflers han under kraftig bombardement og skapte store øydeleggingar, utan at fienden fall.[37]

Ludvig XIV styrte no Rhinen sør for Mainz til den sveitsiske grensa, men sjølv om åtak heldt tyrkarane i kamp i aust, hadde innverknaden på Leopold I og dei tyske statane den motsette effekten enn det dei hadde håpa på.[38] Augsburgligaen var ikkje sterk nok til å møte trugselen, men den 22. oktober kom dei mektige tyske fyrstane, inkludert kurfyrsten av Brandenburg, kurfyrste Johan Georg III av Sachsen, kurfyrste Ernst August av Hannover og landgreve Karl I av Hessen-Kassel, til semje i Magdeburg som mobiliserte styrkane nord i Tyskland. Samstundes hadde keisaren kalla attende styrkane frå Bayern, Schwaben og Franken under kurfyrsten av Bayern frå den osmanske fronten for å forsvare Sør-Tyskland. Franskmennene var ikkje førebudd på at dette skulle skje. Då dei skjønte at krigen i Tyskland ikkje kom til å bli kortvarig og at «blitz-krigen» i Rhinland ikkje kom til å bli ein rask og avgjerande parade for fransk ære, nytta Ludvig XIV og Louvois ein brente jords taktikk i Pfalz, Baden og Württemberg for å hindre at fienden fekk lokale ressursar og hindre dei i å invadere Frankrike.[39] Den 20. desember 1688 hadde Louvois valt ut alle byane, landsbyane og châteaux som skulle øydeleggjast. Den 2. mars 1698 sette greven av Tessé Heidelberg i brann, den 8. mars jamna Montclair Mannheim med jorda. Oppenheim og Worms vart øydelagde den 31. mai, etterfølgd av Speyer den 1. juni og Bingen den 4. juni. I alt sette franske soldatar over 20 viktige byar og mange landsbyar i brann.[40]

Tyskarane førebudde seg på å ta attende det dei hadde tapt, og i 1689 sette dei opp tre armear langs Rhinen. Den minste av desse, først under kurfyrsten av Bayern, verna den øvre Rhinen mellom linjene nord for Strasbourg og Schwarzwald. Ved midtre Rhinen stod den største armeen under den beste generalen i Riket, og øvstkommanderande, hertug Karl V av Lorraine. Karl V fjerna den franske trugselen frå Frankfurt og grov grøfter kring Mainz den 22. og 23. juli. Etter ei to månader lang blodig omleiring, overgav markien av Huxelles til slutt byen den 8. september.[41] Samstundes ved den nedre Rhinen stod kurfyrsten av Brandenburg som med hjelp av den dyktige nederlandske ingeniøren Menno van Coehoorn, kringsette Kaiserswerth. Kaiserswerth fall den 26. juni før kurfyrsten førte armeen sin til Bonn, som kapitulerte den 10. oktober etter kraftig bombardement.[42] Invasjonen av Rhinland hadde samla dei tyske fyrstane i motstanden mot Ludvig XIV, som hadde mista meir enn han hadde fått det året langs Rhinen. Felttoget hadde òg skapt ei avleiing for dei franske styrkane og nok tid for Vilhelm av Oranien til å invadere England.[39]

Storbritannia og Irland[endre | endre wikiteksten]

Jakob II sine usluttsame forsøk på å gjere armeen, styresmaktene og andre institusjonar katolske hadde gjort han stadig meir upopulær hos folket (hovudsakleg protestantar). Den opne katolisismen hans og forretningane med det katolske Frankrike hadde òg gjort forholdet mellom England og Dei sameinte Nederlanda dårleg, men fordi kona hans Maria var den protestantiske arvingen til den engelske trona hadde Vilhelm av Oranien vore motvillig til å handle mot Jakob II i tilfelle det øydela arverettane hennar.[43] Men om England vart etterlaten til seg sjølv, kunne situasjonen verte desperat for Dei sameinte Nederlanda: Ludvig XIV kunne blande seg inn og gjere Jakob II til ein vasall, eller Jakob kunne kanskje bli med Ludvig i eit nytt åtak på Dei sameinte Nederlanda som i 1672. Mot slutten av 1687 såg derfor Vilhelm for seg kva han måtte gjere, og tidleg i 1688 byrja han i løyndom å førebu seg.[44] Franskmennene var opptekne med sin cordon sanitaire i Pfalz (for travel til å rekne med innblanding i Dei spanske Nederlanda eller å gå mot dei søraustlege nederlandske provinsane langs Rhinen) og Generalstatane gav einstemmig Vilhelm full støtte med viten om at om Jakob II vart styrta, så ville det sikre interessene til staten deira.[45]

Jakob II (1633–1701) ca. 1690. Ukjend kunstnar.

Ludvig XIV hadde rekna invasjonen til Vilhelm som ein invitasjon til ei krigserklæring mellom Frankrike og Dei sameinte Nederlanda (offisielt erklært den 26. november), men han gjorde lite for å stoppe invasjonen - han var for oppteken i Rhinland. I tillegg rekna dei franske diplomatane med at handlinga til Vilhelm ville føre England ut i borgarkrig som anten ville dra ut alle nederlandske ressursar eller trekkje England nærare til Frankrike. Etter at styrkane hans gjekk i land ved Torbay i november 1688 tok mange imot Vilhelm med opne armar, og revolusjonen følgde kort tid etter, ofte kalla den ærerike revolusjonen, og styret til Jakob enda. I februar 1689 vart Vilhelm av Oranien krona til kong Vilhelm III av England og regjerte i lag med kona si Maria. Dei samla lagnaden til England og Dei sameinte Nederlanda. Likevel var det få i England som hadde rekna med at Vilhelm hadde vore etter krona for seg sjølv eller at målet hans var å føre England ut i krig på nederlandsk side. Parlamentkonvensjonen såg ikkje kvifor ein felles monark skulle føre med seg ei krigserklæring, men dei påfølgjande handlingane til den avsette kongen fekk etter kvart Parlamentet over på krigspolitikken til Vilhelm.[46]

Det irske felttoget 1689–1691. Dei største kampane i det irske og skotske jakobittaropprøret, 1689–91.

Jakob II hadde flykta til Frankrike og vart teken vel imot av Ludvig XIV. I mars 1689 (med fransk gull, soldatar og generalar) segla han frå sitt eksil i St Germain for å få katolikkane i Irland på si side i kampen om å ta attende trona. Den franske kongen støtta Jakob av to årsaker: for det første meinte Ludvig XIV Gud hadde gjeve han rett til trona og for det andre ønskte han å trekkje styrkane til Vilhelm III bort frå Nederlanda.[47] Det første målet til Jakob II og hans fullmektig, hertugen av Tyrconnell, var å fredleggjere dei protestantiske skansane i nord. Den dårleg utrusta armeen hans på kring 40 000 mann kunne gjere lite anna enn å kringsette Londonderry. Etter å ha stått i mot eit stramt forsvar i 105 dagar, avslutta han omsider omleiringa i slutten av juli. I mellomtida vart dei første sjøslaga i krigen utkjempa utanfor Bantry Bay i mai. - før England erklærte krig—og vart ein liten fransk suksess for Châteaurenault, som klarte å setje i land forsyningar for Jakob II. Dei vilhelminske styrkane fekk forsyningar frå nord, og i august møtte hertugen av Schomberg fram med 15 000 danskar, nederlendarar, hugenottar og engelskmenn som forsterkingar. Etter å ha teke Carrickfergus stoppa armeen hans ved Dundalk og kjempa seg gjennom vinteren med sjukdom og desertering.[48]

I juli 1690 sikra den franske marinen ein siger utanfor Beachy Head i Den engelske kanalen der admiral Tourville slo admiral Torrington sin langt større engelsk-nederlandske flåte. Men sidan Ludvig XIV valde å ikkje nytta hovudflåten sin under det irske felttoget, klarte Vilhelm III å setje i land 15 000 mann i Irland i juni. Med desse forsterkingane sikra Vilhelm III ein avgjerande siger i slaget ved Boyne i juli og igjen tvang Jakob II i flukt attende til Frankrike. Etter at jarlen av Marlborough tok dei sørlege hamnebyane Cork og Kinsale, og slik avgrensa dei franske og jakobittiske troppane til den vestlege delen av landet, følte Vilhelm III seg no trygg nok på å vende attende til kontinentet i starten av 1691 for å kommandere ein koalisjonsarme i Nederlanda, og etterlet Baron van Ginkell til å leie troppane sine i Irland. Etter at Ginkell sigra over Marquis de Saint-Ruth i slaget ved Aughrim i juli, fall dei gjenverande jakobittiske skansane i rask rekkefølgje. Utan utsikter til vidare fransk støtte kapitulere dei ved Limerick og sikra sigeren for Vilhelm III og støttespelarane hans i Irland med signeringa av freden i Limerick i oktober. Mange engelske soldatar kunne no dra til Nederlanda.[49]

Marskalk Vauban (1633–1707). Den største ingeniøren til Ludvig XIV og ein av hans mest tiltrudde rådgjevarar.

Krigsmål og storalliansen[endre | endre wikiteksten]

Den suksessrike invasjonen til Vilhelm av England førte raskt til koalisjonen han lenge hadde ønskt seg. Den 12. mai 1689 signerte nederlendarane og den tysk-romerske keisaren ein offensivavtale i Wien, der målet var å tvinge Frankrike tilbake til grensene hennar slik dei var ved slutten av trettiårskrigen (1648) og den fransk-spanske krigen (1659). Ludvig XIV ville dermed miste alle landområda han hadde erobra sidan han tok over makta.[50] For keisaren og dei tyske fyrstane tydde dette at dei måtte erobre attende Lorraine, Strasbourg, delar av Alsace og nokre festningar i Rhinland. Leopold I hadde prøvd å kome seg ut av den tyrkiske krigen for å konsentrere seg om den komande krigen, men den franske invasjonen i Rhinland hadde oppmuntra tyrkarane til å auke fredskrava sine og kom med krav som det ikkje lenger var tenkeleg for keisaren å akseptere.[51] Avgjersla til Leopold I om å velje koalisjonen si side (noko fleire av rådgjevarane hans var imot), var derfor ei avgjersle om å blande seg inn i vest og samstundes kjempe mot osmanarane på Balkan. Sjølv om keisaren først og fremst var uroa for Rhinland, var dei viktigaste delane av avtalen hemmelege paragrafar som forplikta England og Generalstatane til å støtte han i å sikre han den spanske arveretten om Karl II skulle døy utan arving, og å bruke påverknaden deira til å sikre at sonen hans vart vald som konge av romarane.[51]

Vilhelm III rekna krigen som eit høve til å redusere makta til Frankrike og verne Dei sameinte Nederlanda, og samstundes skape tilhøve som ville betre vilkåra for handel.[52] Sjølv om det var ein del uklårt om kvar grensene gjekk, var ikkje målet til Nederlanda med krigen å endre grensa i vesentleg grad, men Vilhlm ønskte å sikre den nye stillinga si i Storbritannia. Ved å søke tilflukt i Frankrike og så invadert Irland, hadde Jakob II gjeve Vilhelm III eit perfekt utgangspunkt for å overbevise det engelske parlamentet om at det var uunngåeleg å gå inn i den europeiske krigen. Med støtte frå Parlamentet, erklærte Vilhelm III og Maria II krig i mai 1689. Denne engelsk-nederlandske oppstillinga var grunnlaget for Storalliansen, som vart ratifisert den 20. desember av Vilhelm III for England, Anthonie Heinsius og kasserar Jacob Hop for Dei sameinte Nederlanda og grev Königsegg og Stratman for keisar Leopold I. Som nederlendarane, var ikkje engelskmennene opptekne av å vinne landområde på kontinentet, men å redusere makta til Frankrike for å hindre at jakobittane kom attende til makta (Ludvig XIV truga med å styrte den ærerike revolusjonen og usikre politiske situasjonen ved å støtte den gamle kongen føre den nye).[53] Vilhelm III hadde sikra målet sitt med å mobilisere britiske ressursar for den anti-franske koalisjonen, men jakobitt-trugselen i Skottland og Irland gjorde at berre ein liten engelsk styrke kunne assistere den nederlandske hæren i koalisjonen i Dei spanske Nederlanda dei første tre åra av krigen.

Hertugen av Lorraine vart òg med i alliansen på same tid som England, medan kongen av Spania (som hadde vore i krig med Frankrike sidan april 1689) og hertugen av Savoie signerte i juni 1690. Dei allierte hadde gjeve Victor Amadeus fine vilkår for å bli med i Storalliansen, mellom anna ved å gje Casale til Mantova (han håpte han ville få det attende då den barnlause hertugen av Mantova døydde) og Pinerolo til han sjølv. At han slo seg saman med dei allierte gjorde at dei kunne invadere Frankrike gjennom Dauphiné og Provence, der marinebasen Toulon låg.[54] På den andre sida hadde Ludvig XIV prøvd å skremme Savoie militært for å halde dei innanfor fransk rekkevidd, og tenkte på å okkupere delar av Piemonte (inkludert Torino) for å garantere kommunikasjon mellom Pinerolo og Casale.[55] Dei franske krava mot Victor Amadeus, og at dei ønskte å hindre hertugen frå å oppnå dei dynastiske måla sine,[56] var ikkje mindre enn eit åtak på sjølvstendet til Savoie, og overtydde hertugen om at han måtte yte motstand mot den franske aggresjonen.[55]

Kurfyrsten av Bayern gjekk inn i Storalliansen i mai 1690, medan kurfyrsten av Brandenburg vart med i den anti-franske koalisjonen den 6. september.[57] Få av dei mindre statane var særleg villige til å vie seg til det felles målet og alle verna sine eigne interesser.[58] Karl XI av Sverige støtta alliansen med kontingentar frå dei tyske områda sine (6 000 mann og 12 krigsskip),[59] medan Kristian V av Danmark-Noreg i august 1689 gjekk med på ein avtale om å støtte Vilhelm III med 7 000 soldatar i byte mot pengestønad.[57] I mars 1691 sette Sverige og Danmark uvenskapen til side og laga ein avtale om nøytralitet for å verne handelsinteressene sine og hindre at krigen spreidde seg nordover. Til irritasjon for Dei maritime maktene utnytta no Sverige rolla si utanfor den store maktkampen i niårskrigen til å auke den maritime handelen sin.[60] Uansett stod Ludvig XIV omsider mot ein mektig koalisjon som hadde som mål å tvinge Frankrike til å respektere rettane og interessene til resten av Europa.[50]

Krigen utvidar: 1690–1691[endre | endre wikiteksten]

Nederlanda ca. 1700: den største krigsskodeplassen under niårskrigen.

Dei største kampane i niårskrigen fann stad kring grensene til Frankrike: Dei spanske Nederlanda, Rhinland, Catalonia og Piemonte-Savoie. Dei spanske Nederlanda var viktige på grunn av den geografiske plasseringa, skvisa innimellom Frankrike og Dei sameinte Nederlanda. I starten kommanderte marskalk Humières dei franske styrkane på denne fronten, men i 1689, medan franskmennene var ved Rhinen, produserte dei lite meir enn ein stillingskrig, og den viktigaste krigshandlinga skjedde då Vilhelm sin nestkommanderande fyrsten av Waldeck, slo Humières i ein småtrefning i slaget ved Walcourt den 25. august. I 1690 hadde Dei spanske Nederlanda vorte hovudsetet for krigen der franskmennene hadde danna to armear: styrken til Boufflers ved Moselle og ein større styrke i vest under etterfølgjaren til Humières - og den største generalen til Ludvig XIV i denne perioden - marskalk Luxembourg. Den 1. juli sikra Luxembourg ein klår taktisk siker over Waldeck i slaget ved Fleurus, men suksessen hans gav ingen store fordelar - Ludvig XIV var uroa for dauphinen ved Rhinen (der Marshal de Lorge no heldt kommandoen) og tilsidesette strategiske behov i andre krigsskodeplassar og kom i forkjøpet planar om å kringsette Namur eller Charleroi.[55] For keisaren og dei tyske fyrstane var den viktigaste hendinga i 1690 at tyrkarane hadde sigra ved Donau, slik at dei måtte sende forsterkingar austover. Kurfyrsten av Bayern - som no var øvstkommanderande etter at Lorraine døydde i april - kunne gjere lite ved øvre eller nedre Rhinen, og felttoget hans klarte ikkje å produsere eit einaste slag eller omleiring.[61]

Den minste fronten i krigen var i Catalonia. I 1689 hadde hertugen av Noailles ført franske styrkar dit for å yte press mot spanjolane ved å gje nytt liv til bondeopprøret mot Karl II, som først braut ut i 1687. Noailles utnytta situasjonen og erobra Camprodon den 22. mai, men ein større spansk arme under hertugen av Villahermosa tvang han til å trekkje seg attende til Roussillon i august.[62] Det katalanske felttoget fall til ro i 1690, men ein ny front i Piemonte-Savoie vart meir handlingsmetta. Religiøst og fransk hat i Savoie skapte ein krigsskodeplass prega av massakrar og skrekkelege handlingar: konstante geriljaåtak av dei væpna innbyggjarane vart møtt med særs strenge represaliar.[63] I 1690 tok Saint-Ruth det meste av Victor Amadeus II sitt utsette hertgudøme Savoie, og fjerna det meste av armeen i Savoie i prosessen fram til hertugen berre hadde den store festninga i Montmélian att, medan Nicolas Catinat sør i Piemonte førte 12 000 mann og slo Victor Amadeus grundig i slaget ved Staffarda den 18. august. Catinat tok så Saluzzo, etterfølgd av Savigliano, Fossano og Susa, men mangla nok soldatar og var plata av sjukdom, slik at han måtte trekkje seg attende til den andre sida av Alpane for vinteren.[64]

Omleiringa av Mons 1691. Sjølv om han aldri kommanderte eit slag på ei open slagmark, var Ludvig XIV til stades under mange omleiringar (på trygg avstand) fram til alderen avgrensa desse aktivitetane.

Franskmennene hadde hatt suksess på alle frontar på fastlandet i 1690, men sigrane deira hadde ikkje brote ned Storalliansen. Med håp om å bryte ned koalisjonen førebudde dei franske kommandantane i 1691 eit tidleg dobbeltslag: erobringa av Mons i Dei spanske Nederlanda og Nice nord i Italia. Boufflers tok Mons den 15. mars med om lag 46 000 mann, medan Luxembourg kommanderte ein om lag like stor styrke som observasjon. Etter nokre av dei mest intense kampane i alle av krigane til Ludvig XIV kapitulerte omsider byen den 8. april.[65] Luxembourg gjekk så vidare og tok Halle mot slutten av mai, medan Boufflers bombarderte Liège. Desse handlingane skulle vise seg å ha små politiske eller strategiske konsekvensar.[66] Den siste handlinga som er verdt å nemne i Nederlanda kom 19. september då kavaleriet til Luxembourg overraska og slo baktroppen til dei allierte styrkane i ei mindre trefning nær Leuze. No som forsvaret av Dei spanske Nederlanda nesten var heilt avhengig av dei allierte, insisterte Vilhelm III på å erstatte den spanske guvernøren, markien av Gastañaga, med kurfyrsten av Bayern, og slik unngjekk å vente på avgjersler frå Madrid.[67]

Det norditalienske felttoget 1690–96. Områda til Victor Amadeus II, hertugen av Savoie, bestod av grevskapet Nice, hertugdømet Savoie og fyrstedømet Piemonte med hovudstaden Torino.

I 1691 var det få viktige kampar på frontane i Catalonia og Rhinland. Den norditalienske krigsskodeplassen var derimot særs aktiv. Villefranche fall til dei franske styrkane den 20. mars, etterfølgd av Nice den 1. april, og kom sjansane om ein alliert invasjon av Frankrike langs kysten i forkjøpet. Samstundes i nord, i hertugdømet Savoie, tok markien av La Hoguette den siste skansen i regionen, Montmélian, den 22. desember - eit stort tap for Storalliansen. Det franske felttoget på slettene i Piemonte var derimot ikkje like heldige. Sjølv om Carmagnola fall i juni, fekk markien av Freuquèires vite at prins Eugene av Savoie var på vet, og forlet raskt omleiringa av Cuneo med eit tap på 800 mann og alle dei tunge kanonane. Ludvig XIV konsentrerte ressursane sine i Alsace og Nederlanda, så Catinat vart tvungen på defensiven. Initiativet nord i Italia gjekk no til dei allierte, som så tidleg som august, hadde 45 000 mann (på papiret) i regionen, slik at dei klarte å ta attende Carmagnola i oktober. Ludvig XIV la fram fredsvilkår i desember, men då han rekna med militær overmakt i dei følgjande felttoga var ikkje Amadeus klar for å forhandle seriøst.[55]

Harde kampar: 1692–1693[endre | endre wikiteksten]

Etter den viktige Louvois brått døydd i juli 1691 tok Ludvig XIV ei meir aktiv rolle i retninga i militærpolitikken, og støtta seg til råd frå ekspertar som markien av Chamlay og Vauban.[68] Dødsfallet til Louvois førte òg til endringar i statspolitikken med den mindre dristige hertugen av Beauvilliers og markien av Pomponne inn i regjeringa til Ludvig XIV. Frå 1691 og frametter prøvde Ludvig XIV og Pomponne å bryte opp Storalliansen, inkludert hemmelege samtalar med keisar Leopold I og frå august forsøk på religiøs solidaritet med det katolske Spania. Tilnærmingane mot Spania gav ikkje resultat (niårskrigen var ikkje ein religiøs krig), men Dei maritime maktene ønskte òg fred. Samtalane vart derimot hindra av at Ludvig XIV var motvillig til å avstå dei tidlegare gevinstane sine (ikkje minst dei han fekk i gjenforeiningane) og i hans forsvar prinsippet om den guddommelege retten til kongane. Han var òg motvillig til å respektere kravet til Vilhelm III på den engelske trona. For Vilhelm III sin del var han særs mistenksam overfor Ludvig XIV og tankane hans om eit universalmonarki.[69]

I løpet av vinteren 1691-1692 sette franskmennene i gang ein stor plan for å få herredøme over fiendane - ein plan om å invadere England i eit nytt forsøk på å støtte Jakob II i forsøket hans på å ta attende kongedømet. Samstundes skulle dei gå til åtak på Namur i Dei spanske Nederlanda. Franskmennene håpte at ei erobring av Namur ville få nederlendingane til å ønskje fred, og om dei ikkje ønskte det så ville det likevel vere ei viktig brikke i framtidige forhandlingar.[70] Med 60 000 men (verna av ei nesten like stor styrke under Luxembourg), tok marskalk Vauban festninga den 29. mai. Byen fall raskt, men citadellet, forsvart av van Coehoorn, heldt ut til 30. juni. I eit forsøk på reparere situasjonen i Dei spanske Nederlanda overraska Vilhelm III armeen til Luxembourg nær landsbyen Steenkirk den 3. august. Dei allierte hadde noko suksess i starten, men franske forsterkingar kom opp og framrykkinga til Vilhelm III stoppa opp. Dei allierte trekte seg attende frå slagmarka i god orden, og begge sider hevda dei hadde sigra. Franskmennene fordi dei hadde slått attende åtaket, og dei allierte fordi hadde redda Liège frå same lagnad som Namur. På grunn av måten dei dreiv krigføring på seint på 1600-talet hadde dette få konsekvensar.[71]

Slaget ved La Hogue, (1692) av Adriaen van Diest. Den siste handlinga i slaget - dei franske skipa sett i brann i La Hogue.

Sjølv om franskmennene hadde lukkast i Namur, vart invasjonen av England mislukka. Jakob II trudde han ville få stor nok støtte for saka si så snart han hadde kome på engelsk jord, men ei rekkje forseinkingar og motstridande ordrar førte til ein særs ujamn sjøkamp i Den engelske kanalen.[70] Krigshandlingane vart utkjempa utanfor Cherbourghalvøya og varte seks dagar. I kampen utanfor Cape Barfleur den 29. mai, gjorde ein fransk flåte på 44 skip under admiral Tourville sterk motstand mot admiralane Rooke og Russell sine 82 engelske og nederlandske skip.[72] Franskmennene måtte likevel gje seg: somme klarte å stikke av, men 15 skip som hadde søkt hamn i Cherbourg og La Hogue vart øydelagde av engelske sjømenn og brannskip den 2. og 3. juni.[73] Dei allierte dominerte no i Den engelske kanalen og invasjonen til Jakob II vart skrinlagd. Sjølve slaget var likevel ikkje slutten for den franske marinen: den påfølgjande vanstyret og den dårlege finansieringa av flåten under Pontchartrain, i lag med mangelen på personleg interesse frå Ludvig XIV, var sentrale i at den franske marinen ikkje lenge var overlegne engelskmennene og nederlendarane til sjøs under niårskrigen.[74]

Samstundes i Sør-Europa hadde hertugen av Savoie med 29 000 mann (langt fleire enn mennene til Catinat, som hadde sendt soldatar til Nederlanda) invadert Dauphiné via fjellstiar med valdensarane som guidar. Dei allierte tok Embrun, som kapitulerte den 15. august, før dei plyndra den folketomme byen Gap.[75] Kommandanten vart derimot sjuk med koppar og då dei fann ut at det ikkje var mogeleg å halde på Embrun, trekte dei allierte seg ut av Dauphiné i midten av september, og brende og plyndra 70 landsbyar og châteaux på veg ut.[76] Åtaket på Dauphiné gjorde at Noailles måtte nytta soldatar til å støtte Catinat, og han kunne dermed berre drive eit passivt felttog i Catalonia. Ved Rhinen hadde derimot franskmennene fått overtaket. De Lorge nytta mykje av tida si på å spreie terror i dei tyske landområda i Schawben og Franken.[75] I oktober heva den franske kommandanten omleiringa av Ebernburg på austbreidda av Rhinen, før han vendte attende for vinterkvarter.[71]

I 1693 hadde den franske armeen offisielt ein storleik på over 400 000 mann (på papiret), men Ludvig XIV stod overfor ei økonomisk krise.[77] Frankrike og Nord-Italia fekk dårlege avlingar som førte til omfattande svelt, og mot slutten av 1694 hadde kring to millionar menneske omkomme.[78] Ikkje desto mindre, som ein opptakt til å tilby sjenerøse fredsvilkår til Storalliansen, planla Ludvig XIV å gå over på offensiven: Luxembourg skulle føre eit felttog i Flanderen, Catinat i Nord-Italia og i Tyskland, der Ludvig XIV hadde håpa på ein krigsvinnande fordel, skulle marskalk de Lorge angripe Heidelberg. Heidelberg fall den 22. mai før armeen til Luxembourg gjekk inn på slagmarka i Nederlanda, men den nye kommandanten ved Rhinen, fyrst Ludvig av Baden sette inn eit sterkt forsvar og hindra franskmennene ytterlegare gevinst. Luxembourg hadde meir hell i Flandern. Etter å ha teke Huy den 23. juli, utmanøvrerte den franske kommandanten Vilhelm III, og tok han på segna mellom landsbyane Neerwinden og Landen. Den påfølgjande kampen den 29. juli var ein tett og kostbart kamp, men dei franske styrkane, som igjen synte at dei hadde eit glimrande kavaleri, klarte seg.[79] Luxembourg og Vauban heldt fram og tok Charleroi den 10. oktober, som i lag med dei tidlegare gevinstane Mons, Namur og Huy, gav franskmennene ei ny og imponerande forsvarslinje.[80]

Det katalanske felttoget 1689–97. Den katalanske fronten var den minste i niårskrigen.

I Nord-Italia marsjerte Catinat mot Rivoli (med forsterkingar frå frontane ved Rhinen og Catalonia), og tvang hertugen av Savoie til å forlate omleiringa og bombardementet av Pinerolo (25. september–1. oktober) før han trekte seg attende for verne baktroppen. Slaget ved Marsaglia følgde den 4. oktober 1693 og enda i ein stor fransk siger. Torino låg no open for åtak, men mangel på menn og forsyningar hindra Catinat i å utnytte dette og franskmennene som kom ut av sigeren var eit nytt pusterom til å fylle opp at det som var igjen av Pinerolo.[55] Andre stader hadde Noailles sikra den verdifulle hamnebyen Rosas i Catalonia den 9. juni, før han trekte seg attende inn i Roussillon. Då motstandaren hans, Medina-Sidonia, gav opp planane om å kringsette Bellver, gjekk begge sidene inn i vinterkvarter.[81] Samstundes vann den franske marinen ein siger i det siste sjøslaget i krigen. Den 27. juni hadde Tourville samla skvadronane i Brest og Toulon og gjekk til eit bakhaldsåtak på Smyrna-konvoien (ein flåte på mellom 200 og 400 allierte handelsfartøy som reiste med eskorte i Middelhavet) då han runda Kapp St. Vincent. dei allierte mista om lag 90 handelsfartøy med ein verdi på kring 30 millionar livres.[82]

Krig og diplomati: 1694–1695[endre | endre wikiteksten]

Dei franske armeane ved Heidelberg, Rosas, Huy, Landen, Charleroi og Marsaglia hadde oppnådd stor suksess på slagmarka, men då dei store strabasane frå 1693 heldt fram gjennom sommaren 1694, klarte ikkje Frankrike å oppretthalde det same energinivået og sprøyte like mykje finansar inn i dei komande felttoga. Krisa omforma den franske strategien, og tvang kommandantane til å legge om planane sine for å tilpasse svikten i skatteinntektene.[83] I bakgrunnen arbeidde agentane til Ludvig XIV hardt diplomatisk for å splitte koalisjonen, men keisaren, som med dei allierte hadde sikra seg «rettane» sine til den spanske trona om Karl II skulle døy under krigen, ønskte ikkje ein fredsavtale som ikkje var til personleg nytta for han. Storalliansen ville ikkje bryte saman så lenge det var pengar tilgjengeleg og dei trudde at den aukande styrken til armeane deira snart ville bli større enn armeane til Frankrike.[84]

I Dei spanske Nederlanda hadde Luxembourg framleis 100 000 mann, men han var i undertal.[85] Med manglande forsyningar til å setje i gang eit åtak, klarte ikkje Luxembourg å hindre dei allierte i å opprette ein garnison i Dixmude og den 27. september 1694 tok dei attende Huy, eit viktig steg for framtidige operasjonar mot Namur.[86] Andre stader marsjerte og manøvrerte de Lorge mot Baden ved Rhinen med udramatiske resultat, før felttoget rann ut i sanden i oktober. I Italia hindre dei franske økonomiske problema og eit fullstendig samanbrot av forsyningslinjene Catinat frå å presse inn i Piemonte.[55] I Catalonia skjedde der derimot meir. Den 27. mai slo marskalk Noailles, med støtte frå franske krigsskip, markien av Escalona sine spanske styrkar i slaget ved Torroella ved breidda av elva Ter. Franskmennene tok så Palamós den 10. juni, Gerona den 29. juni og Hostalric, som opna ruta til Barcelona. Då den spanske kongen truga med å lage ein separat fredsavtale med Frankrike, med mindre dei allierte kom til assistanse, førebudde Vilhelm III ein engelsk-nederlandsk flåte for Spania. Delar av flåten under admiral Berkeley vart verande att i nord, og leia først eit katastrofalt åtak på Brest den 18. juni, før dei bombarderte dei franske kystfestningane Dieppe, Saint-Malo, Le Havre og Calais. Resten av flåten under admiral Russell fekk ordre om å segle til Middelhavet, og knytte seg til spanske fartøy utanfor Cadiz. Den allierte marinen dreiv den franske flåten attende til trygge Toulon, som igjen tvang Noailles til å trekkje seg tilbake til linja ved Ter, og vart forstyrra av general Trinxería sin miquelets undervegs.[87] Ved å verne Barcelona på denne måten, heldt dei allierte Spania med i krigen i to år til.[88]

Omleiringa av Namur (1695) av Jan van Huchtenburg. I forgrunnen Vilhelm III, kledd i grått, i samtalar med kurfyrsten av Bayern.

I 1695 vart dei franske armeane råka av to store tilbakeslag. Først døydde den største generalen til Ludvig XIV i denne perioden, marskalk Luxembourg den 5. januar (han vart etterfølgd av hertugen av Villeroi). Det andre var tapet av Namur. I eit rollebyte frå 1692 leia Coehoorn omleiringa av skansen under Vilhelm III og kurfyrstane av Bayern og Brandenburg. Franskmennene prøvde seg med avleiingar med bombardementet av Brussel, men trass i det tapre forsvaret til Boufflers, fall Namur omsider den 5. september.[89] Omleiringa hadde kosta dei allierte mange menn og ressursar, og hadde låst fast armeen til Vilhelm III gjennom heile sommaren, men erobringa av Namur, i lag med Huy tidlegare, gjorde at dei allierte kunne posisjonere seg ved Maas igjen, og hadde sikra kommunikasjonen mellom armeane i Dei spanske Nederlanda og dei ved Moselle og Rhinen.[90]

Samstundes hadde den nylege økonomiske krisa ført til ei omforming av strategien til den franske marinen - Dei maritime maktene gjekk no forbi Frankrike i skipsbygging og utrusting, og fekk stadig fleire soldatar tilgjengeleg.[91] Vauban foreslo å gå bort frå krigføringa til flåten, guerre d'escadre, og heller gå for handelsfartøya til dei allierte, guerre de course, der dei individuelle skipseigarane utrusta fartøya sine som kaperskip der målet var å øydeleggje handelen til Dei maritime maktene. Vauban hevda at denne strategiske endringa ville øydeleggje den økonomiske basen til dei allierte utan å koste Ludvig XIV pengar som trongst langt meir for å oppretthalde dei franske armeane på land. Kaperskip som anten segla for seg sjølv eller i komplette skvadronar frå Dunkerque, St Malo og mindre hamnebyar, oppnådde stor suksess. Til dømes i 1695 kapra markien av Nesmond med sju linjeskip fartøy frå Det engelske austindiske kompaniet som vart sagt å føre 10 millionar livres. I mai 1696 kom Jean Bart seg unna blokaden av Dunkerque og slo ein nederlandsk konvoi i Nordsjøen og sette 45 skip i brann. I mai 1697 gjekk baronen av Pointis med ein annan kaperskvadron tli åtak og tok Cartagena, noko som gav han og kongen ein part av 10 millionar livres.[92]

Hertugen av Noailles (1650–1708). På grunn av sjukdom erstatta Vendôme Noailles som den franske kommandanten i Catalonia i 1695.

Den allierte marinen brukte fleire granatar mot St Malo, Granville, Calais og Dunkerque, og det same gjorde dei i Palamos i Catalonia der Karl II hadde utpeikt markien av Gastañaga som generalguvernør. Dei allierte sendte austerrikske og tyske forsterkingar under fyrst Georg av Hessen-Darmstadt, eit syskenbarn av dronninga av Spania, medan franskmennene erstatta den sjuke Noailles med hertugen av Vendôme som vart ein av dei beste generalane til Ludvig XIV. Men balansen i militærmakta var no i ferd med å snu seg drastisk mot franskmennene. I Spania, Rhinland og Nederlanda klarte styrkane til Ludvig XIV berre så vidt å halde stand: Bombardementet av dei franske hamnebyane, trugselen om invasjon og tapet av Namur skapte stor uro for kongen i Versailles.[93]

I mellomtida nådde dei eit diplomatisk gjennombrot i Italia. I to år hadde finansministeren til hertugen av Savoie, Gropello og greven av Tessé (Catinat sin nestkommanderande), møtt i løyndom og forhandla fram ein tosidig avtale om å ende krigen i Italia. Sentral i diskusjonane var to franske festningar på kvar side av landområdet til hertugen - Pinerolo og Casale. Sistnemnde var no fullstendig avskoren frå fransk assistanse.[55] Victor Amadeus hadde no byrja å frykta den aukande militærmakta til Riket og den politiske påverknaden i regionen (no meir enn han frykta franskmennene) og trugselen Riket utgjorde for sjølvstendet til Savoie. Han visste at imperialistane planla å kringsette Casale så hertugen foreslo at franskmennene overgav seg til han etter ein symbolsk kamp, før festningsverka vart teken ned og gjeven attende til hertugen av Mantova.[94] Ludvig XIV var tvungen til å akseptere dette og etter ei skinn-omleiring av Casale overgav dei seg til Amadeus den 9. juli 1695. I midten av september var staden jamna med jorda.

Vegen til Ryswick: 1696–1697[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste frontane var relativt rolege gjennom 1696: armeane i Flandern, langs Rhinen og i Catalonia, marsjerte og motmarsjerte, men dei oppnådde lite. Ludvig XIV var no motvillig til å gå mot dei allierte (trass i tiltru til generalane sine) og dette kan ha kome av hemmelege samtalar som hadde starta over eit år tidlegare—med François de Callières for Ludvig XIV og Jacob Boreel og Everhard van Weede Dijkvelt for nederlendarane.[95] Våren 1696 hadde samtalane dekt alle problema som var til hinder for fred. Det vanskelegaste temaet var anerkjenninga av prinsen av Oranien som konge av England og den påfølgjande statusen til Jakob II i Frankrike. Nederlendarane kravde ein barriere mot framtidig fransk aggresjon, fransk toll for nederlandsk handel, og semje om territoria i Rhinen-Moselle-området med omsyn til gjenforeiningane og dei nylege erobringane, særleg den strategisk viktige byen Strasbourg.[95] Ludvig XIV hadde klart å opprette prinsippet om at den nye avtalen måtte vere basert på rammeverket i avtalane frå Westfalen og Nijmegen, samt våpenkvilen i Ratisbon, men keisaren sitt krav om Strasbourg, og at Vilhelm III insisterte på å verte respektert som konge av England før krigen var over, gjorde at det var lite vits i å kalle inn til ein fredskonferanse.[96]

I Italia var dei hemmelege forhandlingane meir produktive og franskmennene sin kontroll over Pinerolo var no sentral i samtalane. Då Amadeus truga med å kringsette Pinerolo, kom franskmennene fram til at det ikkje var mogeleg å forsvare byen lenger, og gjekk med på å gje attende skansen så lenge festningsverka vart jamna med jorda. Vilkåra vart formaliserte i Torino-traktaten den 29. august 1696, då Ludvig XIV òg returnerte Montmélian, Nice, Villefranche, Susa og andre småbyar intakt.[97] I tillegg måtte Ludvig XIV love å ikkje blande seg inn i religionspolitikken til Savoie med omsyn på valdensarane, så lenge hertugen hindra all kommunikasjon mellom dei og franske hugenottar. Til gjengjeld måtte Amadeus gå ut av Storalliansen og slå seg saman med Ludvig XIV – om naudsynt – for å sikre nøytraliseringa av Nord-Italia. Keisaren, som var diplomatisk utmanøvrert, vart tvungen til å godta fred i regionen med å signere Vigevano-traktaten den 7. oktober, som franskmennene raskt tiltredde. Italia var nøytralisert og niårskrigen på halvøya var over. Savoie hadde stige fram som eit sjølvstendig fyrstehus.[55]

Torino-traktaten starta ei gramsing etter fred. Handelen til England og Dei sameinte Nederlanda vart stadig forstyrra, og politikarane i begge land ønskte avslutte krigen. Frankrike var òg økonomisk nedbroten, men framfor alt vart Ludvig XIV overtydd om at Karl II av Spania var døden nær, og han visste at ei oppbryting av koalisjonen var naudsynt om Frankrike skulle dra fordel av den dynastiske kampen som måtte kome.[98] Dei stridande partane gjekk med på å møtast i Ryswick (Rijswijk) og starta forhandlingar. Samtalane varte gjennom 1697, og det same gjorde kampane. Det franske målet det året i Dei spanske Nederlanda var Ath. Vauban og Catinat (no med soldatar frå den italienske fronten) erobra byen den 15. mai, medan marskalkane Boufflers og Villeroi dekte omleiringa. Etter eit åtak den 5. juni overgav greven av Roeux seg og garnisonen marsjerte ut to dagar seinare. Krigsskodeplassen i Rhinland i 1697 var igjen roleg: den franske kommandanten marskalk Choiseul (som hadde erstatta den sjuke de Lorge året før), vart tvungen til å halde seg bak festningslinjene sine. Sjølv om Baden tok Ebernberg den 27. september, førte meldingane om fred til ein slutt på det planlause felttoget, og begge armeane trekte seg bort frå kvarandre. I Catalonia oppnådde dei franske styrkane (no forsterka med troppar frå Italia) langt større suksess då Vendôme, med 32 000 soldatar, kringsette og erobra Barcelona.[99] Garnisonen under fyrst Georg av Hessen-Darmstadt kapitulerte den 10. august. Likevel var det ein hard kamp: franskmennene tapte kring 9 000 mann, og spanjolane kring 12 000 mann som anten var drepne, skadde eller tapte.[100]

Krigen i Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak

Den europeiske krigen synte seg att i Nord-Amerika, der han vart kalla Kong Vilhelm-krigen. Den nordamerikanske striden var derimot på liten skala og hadde liten tyding i det store biletet. Den europeiske krigserklæringa kom midt i langvarige spaningar om kontroll over pelshandelen som var økonomisk viktig for både dei franske og engelske koloniane, og herredøme over irokesarane, som kontrollerte mykje av handelen.[101] Franskmennene ønskte å halde på St. Lawrence-området og utvide makta si over dei store områda kring Mississippi.[102] I tillegg var Hudsonbukta fokus for ein strid mellom protestantiske engelskmenn og katolske franskmenn, som begge ønskte sin del av landområda og handelen. Sjølv om han var viktig for kolonistane, kom den nordamerikanske delen av niårskrigen i andre rekke for europeiske statsmenn. Trass i at dei var langt fleire, leid dei engelske kolonistane fleire nederlag, sidan Ny-Frankrike effektivt organiserte dei franske soldatane sine, militsen i Ny-Frankrike og dei indianske allierte (mellom anna algonquin og abenaki), til å angripe grensebusetnadane.[103] Nesten alle ressursane sendt frå England til koloniane, gjekk til det engelske Vestindia, som var kronjuvelane i imperiet.

Strid om forholda til indianarane vart verre i 1688 då franskmennene gjekk til åtak mot irokesarane i øvre New York og med indianarraid mot mindre busetnader i Maine.[104] Generalguvernøren i Ny-Frankrike, Louis de Buade de Frontenac, utnytta uordenen i New York og Ny-England etter at maktområdet Ny-England kollapsa,[105] og utvida krigen med ei rekkje raid langs den nordlege grensa mot engelske busetnader: først vart Dover i New Hampshire øydelagd, i juli 1689; etterfølgd av Pemaquid, Maine i august.[106] I februar 1690 vart Schenectady i New York angripen. Massakrar ved Salmon Falls og Casco følgde. Som svar valde representantar ved Albany-konferansen den 1. mai 1690 å invadere Canada. I august gjekk ein landstyrke kommandert av oberst Winthrop mot Montreal, medan ein sjøstyrke kommandert av den framtidige guvernøren i Massachusetts, Sir William Phips (som tidlegare den 11. mai hadde erobra hovudstaden i franske Acadia, Port Royal), sette segl mot Quebec via Saint Lawrence-elva. Dei vart slått attende i slaget ved Quebec og ekspedisjonen på St Lawrence mislukkast, medan franskmennene tok attende Port Royal.[103]

Krigen drog ut i fleire år i rekkje planlause åtak og massakrar langs grensa: verken leiarane i England eller Frankrike tenkte på å svekke stillinga si i Europa for å slå til for fullt i Nord-Amerika.[107] Med vilkåra i freden i Ryswick vart grensene og utpostane i Ny-Frankrike, Ny-England og New York verande stort sett uendra. På Newfoundland og i Hudsonbukta dominerte no Frankrike, men Vilhelm III, som hadde gjort interessene til Hudson Bay Company til ei krigsårsak i Nord-Amerika, var ikkje førebudd på å setje politikken sin i Europa i fare for å følgje opp krigen i Amerika. Irokesarane forlet sine engelske allierte, og vart tvungen til å opne separate forhandlingar, og med avtalen frå 1701 gjekk dei med på å vere nøytrale i framtidige engelsk-franske krigar.[108]

Då meldingane om den europeiske krigen nådde Asia, var dei engelske, franske og nederlandske koloniguvernørane og handelsmennene raskt ute med å ta opp kampen. I oktober 1690 segla den franske admiralen Abraham Duquesne-Guitton inn til Madras for å bombardere den engelsk-nederlandske flåten. Det viste seg å vere eit dumdristig åtak, men utvida krigen til det fjerne austen.[59] I 1693 sette nederlendarane i gang eit tokt mot dei franske handelsrivalane i Pondicherry på søraustkysten av India og tok den vesle franske garnisonen under François Martin, som overgav seg den 6. september.[109] Andre stader, i Karibia skifta Saint Kitts eigarar to gonger. På Jamaica, Martinique og Hispaniola var det sporadisk konflikt. Dei allierte hadde det overtaket til sjøs i desse isolerte områda, men det var umogeleg for dei å hindre franskmennene å sende forsyningar til kolonistyrkane.[59]

Freden i Ryswick[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå freden i Ryswick.
Kart over dei europeiske grensene slik dei var etter freden i Ryswick og like før den siste store krigen til Louis XIV, den spanske arvefølgjekrigen.

Fredskonferansen opna i mai 1697 i palasset til Vilhelm III i Ryswick nær Haag. Svenskane var offisielt meklarar, men det var gjennom dei private samtalane mellom Boufflers og William Bentinck, jarlen av Portland at dei største sakene vart løyst. Vilhelm III hadde ingen intensjonar om å halde fram krigen eller presse på for krava til Leopold I i Rhinland eller den spanske trona: det verka viktigare for nederlendarane og britane at dei sikre respekten til Ludvig XIV for revolusjonen i 1688.[110]

Med vilkåra i freden i Ryswick fekk Ludvig XIV halde på heile Alsace, inkludert Strasbourg. Lorraine vart gjeven attende til hertugen (sjølv om Frankrike fekk løyve til å marsjere soldatar gjennom området) og franskmennene gav opp alle krav på høgresida av Rhinen - Philppsburg, Breisach, Freiburg og Kehl. I tillegg måtte dei nye franske festningane La Pile, Mont Royal og Fort Louis øydeleggast. For å blidgjere Madrid med omsynet til den spanske arvefølgja, evakuerte Ludvig XIV òg Catalonia (trass i store spanske nederlag) og gav Luxembourg, Chimay, Mons, Coutrai, Charleroi og Ath i Nederlanda til Spania.[111] Dei maritime maktene bad ikkje om landområde, men nederlendarane fekk ein fordelaktig handelsavtale, der det viktigaste punktet var å dempe reguleringane og gå attende til den franske tollen frå 1664. Sjølv om Ludvig XIV heldt fram å verne Jakob II, respekterte han no Vilhelm III som konge av England, og støtta ikkje aktivt kandidaturet til sonen til Jakob II.[112] Han gav seg òg på sakene i Pfalz og Köln. Utanom dette vart den vestlege halvdelen av Hispaniola respektert for Frankrike sin del.

Representantane for Dei sameinte Nederlanda, England og Spania signerte avtalen den 20. september 1697. Keisar Leopold I, som var desperat etter å halde fram krigen slik at han kunne styrke krava sine om den spanske trona, var imot avtalen, men fordi han framleis var i krig med tyrkarane, og ikkje kunne møte Frankrike aleine, skreiv òg Leopold I under den 30. oktober.[110] Økonomien til keisaren var heller ikkje god, og misnøya med at Hannover vart opphøgd til kurfyrstedøme, hadde svekka stillinga til Leopold I i Tyskland. Dei protestantiske fyrstane gav han òg skulda for den religiøse klausulen i kontrakten, som sa at landområda i gjenforeininga som Frankrike måtte gje attende, skulle bli verande katolske, sjølv dei som hadde vorte omvendte med tvang—noko som var stikk i strid med Westfalen-avtalen.[113] Keisaren hadde derimot fått enorm makt: sonen til Leopold I, Josef, hadde vorte utropt til konge av romarane (1690) og kandidaten til keisaren for den polske trona, August av Sachsen, hadde gått av med sigeren over kandidaten til Ludvig XIV, prinsen av Conti. I tillegg førte den avgjerande sigeren til prins Eugene av Savoie over dei osmanske tyrkarane i slaget ved Zenta – som førte til freden i Karlowitz i 1699 – til at det austerrikske habsburgmonarkiet vart styrkt og tippa den europeiske maktbalansen i keisaren sin favør.[114]

Krigen hadde lete Vilhelm III øydeleggje militante jakobittar og hjelpt med å føre Skottland og Irland inn under meir direkte kontroll. England steig opp som ei stor økonomisk og marin makt, og vart ei viktig brikke i saker i Europa, slik at dei kunne nytta rikdommen og energien sin i verdspolitikken til sin eigen gevinst.[110] Vilhelm III heldt òg fram å prioritere tryggleiken av Dei sameinte Nederlanda, og i 1698 sette nederlendarane ut garnisonar i ei rekkje festingar i Dei spanske Nederlanda, som ein barriere mot franske åtak. Framtidig utanrikspolitikk skulle basere seg på vedlikehald og utviding av desse festningane.[115] Spørsmålet om den spanske arvefølgja vart derimot ikkje diskutert i Ryswick og vart verande det viktigaste uløyste problemet i europeisk politikk. Tre år seinare døydde Karl II av Spania og Ludvig XIV og Storalliansen drog igjen Europa ut i krig, den spanske arvefølgjekrigen.

Våpen, teknologi og krigskunst[endre | endre wikiteksten]

Militære utviklingar[endre | endre wikiteksten]

Omleiringa av Mainz 1689. Mange av dei større festningsverka hadde citadell. Når byen hadde vorte erobra kunne garnison trekkje seg attende til citadellet, der dei måtte nedkjempast på ny.

Felttogsesongen varte typisk frå mai til oktober, på grunn av matmangel på vinterstid. Franskmennene lagra derimot mat og forsyningar i magasin som gav dei ein stor fordel, og kunne ofte dra ut på slagmarka fleire veker før fienden.[116] Dei militære operasjonane under niårskrigen gav ikkje avgjerande resultat. Krigen var dominert av det ein kan kalle «posisjonskrigføring» - bygginga, forsvaringa og åtaka av festningar og skyttargraver. Posisjonskrigføring hadde mange roller: festningane kontrollerte bruhovud og pass, vakta over forsyningsruter og tente som lager og magasin. Festningane hindra derimot høve til å følgje suksessen på slagmarka, sidan den tapande armeen kunne flykte til ein venleg festning, bygge seg opp att med soldatar frå frontar som ikkje var like truga.[117] Mange mindre kommandantar likte desse relativt føreseielege, statiske operasjonane for å maskere mangelen på militær leiarskap.[118] Som Daniel Defoe observerte i 1697, «no er det vanleg å ha armear på 50 000 mann på ei side som har brukt heile felttoget på å lure seg unna - eller som det så fint vert kalla, observere kvarandre, og så marsjere avstad til vinterkvarter.»[118] Under niårskrigen hadde feltarmane vokse til nesten 100 000 mann i 1695, noko som førte til ei økonomisk krise for Dei maritime maktene, medan franskmennene kjempa med dårleg økonomi.[119] Likevel var det aggressive kommandantar: Vilhelm III, Boufflers og Luxembourg hadde viljen til å vinne, men metodane deira vart hindra av dei store armeane, forsyningar og kommunikasjon.[119] Dei franske kommandantane var òg avgrensa av Ludvig XIV og Louvois som ikkje likte opne slag, og føretrekte Vauban, som bygde festningsverk i staden for å flytte seg rundt.[120]

Bombardmentet av Brussel 1695. Festningsverka bestod av låge geometriske jordvollar, grunnplanet var polygonalt med ein femkanta bastion i kvar framspringande vinkel, dekt av skansar, hornverk, kronverk og halvmånar.

Ein annan medverkande faktor til mangelen på avgjerande slag var naudsynet om å kjempe for å sikre ressursar. Armeane var venta å støtte seg sjølv i feltet ved å pålegge fiendtlege og til og med nøytrale landområde skattar. Det vart sett på som viktigare å legge nye skattar i eit nytt område enn å forfølgje den slåtte armeen frå slagmarka og øydeleggje han. Det var hovudsakleg økonomiske årsaker og tilgangen til ressursar som forma felttoga, sidan armeane kjempa om å vare lenger enn fienden i ein lang utmattingskrig.[121] Den einaste avgjerande handlinga under heile krigen kom i Irland der Vilhelm III knuste styrkane til Jakob II i eit felttog for legitimitet og kontroll over Dei britiske øyane. Men i motsetnad til Irland, var ikkje krigane til Ludvig XIV på kontinentet utkjempa utan kompromiss: kampane gav eit grunnlag for diplomatiske forhandlingar og dikterte ikkje ei løysing.[122]

Den største utviklinga i våpenteknologi i 1690-åra var innføringa av muskettar med flintelås. Flintebørsa hadde ein avfyringsmekanisme som gjorde at ein kunne avfyre skot raskare og meir treffsikkert enn dei tungvinte luntelåsane. Ikkje alle gjekk over til flintebørser i starten. Fram til 1697 var det berre ein tredjedel av dei allierte soldatane som var utrusta med flintebøsser, medan dei andre hadde luntebørser:[123] Franske soldatar på andre linje nytta luntebørser så seint som i 1703.[124] Desse våpna vart vidare utvikla med ein hol-bajonett. Føregangaren, plugg-bajonetten, klemde saman geværløpet og hindra ikkje berre avfyringa av musketten, men var òg eit klumsete våpen det tok tid å fikse skikkeleg, og enno lengre tid å få laus att. Hol-bajonetten kunne derimot trekkast over munningen og låsast på plass med ei hake, som gjorde musketten om eit kort spyd, og som framleis kunne avfyre skot.[125] Ulempen med spydet kom til syne under krigen: i slaget ved Fleurus (1690) dreiv tyske bataljonar som berre var utstyrt med muskettar franske kavaleriåtak attende meir effektivt enn einingar som var utrusta med bajonett, medan Catinat hadde gjeve opp bajonettane heilt før han la ut på felttoget i Alpane mot Savoie.[124]

Marineutviklingar[endre | endre wikiteksten]

I 1688 var dei mektigaste marinane dei franske, engelske og nederlandske. Spanske og portugisiske marinar hadde vore i stod nedgang på 1600-talet.[126] Dei største franske skipa i perioden var «Soleil Royal» og «Royal Louis». Begge desse hadde plass til 120 kanonar, men var aldri heilt fulle. Skipa var for store for praktisk bruk. Det førstnemnde segla berre på eitt tokt og vart øydelagd ved Haag. «Royal Louis» låg til hamn fram til det vart seld i 1694. I 1680-åra var fransk skipsdesign minst like bra som den engelske og nederlandske, og i løpet av niårskrigen hadde utforminga av skipa deira passert skip frå Royal Navy, der utforminga hadde stagnert i 1690-åra.[127] Innovasjonen i Royal Navy stoppa derimot ikkje opp. På eit stadium i 1690-åra byrja til dømes engelske skip å nytte ratt, noko som betra manøvreringa kraftig, særleg i dårleg vêr. Den franske marinen starta først å nytte ratt tretti år seinare.[128]

Det franske krigsskipet «Soleil Royal»

Kampane mellom marineflåtane vart avgjorte av kanonduellar mellom skipa i slaglinja. Det vart òg nytta brannskip, men hovudsakleg mot oppankra og stasjonære mål, medan nye bombefartøy vart nytta for å bombardere kysten. Sjøslaga vart likevel sjeldan avgjerande og det var nesten umogeleg å påføre skipa og mennene ombord store nok skadar til å vinne ein klår siger. Kven som vann var som regel ikkje basert på kven som var best taktisk, men kven som hadde flest skip.[129] Her hadde Ludvig XIV ei ulempe og hadde ikkje like stor handelsflåte som dei allierte hadde, og dei klarte derfor ikkje å skaffe like mange erfarne sjømenn til marinen sin. Enno viktigare var det at Ludvig XIV måtte konsentrere ressursane sine på hæren på kostnad av flåten, slik at nederlendarane og særleg engelskmennene overgjekk franskmennene i skipsbygging. Det var relativt få sjøslag, og som slaga på land, var målet generelt å halde ut lengre enn fienden, og ikkje øydeleggje han. For Ludvig XIV var marinen ei forlenging av hæren og den viktigaste rolla var å verne den franske kysten frå ein fiendtleg invasjon. Han nytta flåten til å støtte landopersjonane eller bombardere kystmål, trekkje til seg ressursane til fienden, slik at felttoga på land fekk det lettare.[130]

Så snart dei allierte hadde fått overtalet, fann franskmennene ut at det klokt å unngå kampar mot dei. I starten av niårskrigen hadde den franske flåten 118 klassifiserte fartøy og totalt 295 skip av alle typar. Mot slutten av krigen hadde franskmennene 137 klassifiserte skip. I motsetnad hadde den engelske flåten 173 fartøy av alle typar i starten av krigen, og enda med 323. Mellom 1694 og 1697 bygde franskmennene 19 skip, medan engelskmennene bygde 58 og nederlendarane 22. Dei maritime maktene bygde dermed fire gonger så mange skip som franskmennene.[131]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 36
  2. 2,0 2,1 2,2 Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 37
  3. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 161
  4. Wolf: Louis XIV, 499. Sjølv om det ikkje teknisk sett høyrte til Frankrike, hadde Ludvig XIV integrert Lorraine i kongedømet sitt etter å ha okkupert det i 1670.
  5. Doyle: Short Oxford History of France – Old Regime France, 182
  6. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 11
  7. Piemonte vart no inneslutta av to massive fransk-okkuperte festningar: Casale på austsida og Pinerolo på vessida, som hadde vorte annektert av Frankrike femti år tidlegare i Cherasco-traktaten i 1631.
  8. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers 1648–1815, 37
  9. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 38
  10. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 19
  11. 11,0 11,1 McKay & Scott: The Rise of the Great Powers 1648–1815, 38. Fredrik Vilhelm ville ikkje gå mot Frankrike. Med fransk støtte håpte han å erobre Pommern.
  12. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 20
  13. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 18.
  14. Wolf: Ludvig XIV, 513
  15. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 24
  16. Lynn: The Wars of Ludvig XIV: 1667–1714, 167–69
  17. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers 1648–1815, 39
  18. 18,0 18,1 Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 35
  19. 19,0 19,1 Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 36
  20. Miller: James II, 144. Mor til Jakob II, Henrietta Maria var syster til faren til Ludvig XIV, Louis XIII; mora til Vilhelm, prinssesse Mary, var syster til Jakob II.
  21. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 40
  22. Miller: James II, 145
  23. Simms: Three Victories and a Defeat: The Rise and Fall of the First British Empire, 34
  24. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 38
  25. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 13
  26. Wolf: Ludvig XIV, 530
  27. Wolf: Ludvig XIV, 520
  28. Simms: Three Victories and a Defeat: The Rise and Fall of the First British Empire, 35
  29. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 15
  30. Wolf: Ludvig XIV, 529
  31. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 42. Det bayerske huset Wittelsbach gav tradisjonelt fyrstebiskopen.
  32. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 15. New Cambridge Modern History VI hevdar at Clement vart vald den 18. september.
  33. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 41
  34. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 192–93
  35. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 42
  36. Wolf: Ludvig XIV, 542–43
  37. 37,0 37,1 Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 194
  38. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 43
  39. 39,0 39,1 Childs: The Nine Years' War and the British Army, 17
  40. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 198
  41. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 201
  42. Lynn: The Wars of Ludvig XIV: 1667–1714, 202
  43. Mckay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 44
  44. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 200
  45. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 22–3
  46. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 21–2
  47. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 203.
  48. Kinross: The Boyne and Aughrim: The War of the Two Kings, 27-28
  49. Kinross: The Boyne and Aughrim: The War of the Two Kings, 98
  50. 50,0 50,1 Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 43
  51. 51,0 51,1 Spielman: Leopold I of Austria, 147
  52. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 27
  53. Childs: The Nine Years' War and the British Army, 25
  54. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 240
  55. 55,0 55,1 55,2 55,3 55,4 55,5 55,6 55,7 Rowlands: Ludvig XIV, Vittorio Amedeo II and French Military Failure in Italy, 1689–96.
  56. Hertugen av Savoie hadde mellom anna eit seriøst krav om den spanske arveretten som eit alternativ til le Grand Dauphin og dei austerrikske habsburgarane.
  57. 57,0 57,1 Childs: The Nine Years' War and the British Army, 24
  58. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 230
  59. 59,0 59,1 59,2 Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 47
  60. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 650–51
  61. Spielman: Leopold I of Austria, 149
  62. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 187
  63. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 188
  64. Lynn: The Wars of Ludvig XIV: 1667–1714, 213
  65. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 218
  66. Wolf: Louis XIV, 564
  67. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 353
  68. Wolf: Louis XIV, 568
  69. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 50
  70. 70,0 70,1 Wolf: Louis XIV, 573
  71. 71,0 71,1 Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 227
  72. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, 175–79. Flåtestyrkane er henta frå Aubrey. Kjeldene varierer.
  73. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, 118–21
  74. Wolf: Ludvig XIV, 574–75
  75. 75,0 75,1 Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain og Russia 1688–1725, 245
  76. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 228
  77. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 233
  78. Doyle: Short Oxford History of France – Old Regime France, 184
  79. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, 53
  80. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 236
  81. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 239
  82. Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, 153. 30 million livres var om lag det same som budsjettet til heile den franske marinen i 1692.
  83. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 241
  84. Wolf: Louis XIV, 581
  85. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 248
  86. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 242
  87. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 197
  88. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 246
  89. John Childs kallar gjenerobringa av Namur den viktigaste hendinga i niårskrigen.
  90. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 202
  91. Symcox: War, Diplomacy, and Imperialism: 1618–1763, 236: For Vauban's Memorandum on Privateering, 1695, og Memorandum on the French Frontier, 1678, sjå Symcox
  92. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 102
  93. Wolf: Louis XIV, 589
  94. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 198. Victor Amadeus meinte det ville vere til hans fordel om Casale vart demontert og nøytralisert. På grunn av stillinga ville han då vere under Savoie sin kontroll.
  95. 95,0 95,1 Wolf: Louis XIV, 591
  96. Wolf: Louis XIV, 591–92
  97. Rowlands skildra dette som audmjukande for Ludvig XIV sett opp mot krava hans sommaren 1690.
  98. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 51
  99. Childs hevdar det var 25 000 franske soldatar.
  100. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 261
  101. Lovejoy: The Glorious Revolution in America, 215–18
  102. Elson: History of the United States of America, I, 226–27
  103. 103,0 103,1 Taylor: The Thirteen Colonies: The Settling of North America, 290
  104. Lovejoy: The Glorious Revolution in America, 218
  105. Lovejoy: The Glorious Revolution in America, 315
  106. Elson: History of the United States of America, I, 227–28
  107. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 488
  108. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britan and Russia 1688–1725, 489–90
  109. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 262
  110. 110,0 110,1 110,2 McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 52
  111. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 205
  112. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 252–53
  113. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 473–74
  114. Wolf: Louis XIV. 594
  115. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 53
  116. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 54-55
  117. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 80–81
  118. 118,0 118,1 Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, 235
  119. 119,0 119,1 Childs: The Nine Years' War and the British Army, 1
  120. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 44
  121. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 372–73
  122. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 264–65
  123. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, 78
  124. 124,0 124,1 Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 747
  125. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, 155. Forskjellige styresmakter tilskriv både Hugh Mackay og Vauban for hol-bajonetten.
  126. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 790
  127. Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, 219–21
  128. Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, 222
  129. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 93
  130. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 103
  131. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 97

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Baxter, Stephen (1966). William III and the Defence of European Liberty. London
  • Childs, John (1980). The Army, James II and the Glorious Revolution. Manchester University Press
  • Childs, John (1987). The British Army of William III 1698–1702. Manchester University Press
  • Lynn, John A (1997). Giant of Grand the Siècle: The French Army 1610–1715. Cambridge University Press
  • Symcox, Geoffrey (1974). The Crisis of French Sea Power 1688–1697: From the guerre d'escadre to the guerre de course. The Hague