Frans Christian Faye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frans Christian Faye

Frans Christian Faye (20. desember 18065. mai 1890) var ein norsk lækjar frå Tønsberg. Han var professor ved Det Kongelige Frederiks Universitet/Universitetet i Oslo og livlege til kong Oscar I.

Etter han vart cand.med. i 1831 arbeidde Faye som koleralege i Finnmark til 1832. Sidan var han lege i hovudstaden til han reiste utanlands i 1838. I 1842 tok han doktorgraden i medisin som fjerdemann ved Universitetet i Christiania. Han studerte gynekologi og obstetrikk og vart i 1850 utnemnd til professor i barselvitskap, kvinne- og barnesjukdomar på det same universitetet. Samstundes fekk han leiarstillinga ved Fødselsstiftelsen og Jordmorskolen, ein posisjon han hadde til 1876.

Faye interesserte seg særleg for hygieniske spørsmål. Han tok initiativ i kampen mot barselfeber-epidemiane, stod mellom anna bak opprettinga av Barnehospitalet i Kristiania og Bergens Fødselsstiftelse med jordmorskulen der. Allereie i 1844 gav han ut Lærebog i Fødselsvidenskaben for Jordemødre, brukt i undervisning fleire tiår. Han studerte militær hygiene på Krim i 1854, tidlegare deltok han på Als som feltlege i den dansk-tyske krig 1848.

Faye var ein kraftfull og autoritær administrator som fekk plass i fleire offentlege kommisjonar. Til stiftinga av Videnskabsselskabet i Kristiania i 1856 gav han anonymt 4000 kroner til eit grunnfond for selskapet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]