Frans I Stefan av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frans I Stefan
Martin van Meytens 006.jpg
Tysk-romersk keisar, konge av romarane
storhertug av Toscana
hertug av Teschen og Lorrain
Regjeringstid1740-1765
Fødd8. desember 1708
FødestadNancy
Død18. august 1765 (56 år gammal)
DødsstadInnsbruck
GravstadKapuzinarkrypta i Wien
FøregangarKarl VII
EtterfølgjarJosef II
Gift medMaria Teresia av Austerrike
KongehusHuset Lorraine
DynastiHuset Lothringen
FarLeopold, hertug av Lorraine
MorÉlisabeth Charlotte d'Orléans
BornMaria Elisabeth av Austerrike, Maria Anna av Austerrike, Maria Carolina av Austerrike, Josef II av Det tysk-romerske riket, Maria Christina av Austerrike, Maria Elisabeth av Austerrike, Karl Joseph av Austerrike, Maria Amalia av Austerrike, Leopold II av Det tysk-romerske riket, Maria Johanna Gabriela av Austerrike, Maria Josepha av Austerrike, Maria Karolina av Austerrike, Ferdinand av Austerrike-Este, Marie Antoinette, erkehertuginne Maria Carolina av Austerrike, Maximilian Frans av Köln

Frans I Stefan, òg kalla François III og Francesco II (fødd 8. desember 1708 i Nancy, død 18. august 1765 i Innsbruck) var konge av dei habsburgske landområda (som i dag utgjer Austerrike, Slovenia, Slavonia, Tsjekkia, Slovakia og Ungarn) frå 1740 og tysk-romersk keisar 1745-1765.

Frans Stefan var son av hertug Leopold av Lorraine, som var etterkomar av Kristian II av Danmark si dotter Kristina av Oldenburg. Han vart hertug i hertugdøma Lorraine og Bar (1729-1737) under namnet François III, og likeeins i hertugdømet Teschen (1729-1765). Han tok over trona i Lorraine etter far sin i 1729, men som følgje av den polske arvefølgjekrigen vart han tvinga til å byte Lorraine mot storhertugdømet Toscana. Som storhertug av Toscana (1737–1765) vart han kalla Francesco II.

I 1736 gifta han seg med Maria Theresia. Under den austerrikske arvefølgjekrigen, som kom til då Maria Teresia var einaste arving til trona etter Karl VI, sikra kona hans at han vart vald til keisar av Det tysk-romerske riket den 13. september 1745, som etterfølgjar av Karl VII.

I ekteskapet med Maria Teresia fekk han heile 16 born, mellom anna Josef II, Leopold II, Maria Karolina av Austerrike og Marie Antoinette av Frankrike.

Frans I døydde av eit hjerneslag den 18. august 1765.

Spire Denne historieartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.