Åttiårskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åttiårskrigen
Veen01.jpg
Otto van Veen: Frigjeringa av Leiden (1574). Dei utsulta innbyggjarane feirar med sild og kvitt brød etter at omleiringa var over
Dato 1568 - 1648
Stad Nederlanda
(global kolonikrig)
Resultat Münstertraktaten;
Dei sameinte Nederlanda fekk sjølvstende
Partar
Prinsenvlag.svg Nederlandske opprørarar Flag of Cross of Burgundy.svg Det spanske riket

Åttiårskrigen (òg kalla den nederlandske revolusjonen) (1568[1]–1648) var ein krig mellom Dei sytten provinsane i Nederlanda mot Det spanske (Habsburg) riket.

Spania klarte opphavleg å slå ned opprøret. I 1572 erobra opprørarane Brielle og krigen utarta seg. Dei nordlege provinsane vart sjølvstendig, først de facto, og i 1648 de jure. Under krigen vart Dei sameinte Nederlanda eller Den nederlandsk republikken raskt ei verdsmakt gjennom handel og opplevde ein periode med økonomisk, vitskapleg og kulturell vekst.

Dei sørlege Nederlanda (i dag Belgia, Luxembourg og Nord-Frankrike) vart verande under spansk kontroll. Den kontinuerlege undertrykkinga frå spanjolane i sør førte til at den finansielle, intellektuelle, og kulturelle eliten flykta nordover og var medverkande til den store suksessen Den nederlandsk republikken hadde. Mot slutten av krigen i 1648 gjekk store område av Dei sørlege Nederlanda over til Frankrike.

Den første fasen av konflikten kan reknast som den nederlandske sjølvstendekrigen. I den andre fasen var hovudmålet å få offisiell respekt for det alt de facto sjølvstende til Dei sameinte Nederlanda. Denne fasen skjedde samstundes med at Nederland var ei stormakt som grunnla Det nederlandske koloniriket.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nederlanda kom inn under Habsburg i 1479 etter at Maximilian I arva delar av Hertugdømmet Burgund. Nederlanda var ein viktig habsburgsk provins dei neste årene, mellom anna var det her Karl V av Det tysk-romerske riket vart fødd og voks opp. Etter at Karl abdiserte i 1556 gjekk den spanske krona over til sonen Filip II av Spania. Filip var hovudsakleg interessert i den spanske delen av riket, og nedprioriterte Nederlanda.

Samstundes gjekk mange nederlendingar over til kalvinismen. Dette var særs upopulært hos den katolske kongen, og den 16. februar 1568 fekk han med seg paven på at alle nederlendingar var kjettarar og dermed skulle drepast.

Den sterke økonomiske veksten i Nederlanda på 1500-talet gjorde at kongen skattla provinsane høgt. Mellom anna vart flåten brukt i slaget ved Lepanto finansiert frå Nederlanda. Skattetrykket gjorde at delar av den nederlandske adelen protesterte, noko som førte til uro i 1566–67. Uroa tok ikkje slutt før spanjolane gjekk med på å endre skattepolitikken.

Opprøret bryt ut[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm I av Orange, leiaren for det nederlandske opprøret

På 1560-talet vart ein spansk hær under Hertugen av Alba si leiing send til Nederlanda for å kvele det gryande opprøret. Motstanden mot Alba førte til at Vilhelm I av Orange, stadthaldaren i Holland, Zeeland og Utrecht, samla ein hær og prøvde å drive Alba ut av Nederlanda. Våren 1568 kjempa nederlendingane og spanjolane i slaget ved Heiligerlee, eit slag som enda med siger til opprørarane.

I 1572 måtte Alba marsjere sørover på grunn av trusselen om eit fransk åtak. Dette gjorde at ein opprørsflåte kunne ta kontrollen over byen Vlissingen i Zeeland. Etter at trusselen frå Frankrike var over på hausten kunne Alba trekke nordover og igjen ta kontrollen over mesteparten av Nederlanda, men ein langvarig omleiring av Haarlem (desember 1572–juli 1573) gjorde at Alba stod utan dei nødvendige midlane til å gjenerobre Zeeland.

I 1575 vart det gjennomført mislykka fredssamtaler i Breda. Året etter gjekk den spanske kongen konkurs, og misnøgde spanske soldatar plyndra Antwerpen på grunn av manglande lønnsutbetalingar. Same år vart Don Juan de Austria utnemnd til ny spansk guvernør i Nederlanda. Utnemninga av Don Juan gjorde at opprørarane samla seg og underteikna ein avtale i Gent i november. Her avtalte dei å leggje interne stridar til side og samle seg i kampen mot spanjolane.

Militært sett gjekk det derimot ikkje så godt for opprørarane desse åra. Den 80 000 mann sterke spanske hæren under Don Luis de Requeséns dominerte slagmarkene. I 1574 vart Ludvig av Nassau drepen og hæren hans øydelagt ved Mokerheide, og Don Juan vant ein stor siger ved Gembloux i 1578.

Utrechtunionen og Dei sameinte Nederlanda[endre | endre wikiteksten]

Kart over Dei spanske Nederlanda i 1579

Dei sørlege nederlandske provinsane var i hovudsak katolske, og støtta ikkje opprøret i nord. I januar 1579 underteikna dei derfor Atrechtunionen, der dei respekterte den spanske kongen og den nye guvernøren Hertugen av Parma. Samstundes vart det gjort klart at katolisismen var den rette trua i området.

Som eit svar på dette, vart Utrechtunionen underteikna to veker seinare. Her vart Holland, Zeeland, Utrecht, Gelderland og Groningen samla. To år seinare gjekk òg Brüssel, Antwerpen og Gent inn i unionen. I 1581 vart det vedteke at unionen ikkje lenger skulle respektere den spanske kongen, og unionen vart omdanna til republikken Dei sameinte Nederlanda.

Hertugen av Parma held fram krigen[endre | endre wikiteksten]

Hertugen av Parma viste seg å vere ein dyktig kommandant, og han sette i gang med å erobre byar i sør som ikkje ville underkaste seg Spania. Han erobra Maastricht i 1579, Tournai i 1581, Oudenaarde i 1582, Dunkerque i 1583 og Brugge og Gent i 1584. Den 17. august 1585 vart Antwerpen erobra etter ei omleiring på fjorten månader. No rykte hertugen over Rhinen og Maas, og erobra Zutphen og Deventer.

I 1585 blanda England seg inn i krigen, og sende ein hær leia av Jarlen av Leicester for å støtte opprørarane. Denne hæren viste seg å vere lett motstand for dei erfarne spanjolane, og engelskmennene fekk ikkje utretta stort. England sin inntreden i krigen fekk likevel Parma til å stoppe offensiven, då han i 1588 fekk ordre om å gjere seg klar til ein invasjon av England.

I 1590 måtte den spanske hæren i Flandern marsjere sørover for å intervenere i Frankrike. Over 40 000 soldatar vart overført til styrken som deltok i Frankrike, noko som gjorde at nederlendingane fekk sjansen til å sette i gang ein offensiv.

Denne offensiven vart leia av Maurits av Nassau, prins av Orange, og vart ein stor suksess. Breda vart gjenerobra i eit overaskelsesåtak i 1590, noko som vart følgd opp av ein større offensiv i Brabant. I løpet av dei første åra av offensiven fall Deventer, Hulst og Nijmegen til opprørarane, og i 1592 gjenerobra Maurits store område i nordaust. I 1600 vann Maurits ein stor siger i slaget ved Nieuwpoort.

Maurits greidde derimot ikkje å følgje opp sigersrekka, og ein spansk hær under Ambrogio Spinola erobra Oostende i 1604 etter ei lang omleiring. Spinola marsjerte så nordover inn i Dei sameinte Nederlanda, men ein ny spansk konkurs i 1607 gjorde at offensiven måtte stoppe.

I 1609 vart ein våpenkvileavtale underteikna. Denne skulle vise seg å vare i tolv år. Avbrotet i krigen vart nytta av nederlendingane til å bygge opp flåten.

Sluttfasen[endre | endre wikiteksten]

Frå overgjevinga av Breda. Måleri av Diego Velázquez, 1635. Museo del Prado, Madrid.

Etter Maurits sin død i 1625 heldt krigen fram med broren Frederik Hendrik av Oranien som leiar. Tre år før hadde Spinola og spanjolane igjen erobra Breda, men under Frederik Hendrik gjekk krigslykka i favør av opprørarane. I 1629 erobra opprørarane byen 's-Hertogenbosch, den største byen i Noord-Brabant. I 1632 erobra opprørarane Venlo, Roermond og Maastricht.

Dei neste åra prøvde Frederik Hendrik å erobre byar lengre sør, men han mislukkast med å erobre Antwerpen og Brüssel. Han møtte òg på motstand frå dei lokale innbyggjarane, som tydelegvis mislikte sine kalvinistiske landsmenn meir enn sine spanske herrar.

I løpet av dei neste åra var det relativt roleg, då det etter kvart var vorte klart at spanjolane ikkje kunne gjenerobre dei nordlege provinsane, samstundes som Dei sameinte Nederlanda ikkje kunne erobre dei sørlege Nederlanda. Eit siste større spansk forsøk på å knuse opprøret kom i 1639, då admiral Antonio de Oquendo og ein armada med 20 000 mann vart send mot Flandern. Denne armadaen vart knust av admiral Maarten Harpertszoon Tromp i slaget ved Duins, noko som markerte den definitive slutten på Spania som den dominerande sjømilitære makta i Europa.

Fred[endre | endre wikiteksten]

I samband med med freden i Westfalen og avslutninga på trettiårskrigen i 1648 vart Dei sameinte Nederlanda respekterte av Spania, noko som var slutten på åttiårskrigen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Pieter Geyl. (1932), The Revolt of the Netherlands, 1555-1609. Williams & Norgate, UK.
  • Pieter Geyl. (1936), The Netherlands Divided, 1609-1648. Williams & Norgate, UK.
  • Israel, Jonathan I. (1998), The Dutch Republic. Its Rise, Greatness, and Fall 1477-1806, Clarendon Press, Oxford, ISBN 0-19-820734-4.
  • Parker, Geoffrey (1977), The Dutch revolt, Penguin books, London
  • Pepijn Brandon (2007), "The Dutch Revolt: a Social Analysis" from International Socialism journal 116, autumn 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Denne artikkelen oppgjer 1568 som startåret for krigen, sidan det var dette året dei første kampane fann stad. Det hadde derimot vore lange periodar med uro som førte fram til krigen, og det er vanskeleg å fastsetje kortid krigen eigentleg starta.