Frederiks gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederiks gate i 1933. Frederiks gate går rett fram i biletet. Til venstre for gata ligg mellom anna Nisseberget i Slottsparken, til høgre universitetsbygningane attmed Karl Johans gate. Karl Johans gate er gata på tvers i framgrunnen, og Slottsbakken går opp gjennom skjeringa til venstre.

Frederiks gate er ei av sentrumsgatene i Oslo. Gata går frå St. Olavs gate til Henrik Ibsens gate, og inngår i det vegsystemet ikring sentrumsområdet som vert kalla Ring 1.

På austsida av gata ligg mellom anna Kulturhistorisk museum (Oldsaksamlingen) og området til den gamle delen av Universitetet i Oslo, og på vestsida ligg Slottsparken med Nisseberget og Abelhaugen. Gata kryssar Karl Johans gate ved oppkøyringa til Slottet.

Gata vart namnsett i 1852 og har namn etter kong Frederik VI. Det var under han at Universitetet i Oslo vart skipa i 1811. Universitetet heitte då Det Kgl. Frederiks Universitet (latin: Universitas Regia Fredericiana).