Fredrik Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Müller
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1878
Sunndal kommune
Død

17. mai 1921 (42 år)
Vestre Aker

Yrke prest
Far Christian Høy Müller

Fredrik Johan Müller (9. juli 18781921) var ein norsk prest, fødd i Sunndal.

Müller var utdanna cand.theol. frå Universitetet i Oslo i 1902. Dei neste åra hadde han ymse jobbar, mellom anna var han i 1910 husfar på ein døveheim på Ljan i dåverande Aker kommune. Frå 1912 til -16 var han sokneprest i Fjotland i Vest-Agder. Sidan var han hovudlærar på den nyoppretta bibelskulen til Indremisjonsselskapet i Oslo til han døydde våren 1921. Müller gav ut boka Smertenes mann, ei faste-/oppbyggingsbok som kom i fleire opplag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]