Fredrikshamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrikshamn
kommune
Haminan raatihuone.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Kymmenedalen
Areal 630 65 km²
Folketal 21 956 (31.12.2005)
Grunnlagd 1653
Ordførar Hannu Muhonen (rådmann), Kalervo Tulokas (kommunestyre)
Postnummer 49400 - 49980
Retningsnummer 05
Språk finsk
Wikimedia Commons: Hamina


Fredrikshamn (fi. Hamina) er ein by i landskapet Kymmenedalen sør i Finland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prestegjeldet som Fredrikshamnvart grunnlagt i, Veckelax, er nemnd i kjeldene for første gong i 1336. Staden fekk stapelstadsrätter i 1653. Byen vart kalla Veckelax Nystad.

I 1723 vart Fredrikshamn grunnlagt, og bygd som ein sirkel. Samtidig byrja dei å byggje eit festningsverk rundt byen. I 1743 vart Fredrikshamn overført til Russland som ein del av avtalen i Åbofreden. Som resultat av dette fek byen nytt namn, Friedrichshafen. I staden for Fredrikshamn vart Lovisa grunnlagt som ny grenseby mot Russland.

I 1809 vart fredsavtalen mellom Finland og Russland underteikna her, den såkalla Freden i Fredrikshamn. I 1812 vart Fredrikshamn, i lag med resten av Viborgs län ført tilbake til Finland, som då i alle fall hadde vorte ein del av Russland.

I 1821 vart byen råka av ein brann som øydela sentrum av byen. I 1840 brann det på ny, og i 1841 vedtok byen ein ny byplan med breiare gater.

Våpen (fram til 31.12.2002)

Under vinterkrigen vart Fredrikshamn råka av russisk bombing, og etter krigen i 1940 bygde dei opp bydelen Ruotsinkylä (‘Sveriges by’) med trehus som vart gjevne som gåve frå Sverige. Byen vart også bomba under fortsetjingskrigen, og til saman vart over 60 bygningar øydelagde under bombingane i 1939–1944.

Den 1. januar 2003 vart Veckelax, landkommunen rundt Fredrikshamn, slått saman med bykommunen.

Stader å sjå[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]




Kommunar i landskapet Kymmenedalen
Fredrikshamn | Iitti | Kotka | Kouvola | Miehikkälä | Pyttis | Virolahti