Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, tidlegare LLH - Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner, er ei norsk foreining som jobbar for eit samfunn der alle ope kan leve ut identiteten sin, kjærleiken sin, seksualiteten sin og kjønnsuttrykka sine basert på likeverd og samtykke. Namnebytet fann stad på landsmøtet 3. april 2016. [1] Foreininga har røter i Det norske forbundet av 1948 (forkorta DNF 48).

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Fri har lokale lag over heile landet leida av lokale syre. Foreininga har mange aktivitetsgrupper; dei fleste er organisert under Fri Oslo og Akershus. Fri har også ein ungdomsorganiasjon Skeiv ungdom. Fri har eit Landsstyre sett saman av leiarane frå lokallaga, og eit Sentralstyre med styremedlemer som vert valt av det høgaste organet Landsmøtet. Fri har nokre tilsette sentralt; reisten jobbar på frivillig basis. Ingvild Endestad vart valt til ny leiar i Fri på Landsmøtet i 2016.

Historie[endre | endre wikiteksten]

20. mai 1950 vart det halde konstitueringsmøte i Oslo for den første norske foreininga for homofile - ein underavdeling av det danske Forbundet af 1948. I 1953 skifta organisasjonen namn til Det norske forbundet av 1948 (DNF 48). Homofili var på denne tida straffbart i Noreg (Straffeloven § 213, 1902-1972) og dessutan ein psykiatrisk diagnose (WHO Diagnose 302 II: Seksuelt avvik - mental forstyrrelse). Det tok 15 år frå organisasjonen vart starta til nokon ope representerte han; Kim Friele var frå 1965 open om den seksuelle legninga si, og ho var redaktør for 'OSS', det første tidsskriftet til foreininga. Ho tok over som leidar av DNF i 1968, og vart i 1971 generalsekretær i DNF, ein posisjon ho hadde frem til 1989. I 1976 vart DNF 48 splitta, og ein fraksjon oppretta Fellesrådet for homofile organisasjonar. Desse to organisasjonane vart samla på ny då LLH vart oppretta 29. november 1992. 

På Landsmøtet i juni 2008 endra organisasjonen namn frå Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring til det som tidlegare hadde vore forkortinga, nemleg LLH - Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner. Ein ynskte også å inkludere fleire kategoriar som til dømes interkjønna og aseksuelle. Etter fleire års diskusjon kom ein på Landsmøtet i april 2016 fram til det nye namnet Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.

Leiarar i LLH[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ny leder og nytt navn. Besøkt 4. april 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]