Frida Ånnevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frida Ånnevik

Frida Ånnevik under Kongsberg Jazzfestival i 2019.
Foto: Tore Sætre
Fødd18. juni 1984 (39 år)
FødestadHamar kommune
OpphavNoreg
Sjangervokaljazz, jazz
Instrumentvokal
PlateselskapGrappa
Verka somsongar, jazzmusikar
FarTor Karseth
PrisarSpellemannprisen for årets tekstforfatter, Neshornprisen, Hedmark fylkeskommunes kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Vidar Sandbecks kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen for årets hit

Frida Ånnevik (fødd 18. juni 1984) er ein norsk artist frå Hamar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ånnevik vann Grappas debutantpris i 2009, og gav ut debutalbumet Synlige hjerteslag året etter. Albumet fekk 10 av 10 poeng på NRK P1-programmet Norsk på norsk.[1] I 2010 vann ho Tekstforfatterfondets debutantpris Lyspunkt, som vert delt ut av NOPA.[2] For albumet vart ho dessutan nominert i to kategoriar i Spellemannprisen 2010: årets nykomar og viser.[3] I 2011 blei ho tildelt Vidar Sandbecks kulturpris.

I 2013 gav Ånnevik ut albumet Ville ord. For albumet vann ho Spellemannprisen 2013 i klassen tekstforfattar og vart i tillegg nominert i klassen viser. I 2014 vart ho tildelt Neshornet, avisen Klassekampens kulturpris. Saman med In The Country gav ho ut albumet Skogens sang i 2014. Albumet vart nominert til Spellemannprisen 2014 i open klasse. Ho gav ut albumet Her bor i 2016, og vann for det Spellemannprisen 2016 i klassen viser.[4] Ho vann ytterlegare to spellemannprisar for sine to neste album, Flyge fra under Spellemannprisen 2017[5] og Andre sanger under Spellemannprisen 2019[6], begge i kategorien viser.[7]

Ånnevik har spela inn songar med Odd Nordstoga, Don Martin, Guren Hagen og Chris Holsten.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ånnevik er dotter av visesongaren Tor Karseth.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Årets beste plate på norsk. NRK Hedmark og Oppland.
  2. 9. desember 2010: NOPA-priser Arkivert 2011-02-27 ved Wayback Machine..
  3. Spellemannprisnominerte 2010. Frå spellemann.no.
  4. Kjetil Brorson Dahl (28. januar 2017): Frida Ånnevik vant Spellemann. Østlendingen
  5. «Se alle Spellemann-vinnerne her». nrk.no. 25. februar 2018. Henta 26. februar 2018. 
  6. «Spellemannvinnere». nrk.no. 1. mai 2020. Henta 1. mai 2020. 
  7. Frida Ånnevik - Portrettintervju i Klassekampen 11. juli 2020
  8. «Spellemannominasjoner 2019». nrk.no. 7. februar 2020. Henta 8. februar 2020. 
  9. «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». nrk.no. 12. februar 2021. Henta 16. april 2021. 
  10. «Rolf Gammlengs pris våren 2021». ffuk.no. 1. juni 2021. Henta 11. juni 2021.