Soga om Fridtjov den frøkne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fridtjof den frøkne)
Statue av Fridtjof den frøkne på Vangsnes, laga av Max Unger (1854–1918) 1910-12, overlevert juli 1913.

Soga om Fridtjov den frøkne (norrønt Friðþjófs saga ins frækna) er ei islandsk fornaldersoge frå 1300-talet. Soga skildrar Fridtjofs kamp for å få gifta seg med Ingebjørg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Fridtjov den frøkne og kongsdattera Ingebjørg voks opp som fostersysken hos ein god bonde inne i Sogn med namnet Hilding. Far til sogehelten var hersen Torstein Vikingsson, som budde på Framnes. Ingebjørg var dotter av Kong Bele, og søster til Helge og Halvdan. Bele og sønene synest ikkje at Fridtjov var god nok for Ingebjørg, og får sendt han utanlands. Ingebjørg blir gifta bort til den gamle kong Ring, for å hindre ein krig. Når Fridtjov omsider kjem heim til Noreg, går han i løynd i teneste hos kong Ring. Hans truskap til kongen vert løna når kongen døyr kort tid etter: Fridtjov arvar både riket og dronninga.

Framside av Frithiofs Saga
av Esaias Tegnér (1876)

Teksthistorie[endre | endre wikiteksten]

Ei fritt dikta framstilling av den islandske soga om Fridtjov den frøkne er Esaias Tegnér sin diktsyklus Frithiofs saga, ei romantisk skildring i diktform frå 1820 til 1825. Utover 1800-talet blei Tegners bok svært populær i Skandinavia og Tyskland. Ho blei yndlingslektyren til tyske Keisar Wilhelm II som nærast identifiserte seg med helten i sagaen. Det blei sagt at høglesing frå boka var eit fast ritual om bord på keisarbåten Hohenzollern når keisaren var på reise. I 1858 omsette Ivar Aasen historia om Fridtjov den Frøkne til nynorsk. Ho blei prenta som tilleggshefte til bladet Folkevennen.

Musikalske tolkingar av Fridtjovsoga[endre | endre wikiteksten]

Fridtjovsoga har gjennom tidene inspirert ei rekkje komponistar. Til dømes skreiv den tyske komponisten og dirigenten Max Bruch i 1864 ei kantate med tittelen Frithjof, Op. 23 basert på Esaia Tegnér si gjendikting av sagaen. Heinrich Hofmann publiserte 1874 Frithjof-Sinfonie op. 22 som i ein periode var det mest spelte orkesterstykket i Tyskland. Ei nyare tolking av soga er musikken til Fridtjovspelet som hadde premiere i 2008 på Vangsnes. Musikken er skrive av Magne Rutle og omfattar stykke for orkester, kor og solistar. Musikken er også spelt inn på ein CD.

Statuen av Fridtjov den Frøkne[endre | endre wikiteksten]

I 1913 reiste keisar Wilhelm II av Tyskland ei statue av Fridtjov den Frøkne på Vangsnes. Statuen er 10,5 meter høg og står på ein 12 meter høg sokkel, slik at han totalt når 22,5 meters høgd.[1] Statuen står i ein liten park med utsikt over Sognefjorden. Avdukinga av statuen føregjekk den 31. juli både med kong Haakon og den tyske keisaren til stades. Det var ein folkefest med truleg over 5000 tilskodarar. Det blei laga ei revyvise om statuen av Vilhelm Dybwad, som blei framført på Chat Noir i Oslo i 1913 og som ser kritisk på dimensjonane til statuen og keisar Wilhelm II.

Ved avdukinga 31. juli 1913 sa keiseren blant anna[2]: «For at hvile efter tungt og ansvarsfuldt arbeide søker jeg herop. Jeg har nu i tyve aar paa mitt skib reist til Nordden og er blit mottatt i Norge med gammel germansk gjestfrihet. Det var mig en trang at vise et ydre tegn paa min taknemlighet mot det norske folk. Gjennem de hellige sagn fandt jeg anledning til dette. Særlig tiltalte mig sagnet om Herskeren i Balestrand, Kong Bele, Ingeborgs fader, den tapre helt. Dette staar nu formet for os, Kong Bele av Gørtz’ kyndige haand paa gravhaugen, medens Fridtjof er det mesterverk, som professor Unger har skapt.»

Kraftige tømmerstokkar som var flyteelement då dei frakta statuen frå Tyskland til Noreg, vart nytta til å reisa Sygna UldvarefabrikHermansverk seinare same året.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «NRK.no - Fylkesleksikon», www.nrk.no, henta 5. september 2022 
  2. Morgenbladet 30/31.juli 1913, sitert i Morgenbladet 26.juli 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]