Friedrich Wilhelm Argelander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Friedrich Wilhelm Argelander
Argelander.jpg
Friedrich Wilhelm Argelander
Fødd22. mars 1799(1799-03-22)
Klaipėda
Død17. februar 1875 (75 år)
Bonn
NasjonalitetPrøyssisk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Bonn
Observatoriet i Königsberg
Alma materKönigsberg
DoktorgradsrettleiarFriedrich Bessel
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det bayerske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
American Academy of Arts and Sciences

Friedrich Wilhelm August Argelander (22. mars 179917. februar 1875) var ein tysk astronom.

Han var direktør for Åbo observatorium i 1823, for Helsingfors observatorium i 1827 og for observatoriet i Bonn i 1837.

Argelander fullførte i 1862 katalogen Bonner Durchmusterung med tilhøyrande atlas. Her er det gjeve posisjon og lysstyrke for 324 000 stjerner. Alle målingane var utført av han sjølv, og observasjonane tok 25 år. Han er òg kjent for det grunnleggande arbeidet over variable stjerner. I 1844 skildra han ein enkel metode, trinn-metoden, for visuell samanlikning av lysstyrken til variable stjerner med uforanderlege stjerner som referanse. Berre 18 variable stjerner var kjende i 1844.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Friedrich Wilhelm Argelander