Friedrich Wilhelm Bessel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Wilhelm Bessel

C. A. Jensen, Friedrich Wilhelm Bessel, 1839 (Ny Carlsberg Glyptotek)
Fødd22. juli 1784(1784-07-22)
Minden i Minden-Ravensberg (dagens Tyskland)
Død17. mars 1846 (61 år)
Königsberg i Preussen (dagens Kaliningrad i Russland)
BustadPreussen
NasjonalitetPreussenn (Tyske)
OmrådeAstronomi og matematikk
Yrkeastronom, matematikar, universitetslærar, geodet, fysikar
InstitusjonarObservatoriet i Königsberg
Albertus-Universität Königsberg
DoktorgradsrettleiarCarl Friedrich Gauss
DoktorgradsstudentarFriedrich Wilhelm Argelander
Kjend forBessel-funksjonar
Stjerneparallakse
Bessel-ellipsoide
EktefelleJohanna Bessel
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det franske vitskapsakademiet
Göttingens vitenskapsakademi
Det bayerske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Royal Society of Edinburgh
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL

Friedrich Wilhelm Bessel (22. juli 178417. mars 1846) var ein tysk astronom og matematikar.

Han var professor i Königsberg frå 1810, og grunnla 1811–1813 Königsberg observatorium. Han publiserte i 1818 ein katalog, Fundamenta astronomiae, over reduserte posisjonar av 3222 stjerner, basert på Bradley sine observasjonar frå 1727–1747. Katalogen har vore viktig for undersøking av eigenrørsla til stjernene. Eldre stjernekatalogar inneheld berre råmaterialet av observasjonane og er derfor ikkje direkte brukbare til dette. Bessel føretok frå 1821 til 1833 over 76 000 nøyaktige observasjonar av stjerneposisjonar og samla ein katalog som gav koordinatene for 63 000 stjerner. Han utførte i 1838 den første pålitelege målinga av parallaksen til ei stjerne (61 Cygni), og føresåg i 1844 ut frå periodiske forandringar i eigenrørsla for Sirius og Procyon at desse stjernene hadde usynlege følgjarar (observert første gang i høvesvis 1862 og 1892). Bessel utførte store arbeid innafor geodesi og geofysikk, og var òg ein dugande teoretikar. Han løyste i 1824 «Kepler-problemet» ved bruk av sylinderfunksjonar. Etter han er desse kalla besselske funksjonar eller Bessel-funksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]