Friis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Friis er fleire norske og danske ætter.

Av dei norske:

  1. Friis frå Landvik. Utdøydd 1727.
  2. Friis frå Svendborg. Til denne ætta høyrer mellom anna politikaren Brynjulf Friis Bull (1906-93),ordførar i Oslo for Arbeidarpartiet i fjorten år.
  3. Friis frå Rugsund. Ættar ned frå teologistudent Niels Friis. Han deltok i 1660 av forsvaret av Københamn, drog så til sjøs med admiral Cort Adelers nye flåte. Med admiralens vitnemål i handa kunne dei seinare ikkje godt nekta Friis eit prestekall i Noreg. Han vart sokneprest til Vanylven på Nordvestlandet og heilt visst den største teologiske katastrofen i den lange presterekka der. Han vart berga av son sin, som med medel frå morsætta, den rike presteslekta Bugge, i 1728 kjøpte øya og handelsstaden ved Rugsund ytst i Nordfjord. Dit berga han gamle far sin. Friisfolket herska der i fleire hundreår, eigde mykje jord, dreiv handel og brennevinsbrenneri (1857-93). I 1837 vart Henrik Didrik Eckhoff den første ordføraren i Davik kommune. Til denne ætta høyrer m.a. finansmannen Einar Friis Skogstad og Unni Friis Skogstad.

Nokre personar med Friis som etternamn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]