Frithjof Klemsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frithjof Klemsdal
Fødd26. juli 1923
Død18. august 2008 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ole Frithjof Klemsdal (26. juli 192318. august 2008) var ein norsk industrimann og politikar frå Mandal. Han representerte Vest-Agder og partiet HøgreStortinget frå 1981 til 1989.

Klemsdal var son til eigaren av Mandals Motorfabrikk og arbeidde på fabrikken frå sine unge år. Inn i mellom gjekk han yrkesskule, handelsskule og tok i 1947 eksamen ved Oslo tekniske skole. Etter eit års tid som konstruktør på John Deere Tractor i USA, arbeidde han på Mandals Motorfabrikk frå 1948, bortsett frå 1952-53 då han var arbeidsstudie-ingeniør ved NEBB i Oslo. Klemsdal var disponent for Mandals Motorfabrikk frå 1967 til 1981.

Klemsdal engasjerte seg i lokalstyringa av Mandal og var medlem i Mandal bystyre 1953–63, varaordførar 1957–58. Han var elles styreformann 1956-59 i elektrisitetsverket i Mandal, formann 1961-81 i hamnestyret og 1972-79 i teknisk utval i kommunen. I tida 1970-82 var han styreformann i Mandal Sparebank.

Klemsdal var stortingsrepresentant frå Vest-Agder og for Høgre frå 1981 til -89. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Forsvarskomiteen, i den andre i Energi- og industrikomiteen.

Mandals Motorfabrikk gjekk konkurs i 1984, og Klemsdal starta sidan opp Marna Motor. Han dreiv det firmaet i mange år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]