From a Jack to a King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
From a Jack to a King
Singel av Ned Miller
frå albumet From a Jack to a King
B-side «Parade of Broken Hearts»
Utgjeve 1957
Innspelt 1957
Sjanger Country
Lengd 2:10
Selskap Fabor
Låtskrivar(ar) Ned Miller
Produsent Fabor Robison
Ned Miller-kronologi
«Dark Moon»

(1961)

From a Jack to a King «One Among the Many»

(1963)


From a Jack to a King er ein countrysong skriven og spelt inn av Ned Miller. Songen vart sidan spelt inn av mange andre countryartistar.

Ned Miller-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den originale versjonen til Ned Miller vart først gjeven ut i 1957, men gjorde det då dårleg. Han overtydde plateselskapet sitt om å gje ut songen på ny fem år seinare.[1] Den nye utgåva vart ein hit og nådde andreplassen på country-lista til Billboard i USA og sjetteplassen på poplista, i tillegg til ein tredjeplass på easy listening-lista.[2] I tillegg nådde versjonen til Miller toppen av Irish Singles Chart, og andreplassen på UK Singles Chart. Songen vart den sjette mest spelte singelen i Storbritannia i 1963.[3]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 2
U.S. Billboard Hot 100 6
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Singles 3
UK Singles Chart 2
Irish Singles Chart 1

Ricky Van Shelton-versjonen[endre | endre wikiteksten]

From a Jack to a King
Singel av Ricky Van Shelton
frå albumet Loving Proof
B-side «The Picture»
Utgjeve 24. desember 1988[4]
Innspelt 19. januar 1988[4]
Sjanger Country
Lengd 2:21
Selskap Columbia Nashville
Låtskrivar(ar) Ned Miller
Produsent Steve Buckingham
Ricky Van Shelton-kronologi
«I'll Leave This World Loving You»

(1988)

From a Jack to a King «Hole in My Pocket»

(1989)


I desember 1988 gav countryartisten Ricky Van Shelton ut sin eigen versjon av «From a Jack to a King». Versjonen til Shelton vart den femte songen hans på rad som gjekk inn på Billboard Hot Country Singles-lista.[5]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988–1989) Plassering
US Country Songs (Billboard)[6] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Position
Canada Country Tracks (RPM)[7] 52
US Country Songs (Billboard)[8] 58

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein tysk versjon kalla «Wenn die Sonne versinkt» vart skriven av Lilibert og framført av Will Brandes i 1963.

Ein dansk versjon kalla «Jeg har uheld i spil» vart skriven av Sejr Volmer-Sørensen og framført av Bjørn Tidmand i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. allmusic ((( Ned Miller > Biography )))
  2. allmusic
  3. UKMIX - Articles - Chart of All Time - 1963
  4. 4,0 4,1 Greatest Hits Plus (CD). Ricky Van Shelton. Columbia Records. 1992. 52753. 
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 310. 
  6. "Van Shelton?f=357&g=Singles Ricky Van Shelton Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Ricky Van Shelton. Prometheus Global Media.
  7. «RPM Top 100 Country Tracks of 1989». RPM. 23. desember 1989. Henta 28. august 2013. 
  8. «Best of 1989: Country Songs». Billboard. Prometheus Global Media. 1989. Henta 28. august 2013. 
  9. Second Hand Songs. Vitja 8. januar 2017