Mud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mud
Mud - TopPop May 1974 5.png
Mud i 1974
AliasLes Gray's Mud (1980-2004)
Mud II (sidan 2004)
OpphavCarshalton, Greater London, England
Aktiv1966–1979, sidan 1980
SjangerGlamrock, pop, rock and roll
PlateselskapRak Records
Private Stock Records
RCA Records
Tidlegare medlemmerRob Davis
Les Gray
Ray Stiles
Dave Mount
Andy Ball
Margo Buchanan
Stuart Amesbury
Cherie Beck
Dale Fry
Rob John
Nick Richie
Tim Fish
Mark Hatwood
Kevin Fairburn
John Berry
Wole Rother

Mud er eit engelsk glamrockband, skipa i februar 1966. Dei hadde tidleg suksess innan pop, og sidan innan glamrock. Dei seinare hittane deira var inspirerte av rock and roll frå 1950-åra og dei vert best hugsa for hitsinglane «Dyna-mite» , «Tiger Feet», som var den bestseljande singelen i Storbritannia i 1974, og «Lonely This Christmas» som låg på toppen av den britiske singellista jula 1974. Etter at dei signerte kontrakt med Rak Records og slo seg saman med låtskrivarane og produsentane Nicky Chinn og Mike Chapman, fekk bandet fjorten hittar på britisk topp 20 mellom 1973 og 1976, inkludert tre førsteplassar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mud I[endre | endre wikiteksten]

1966–1972: dei tidlege åra[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart skipa av sologitaristen Rob Davis,[2] solovokalist Les Gray,[2] trommeslagar Dave Mount (fødd 3. mars 1947,[2] Carshalton; død 2. desember 2006 på St Helier's Hospital i Carshalton[3]) og bassisten Ray Stiles (fødd 20. november 1946,[2] Guildford i Surrey).

Bandet gav ut debutsingelen «Flower Power» på CBS i 1967, men fekk ikkje umiddelbar suksess.[4][5][6] Dei gav ut tre singlar til i 1967 og 1968, «Up the Airy Mountain»/«The Latter Days», «Shangri-La»/«House on the Hill» og «Jumping Jehosophat»/«Won't Let It Go», men ingen av desse gjekk inn på UK Singles Chart.

Bandet spelte på The Basil Brush ShowBBC TV og turnerte som oppvarmingsband for Jack Jones.

1973–1976: gullåra[endre | endre wikiteksten]

Mud i AVRO-showet TopPop (nederlandsk fjernsyn) i 1974.

Etter fleire år med mislykka singlar, fekk dei kontrakt hos selskapet til Mickie Most, Rak, og fekk tre topp 20-singlar i 1973 med «Crazy» (12. plassen), «Hypnosis» (16. plassen) og «Dyna-mite» (fjerdeplassen).[1]

På toppen av karrieren sin gjekk dei til toppen av den britiske singellista med «Tiger Feet» og «Lonely This Christmas» (1974), ein kjærleg Elvis Presley-pastisj; i tillegg til «Oh Boy» (1975), ein coverversjon av Buddy Holly-hitten, som òg kmo ut på albumet deira Mud Rock Volume 2. «Tiger Feet» selde over 500 000 eksemplar i Storbritannia og ein million globalt.[2]

Som Sweet kom den mest suksessrike perioden deira då platene deira vart skrivne og produserte av Nicky Chinn og Mike Chapman: i 1975 hadde dei sju singlar på britisk topp 40 og låg totalt 45 veker inne på lista, mest av alle artistar i 1975. «Oh Boy» var den einaste førsteplassen deira som vart produsert av Chinn og Chapman som dei ikkje òg skreiv.[7]

«Lonely This Christmas» vert ofte spelt kring juletider på britisk radio og fjernsyn (som Slade sin «Merry Xmas Everybody» og Wizzard sin «I Wish It Could Be Christmas Everyday»). Bandet omfamna òg den gryande disco-bølgjar, noko ein kan høyre på singelen «Shake It Down» i 1976, som nådde 12. plassen på den britiske singellista. Etter «Tiger Feet» gav dei ut «The Cat Crept In» som nådde andreplassen i april 1974. Songen vart skriven for å utnytte at Les Gray kunne syngje som Presley.[8] Den neste singelen «Rocket» nådde sjetteplassen i Storbritannia, etter at dei gav ut nok eit spor frå albumet Mud Rock, ein versjon av «In the Mood». Denne kom ut under namnet «Dum» («Mud» stava baklengs), men gjekk ikkje inn på salslista.

Etter suksessen med «Lonely This Christmas», slo dei seg inn på valentinsdag-marknaden med «The Secrets That You Keep», som nådde tredjeplassen i februar 1975. På denne tida avrunda Mud kontrakten sin med Rak med tre singlar til, «Oh Boy» (den tredje og siste førsteplassen deira), «Moonshine Sally» (10. plassen) og «One Night» (32. plassen). Mud avslutta samarbeidet med Chinn og Chapman i midten av 1975 og signerte for Private Stock (med lisens til Philips i Europa). Der fekk dei tre britiske topp 20-hittar i løpet av sju måandar: «L'L'Lucy» (10. plassen), balladen «Show Me You're a Woman» (åttandeplassen) og den disco-aktige «Shake It Down» (12. plassen). På dei to sistnemnde singlane flytta dei seg bort frå glamrock, som no var gått av moten. Klaverspelaren Andy Ball, tidlegare i Candlewick Green, kom inn i bandet ei kort stund på denne tida, men vart erstatta tidleg i 1978 av Brian Tatum.[9]

Den siste singelen deira som nådde den britiske singellista var ein coverversjon av Bill Withers-songen «Lean on Me», som nådde sjuandeplassen på den britiske singellista i desember 1976.[1]

1977–1979: nedgang og oppløysing[endre | endre wikiteksten]

«Lean on me» vart etterfølgd i 1977 av Gray sin soloversjon av «Groovy Kind of Love» på Warner Bros., som nådde 32. plassen i Storbritannia. I 1977 hamna Private Stock i økonomiske problem, og bandet flytta til RCA. Den første singelen deira på RCA var «Slow Talking Boy», ein folkrocksong skriven av John Kongos,[10] med Davis på ein 12-strengs mandolin. Dei framførte denne songen på BBC-programmet Top of the Pops,[11] men singelen gjekk ikkje inn på singellista. Den neste singelen til Mud, «(Just Try) A Little Tenderness», var siste gongen dei gjekk inn på ein nasjonal singelliste, då songen nådde 98. plassen i Australia.[12] Tre singlar til, alle coverversjonar, kom ut i 1978[10] før RCA droppa bandet og Gray slutta i bandet for å satse på ein solokarriere.

Det originale bandet fortsette i kort stund med ein kvinneleg vokalist, Margo Buchanan, som erstattar for Gray,[9] og gav ut ein mislykka singel for Carrere,[10] før bandet til slutt gav seg i 1979.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter at bandet vart oppløyst vart Stiles med i The Hollies, medan Davis vart medlåtskrivar på fleire suksessrike dance-hittar for Kylie Minogue og Spiller med Sophie Ellis-Bextor.[1] Trommeslagaren Mount gjekk inn i forsikringsindustrien. Mount var med i ein episode av Never Mind the BuzzcocksBBC Two i november 2005. Mount døydde 2. desember 2006.

1980–2004: Les Gray's Mud[endre | endre wikiteksten]

Etter at det originale bandet vart oppløyst i 1979, skipa Gray bandet på nytt som 'Les Gray's Mud'. Den første besetninga bestod av Stuart Amesbury (rytmegitar) og Cherie Beck (korvokal) frå Bristol-baserte Cherie Beck Band; i lag med Dale Fry (bass), Rob John (trommer) og Nick Richie (sologitar). Dei to sistnemnde vart erstatta i 1983 av gitaristen Tim Fish og trommeslagaren Mark Hatwood.[13] I 1985 slutta Amesbury, Beck og Fry i bandet, og i den nye besetningak om Kevin Fairburn på bass inn i bandet.[14]

I 1987 slutta alle medlemmane utanom Gray i bandet, og Gray henta inn bassisten John Berry, trommeslagaren Wole Rothe og gitaristen Syd Twynham som erstattarar. Rothe og Twynham hadde begge vore medlemmar i Liquid Gold før dei kom inn i Mud. Denne besetninga varte til 1998, då Rothe vart erstatta av Phil Wilson, og bandet heldt seg uendra fram til Gray døydde i 2004.

Sidan 2005: Mud II[endre | endre wikiteksten]

Etter at Gray døydde fekk dei tre attverande medlemmane løye frå den andre opphavlege medlemmane i Mud, i tillegg til familien til Gray, om å fortsette å bruke namnet. Berry Twynham og Wilson kalla seg så 'Mud II' og henta inn klaverspelaren Chris Savage.[15] Året etter slutta Berry og vart erstatta av Marc Michalski, som har halde det gåande fram til i dag.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Rob Davis- sologitar, vokal (sidan 1966)
  • Ray Stiles - bassgitar, solovokal (sidan 1966)
  • Keith Read - guitar (sidan 2015)
  • Pete Phipps - trommer (sidan 2015)

Tidlegare medlemmar
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument (1966–1978, 1980–2004; hans død)
  • Dave Mount - trommer, perkusjon (1966–1979; død 2006)
  • Andy Ball - klaverinstrument (1974–1976)
  • Margo Buchanan - solovokal (1978–1979)

Tidlegare medlemmar i Mud II

  • Stuart Amesbury - rytmegitar (1980–1985)
  • Cherie Beck - korvokal (1980–1985)
  • Dale Fry - bassgitar (1980–1985)
  • Rob John - trommer, perkusjon (1980–1983)
  • Nick Richie - sologitar (1980–1983)
  • Tim Fish - sologitar (1983–1987)
  • Mark Hatwood - trommer, perkusjon (1983–1987)
  • Kevin Fairburn - bassgitar (1985–1987)
  • John Berry - bassgitar (1987–2005)
  • Wole Rother - trommer, perkusjon (1987–1998)

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

1966-1974 1974-1976 1976-1978 1978-1979
  • Rob Davis - sologitar
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • Dave Mount - trommer, perkusjon
  • Ray Stiles - bassgitar, solovokal
  • Rob Davis - sologitar
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • Dave Mount - trommer, perkusjon
  • Ray Stiles - bassgitar, solovokal
  • Andy Ball - klaverinstrument
  • Rob Davis - sologitar
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • Dave Mount - trommer, perkusjon
  • Ray Stiles - bassgitar, solovokal
  • Rob Davis - sologitar
  • Dave Mount - trommer, perkusjon
  • Ray Stiles - bassgitar, solovokal
  • Margo Buchanan - solovokal
1979-1980 1980-1983
(Les Gray's Mud)
1983-1985
(Les Gray's Mud)
1985-1987
(Les Gray's Mud)

Oppløyst

  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • Stuart Amesbury - rytmegitar
  • Cherie Beck - korvokal
  • Dale Fry - bassgitar
  • Rob John - trommer, perkusjon
  • Nick Richie - sologitar
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • Stuart Amesbury - rytmegitar
  • Cherie Beck - korvokal
  • Dale Fry - bassgitar
  • Tim Fish - sologitar
  • Mark Hatwood - trommer, perkusjon
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • Tim Fish - sologitar
  • Mark Hatwood - trommer, perkusjon
  • Kevin Fairburn - bassgitar
1987-1998
(Les Gray's Mud)
1998-2004
(Les Gray's Mud)
2004-2005
(Mud II)
2005–present
(Mud II)
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • John Berry - bassgitar
  • Wole Rother - trommer, perkusjon
  • Syd Twynham - sologitar
  • Les Gray - solovokal, klaverinstrument
  • John Berry - bassgitar
  • Syd Twynham - sologitar
  • Phil Wilson - trommer, perkusjon
  • John Berry - bassgitar
  • Syd Twynham - sologitar, solovokal
  • Phil Wilson - trommer, perkusjon
  • Chris Savage - klaverinstrument
  • Syd Twynham - sologitar, solovokal
  • Phil Wilson - trommer, perkusjon
  • Chris Savage - klaverinstrument
  • Marc Michalski - bassgitar

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 382. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 348. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. «Stephen Glover: A prissy judgement by the PCC». The Independent (London). 20. september 2010. Arkivert frå originalen 8. januar 2007. 
  4. D'Agostino, Giulio (2001). Glam Musik: British Glam Music '70 History. s. 193. ISBN 0-595-16563-X. 
  5. Rees, Dafydd; Crampton, Luke (1991). Rock Movers and Shakers: An A-Z of People Who Made Rock Happen. s. 354. ISBN 978-0874366617. 
  6. Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 10. s. 57. ISBN 978-1846098567. 
  7. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 167. ISBN 0-85112-250-7. 
  8. Eder, Bruce. «Mud - Music Biography, Credits and Discography». AllMusic. Henta 17. mars 2022. 
  9. 9,0 9,1 «The MUD Story - The Cast». Mudrock.org.uk. 7. oktober 1947. Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 17. mars 2022. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Mud Discography - UK». 45cat. Henta 17. mars 2022. 
  11. «Mud - Slow Talking Boy». YouTube. 27. november 2011. Arkivert frå originalen 2014-05-23. Henta 17. mars 2022. 
  12. Hung, Steffen. «Forum - Top Singles of 1977 (Personal Charts: Your Special Occasion Charts)». australian-charts.com. Henta 17. mars 2022. 
  13. «Stargazer». Bristolarchiverecords.com. Henta 27. juni 2016. 
  14. «Kevin Fairburn - Bassist». Lemonrock.com. Arkivert frå originalen 17. november 2015. Henta 14. november 2015. 
  15. «The Cast». davidproffitt.co.uk. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 14. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Mud