Fuhse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuhse
elv
Fuhse in Celle.jpg
Fuhse i Celle
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 920 km²
Lengd 98 km
Kjelde Harz
 - høgd 150 moh.
Munning Aller
Kart
Fuhse
52°5′1″ N 10°29′48″ E
Wikimedia Commons: Fuhse

Fuhse er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Aller frå venstre med ei lengd på 98 km. Namnet vart stava Fuse på kart frå 1800-talet og tidlegare, og ein meiner at det kjem frå det antikke namnet Fosa, etter den germanske stamma Fosi (eller omvendt).

Ho har sitt utspring på vestsida av Oderwald, ved foten av Harz mellom Bad Harzburg og Wolfenbüttel. Kjelda ligg i kommunen Flöthe nær Schladen. Frå her renn Fuhse vestover mot Salzgitter. Ho snur nordover og renn gjennom Peine, Dollbergen og Uetze til Celle. I Celle munnar ho ut i Aller.

Den viktigaste sideelva hennar er Erse, som munnar ut i Fuhse ved Uetze.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]