Hopp til innhald

Celle i Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Celle
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Landkreis Celle
Høgd 39–73 m
Areal 176,02 km²
Folketal 70 293 (31. desember 2023)
Først nemnd i 986
Postnummer 29221–29229
Retningsnummer 05141
Bilnummer CE
Kart
Celle i Tyskland
52°37′32″N 10°04′57″E / 52.625555555556°N 10.0825°E / 52.625555555556; 10.0825
Wikimedia Commons: Celle

Celle er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg i den sørlege delen av Lünebuger Heide ved elva Aller, som er ei sideelv til Weser.

Gamlebyen i Celle.

Celle vart først nemnd i eit dokument frå 986 som Kellu, og hadde rettar til å prege sine eigne myntar (Münzrecht) på 1000-talet. I 1292 gav hertug Otto den strenge (1266–1330) frå huset Welf, som regjerte Fyrstedømet Lüneburg frå 1277 til 1330, Celle byrettar. I 1378 vart Celle residens for hertugane av Sachsen-Wittenberg og i 1433 for hertugane av Braunschweig-Lüneburg. Hertugpalasset låg i eit hjørne mellom elva Aller og sideelva hennar Fuhse. I 1433 vart det bygd ei vollgrav mellom dei to elvane og gjorde bysentrumet om til ei øy. I 1705 døydde den siste hertugen av Braunschweig–Lüneburg-linja, og Celle, i lag med Fyrstedømet Lüneburg, gjekk til Hannover. I august 1714, vart Georg, fyrste av Hannover og hertug av Braunschweig-Lüneburg (kong Georg I) konge av Storbritannia. Mellom då og 1866, då byen vart ein del av Preussen under den austerriksk-prøyssiske krigen, var Celle britisk eigedom.

Den dansk-norske dronninga Caroline Mathilde, syster til Georg III av Storbritannia, ligg gravlagd i slottskyrkja i Celle.[1]

  1. Caroline Mathilde (1751 - 1775) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Celle i Tyskland