Fury- og Heclasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fury- og Heclasundet
sund
Land  Canada
Provins Nunavut
Kart
Fury- og Heclasundet
69°49′59″N 83°00′00″W / 69.833055555556°N 83°W / 69.833055555556; -83

Fury- og Heclasundet eller Fury and Hecla Strait er eit smalt sund i Qikiqtaaluk-regionen i Nunavut nord i Canada. Det er frå 2 til 20 km breitt. Det skil Baffinøya i nord frå Melvillehalvøya i sør. Sundet knyter saman Foxesjøen i aust med Boothiavika i vest. Sundet har tidvasstraumar begge vegar, og dannar utløpet for Hudsonbukta mot Atlanterhavet.

Sundet blei oppdaga for europearane i 1822 av William Parry, og fekk namn etter dei to fartøya i ekspedisjonen hans, HMS «Fury» og HMS «Hecla».[1] Begge skipa sat fast i isen i oktober 1821, og kunne ikkje koma ut før etter åtte månader. I ventetida lærte ekspedisjonen frå dei lokale inuittane at det faktisk var eit sund dei var kome til.[2]

Sundet er nesten alltid dekka av is, noko som har gjort maritim ferdsel vanskeleg. Den fyrste gjennomseglinga var med ein isbrytar i 1948. Den fyrste gjennomsegling frå vest til aust var i 1956.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fury and Hecla Strait». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. april 2021. 
  2. W. Gillies Ross (2. februar 1960). «Parry’s Second Voyage». History Today. Henta 1. juli 2019.