Fylkesveg 5928
Fylkesveg 5928 (tidlegare fylkesveg 92 i Møre og Romsdal) går mellom Sylte og Tafjord i Norddal kommune. Vegen er 14,1 km lang.[1] Vegstrekninga frå Fjøra kai til Tafjord, kalla "Tafjordvegen", vart offisielt opna 1.juli 1982 etter at bygginga byrja hausten 1979.[2][3] Vegebana på Tafjordvegen er 6 m brei, med unntak av Muldal bru som er 4 m. Samla byggjekostnad for Tafjordvegen (10,9 km) var i 1982 rekna til 77 millionar kroner, av dette dekte Tafjord kraftselskap 35,6 millionar kroner, Olje- og industridepartementet 21,4 millionar, fylkeskommunen 14,3 millionar og kommunen 5,7 millionar.[4]
Vegen fylgjer Tafjorden mellom Sylte og staden Tafjord. Heggurtunnelen var den lengste tunnelen på ein fylkesveg i Noreg til reforma i 2010 då ei rad riksvegar vart overført frå staten til fylka.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- 63 Sylte
- Fjøretunnelen (1161 m)
- Fv93 frå Fjøra kai til Sjølbøskor (3,7 km)
- Nerhus bru (3 m)
- Heggurtunnelen (5277 m)
- Muldal bru (20 m)
- Skjegghammartunnelen (662 m)
- Endepunkt Tafjord
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statens vegvesen, Møre og Romsdal: Vegliste 1990. Fylkesvegar og kommunale vegar i Møre og Romsdal.
- ↑ Storfjordnytt http://www.storfjordnytt.no/nyhende07/32-tafjordveg.html lese på nett 13.1.2013
- ↑ Storfjordnytt 26.november 1999.
- ↑ Statens Vegvesen, Møre og Romsdal: "Tafjordvegen", udatert hefte utgjeve ved opninga.