Følblom
Utsjånad
Følblom | |
Følblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Cichorioideae |
Slekt: | Lodnefølblomslekta Leontodon |
Art: | Følblom L. autumnalis |
Vitskapleg namn | |
Leontodon autumnalis |
Følblom (Leontodon autumnalis) er ein art i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.
Planten vert kring 15 cm høg og har smale bukttagga eller oftast buktfinna snaue rosettblad. Han har snautt skaft, som øvst under korgene er tjukkare og ofte med nokre smale bladskjel. Korgdekkblada kan vere med eller utan hår. Følblomen har gule kroner, dei ytre kronene har raud stripe på undersida. Han har berre fjørstrålar i fnokken.
Følblom er ein omskifteleg art. Han blomstrar kring juli månad i beitemark og på vegkantar. Han er vanleg gjennom heile Noreg og er funnen opp til 1600 meter over havet i Jotunheimen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Höstfibbla» frå Wikipedia på svensk, den 23. august 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Følblom
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Leontodon autumnalis