Gärsnäs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°32′46.190″N 14°10′55.423″E Gärsnäs er ein tettstad i Simrishamns kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 955 innbyggjarar.

Gärsnäs er først og fremst som jernbaneknutepunkt og for fabrikken for sukkerproduksjon.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Buss og bil[endre | endre wikiteksten]

Gärsnäs ligg ved riksväg 11. På staden er det tre busshaldeplassar. Fleire ruter stoppar her, mellom anna femte linja til SkåneExpressen .

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Gärsnäs fekk det første togsambandet sitt då jernbanen Malmö-Simrishamns (MSJ) blei opna i 1882. Seinare kom linja Ystad-Gärsnäs-S:t Olof (YGS:tOJ), først og fremst for å tene sukkerindustrien. Strekninga Köpingebro-Gärsnäs blei opna i 1894, medan Gärsnäs-St. Olof opna i 1902.

Fra 2003 har det gått tog frå Gärsnäs til Simrishamn og Malmö. Gärsnes er haldeplass på Österlenbanan.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Her ligg Gärsnäs slott som har vore kjend sidan midten av 1300-talet.

Gärsnäs har ein fotballklubb, Gärsnäs AIS. Han blei stifta i 1946, og kampene blir spelt på Gärsvalla. Litt sør for tettstaden held Stiby GK til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]