Gabi Zange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gabi Schönbrunn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabi Zange
Gabi Zange-Schönbrunn 1981.jpg
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. juni 1961
Crimmitschau
Idrett lengdeløp på skeiser
Yrke skøyteløpar

Gabi Zange, fødd Gabi Schönbrunn, (fødd 1. juni 1961) er ein tidlegare tysk skeiseløpar frå Crimmitschau i Sachsen som representerte Aust-Tyskland. Ho vart europameister i 1981 og nummer to i Skeise-VM 1985, dessutan vann ho tre olympiske bronsemedaljar.

Schönbrunn tok tredjeplassen i europameisterskapen 1981 i Heerenveen. Vinteren 1984 vart ho europameister i Alma Ata før ho sikra austtysk trippelsiger då ho vart nummer tre i skeise-VM i Deventer, slått av verdsmeister Karin Enke og Andrea Mitscherlich. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo fekk ho bronsen på 3000 meter, på ny bak dei same to landskvinnene, men her med Mitscherlich på toppen av sigerspallen. Året etter vart Schönbrunn toar i Skeise-VM 1985, nesten tre tidspoeng etter Mitscherlich. Som Gabi Zange reiste ho heim frå vinterleikane 1988 i Calgary med bronsemedaljar både på 3 000 og 5 000 meter, i begge øvingane bak dobbelt gullmedaljør Yvonne van Gennip frå Nederland og dobbelt sølvmedaljør Andrea Ehrig-Mitscherlich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]