Gabriel Øidne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Øidne
Fødd11. februar 1918
Død4. april 1991
NasjonalitetNoreg
Yrkegeograf, historikar
Alma materUniversitetet i Oslo

Gabriel Øidne (fødd 11. februar 1918 i Konsmo, død 1991) var lektor, geograf og statsstipendiat frå Audnedal.

Han hadde artium frå 1938 og vart cand.philol. i 1951 på avhandlinga Audnedalen. Han arbeidde som lektor i Kristiansand frå 1959 til han vart utnemnd til statsstipendiat i 1973. Tidlegare hadde han vore stipendiat ved Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt (1951-53) og ved NAVF 1955-59.

Forfattarskapen hans omfattar mellom anna Østkant og vestkant i Oslos politiske historie : sosial og politisk struktur i Oslo 1906-69 (1973) og artikkelen Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet (Syn og Segn, 1957).