Gaisberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 47°48′20″N 13°06′45″E
Gaisberg
fjell
Gaisberg0.jpg
Utsyn mot Gaisberg frå Leopoldskron
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Dei nordlege kalksteinsalpane
Høgd 1 288 moh.
Koordinatar 47°48′20″N 13°06′45″E
Austria location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gaisberg, Salzburg

Gaisberg er eit fjell aust for Salzburg i Austerrike. Det høyrer til Osterhorngruppe (ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane) mellom Lammertal og Wolfgangsee. Det går ei bussrute frå Salzburg til fjellet, som er ein populær vintersportsstad, og som kan tilby andre fritidsaktivitetar som turgåing, fjellsykling og paragliding. På toppen av fjellet står ein 100 m høg TV- og radiosendar, som vart bygd i 1956. Frå 1887 til 1928 gjekk det ein tannhjulbane, Gaisbergbahn, frå byen og til toppen av fjellet, men i 1929 vart denne lagt ned då dei bygd veg til toppen.

Paraglider som fyk austover frå toppen av Gaisberg

Gaisberg-løpet[endre | endre wikiteksten]

Gaisberg-løpet var eit bil- og motorsykkelløp mellom 1929 og 1969, som ein del av det europeiske meisterskapen i bakkeløp. Det første løpet gjekk 8. september 1929 med 83 deltakarar. Fleire kjende Formel 1-førarar og andre billøp-førarar har deltatt i løpet.

I 2003 starta ein opp att det historiske løpet, og i 2004 feira ein 75-årsjubileum. [1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]